Bokbloggarar mot rasisme

I dag skulle eg eigentleg vere med på ein kampanje etter initiativ frå Jessica bak bloggen  “Ord och inga visor”. I alt førjulskaoset, og med ein aktiv eittåring som har sabotert alle forsøk på reingjering og pynting har det vore vanskeleg å få rom til å blogge dei siste dagane. Jessica si oppfordring var i og for seg enkel: Skriv eit innlegg med antirasistisk innhald og tagg det på Twitter med taggen #bokbloggaremotrasism (på svensk, ja).

Eg har gått heile veka og tenkt på kva for nokre bøker eg kan tenke meg å skrive om. Eg har tenkt på bøker eg har lese for lenge sidan, som Ruth Maiers dagbok av Jan Erik Vold, om den jødiske kvinna som er blitt kalla “Norges Anne Frank”, som blei myrda i Auswitch, bare 22 år gammal, eller Anne Franks dagbok. Eg har vore inne på tanken om å trekke fram den heilt ferske YAHYA HASSAN. DIGTE endå ein gong og eg har lurt på å skrive om Ett öga rött av Jonas Hassan Kehmiri, som òg er ein nyare roman som skildrer oppveksta til skandinavisk innvandrarungdom. Eg har vore inne på tanken å skrive om motstandsdiktaren Nordahl Grieg sitt dikt, “Til ungdommen”, som blei aktualisert igjen i tida etter 22. juli 2011. Og eg har tenkt på om eg skal skrive om nasjonlistisk litteratur før og nå, litt meir generelt.

Men det blei med tanken. Eg rakk ikkje skrive om rasisme, verken om rasisme i nyare eller eldre litteratur, men eg synest initiativet til Jessica og denne bloggkampanjen er viktig. Derfor oppfordrer eg alle til å gå innom Twitter, søke opp #bokbloggaremotrasism og lese kva ulike svenske og norske bloggarar har skrive.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s