Bokhyllelesing i 2014 – ei utfordring

Denne hausten har det velta inn med leseeksemplar frå forlaga. I tillegg har eg kjøpt fleire bøker eg har lyst til å lese. Eg har nesten ein meter nye bøker frå 2013 og eg merker at eg blir litt stressa. Når skal eg få tid til å lese alt? Og når skal eg få tid til å lese alle bøkene som ikkje er nye, dei femti e-bøkene eg har på lesebrettet mitt? Alle 2012-bøkene eg ikkje rakk i 2012? Alle 2011-bøkene eg ikkje rakk i 2011?

Veldig mange bloggarar, meg sjølv inkludert, har saman med andre medier vore med på å dyrke fram ei ferskvaretenking, når det gjeld bøker. Forlaga sender ut nye bøker, mange får forhåndseksemplar og veldig mange skriv om dei bøkene som har komme ut det siste halve året. Eg liker å lese nyutgivelsar og kjem til å fortsette med det. Det er spennande å følgje med på kva som kjem og det er kjekt å føle at ein er oppdatert. Men bøker er ikkje ferskvare. Innimellom dukker det sjølvsagt opp bøker som blir aktuelle fordi dei skaper samfunnsdebatt, som Yahya Hassan si diktsamling eller Karl-Ove Knausgård sin seksbindsroman, Min kamp. Og då kan det jo bety litt å følgje opp boka som har nyheitsinteresse. Og innimellom blir gamle bøker aktuelle på ny gjennom filmatiseringar, slik som The Great Gatsby og Anna Karenina eller ved at forfattaren vinn store prisar, slik som Alice Munro, som vann Nobelprisen i år. Gamle bøker kan og bli aktuelle ved at forfattaren kjem på Norgesbesøk, slik som når Chimamanda Adichie var i Oslo tidlegare i haust. Men det er ein stadig aukande tendens til å tenke på bøker som ferskvare. Det er synd, for det kan bli langt mellom dei verkeleg gode bøkene, når eg bare fokuserer på årets bøker. I haust har eg begynt på, og ikkje lese ferdig, fire-fem av haustens nye bøker, fordi dei ikkje er gode nok til at eg gidder bruke opp lesetida mi på dei. Samtidig er bokhylla full av bøker som eg har trua på at er gode, som eg ikkje har fått tid til å lese. Dei aller fleste bøkene som var gode i 2004 er framleis gode i dag.

Eg har ganske mange hyllemeter gamle klassikarar, etter å ha abonnert på Bokklubbenes Verdensbiblioteket i over ti år, med den intensjonen at eg vil lese meir verdenslitteratur. Eg har store deler av forfattarskapen til Sigrid Undset, Per Olof Enquist, Knut Hamsun, Göran Tunström, Trude Marstein, Karl-Ove Knausgård, Virginia Woolf, Dag Solstad, Doris Lessing og Thomas Espedal, kjøpt inn med intensjonar om å lese som bare er parkert i bokhylla. Ein del av bøkene er kjøpt inn til full pris, og det er jo bare tøysete å kjøpe bøker til full pris og ikkje rekke å lese dei før mai neste år, då kan eg like gjerne vente til fastpristida er gått ut. Det er tross alt betre å kjøpe bøker eg ikkje rekk lese på mammutsalget, men det er dumt det og, så lenge dei ikkje blir lesne.

Nå håper eg du tenker “Du ække aleine, det er mange som har det sånn!” For viss du gjer det, kan du bli med på bokhyllelesing i 2014. Det er ein slags lesesirkel. Eg seier “ein slags”, fordi vi ikkje kjem til å lese dei same bøkene, nødvendigvis.

20131204-132602.jpg

 

Du kan melde deg på her.

Opplegget blir slik:
Eg deler året inn i åtte bolkar, med omlag 1,5 månad på kvar bolk. Eg trur ei bokhyllebok i månaden blir litt heseblesande og eg vil ikkje konkurrere med allereie eksisterande lesesirklar.

Kvar bolk får eit kriterium, som for eksempel “Skandinavisk bok frå før 1950”, “Bok frå eit u-land”, “Nobelprisvinnar”, “Bok frå 2000-talet”, “Novellesamling” eller “Bok som opprinneleg er skriven på spansk”, eller noko heilt anna. Poenget er at kategoriane skal vere vide nok til at alle kan delta med det dei har i sine bokhyller, samtidig som dei skal vere avgrensa nok til at vi har noko til felles.

Eg vil lage ei eiga fane her på bloggen, kor du kan melde deg på og skrive kva for ei bok du har lyst til å lese, i dei ulike bolkane. Du kan vere med på ein eller åtte etapper i året, det bestemmer du heilt sjølv. Du treng ikkje melde deg på før i siste liten, heller. Og det er lov å slenge seg med i løpet av bloggveka, for dei som vil det.

Det blir sett av ei veke til å blogge om dei ulike bøkene. I løpet av veke nummer 6, 12, 18 og så vidare, skal ein skrive om boka ein har lese. Dersom du har lyst til å delta utan at du har eigen blogg er det og mogleg. Om du vil, kan du delta ved å skrive kort i kommentarfeltet og om du har lyst til å skrive meir, kan du skrive eit gjesteblogginnlegg her på “mellom linjene” om di bok.

Eg kjem til å lage ei oversikt over bøkene eg har i bokhylla mi, før 1. januar. Det er ikkje eit krav, men dersom du har lyst, kan du og lage ei slik liste.

Vil du vere med å lese ut av bokhylla di?

38 comments

      • Eg har ingen problem med å skjønne det, altså. Eg har altfor mange norske 2013-bøker eg har lyst til å lese før nomineringa til bokbloggerprisen, sjølv. Apropos heseblesande ferskvarefokus… Og ja, det høyrest kjent ut. Dei siste to åra har eg blitt flinkare til å bruke bibliotek og e-bøker, noko som jo er veldig plassbesparande. Men eg slit litt med at eg synest bibliotekbøker er skitne. Eg var akkurat komme over aversjonen min mot bibliotekbøker, då eg las om herpessmitte i bibliotekbøker for ei drøy veke sida i Dagbladet. Ikkje at det er smittsomt, etter å ha tørka inn i bokblad, men likevel. Så nå er kjøpelysta på veg tilbake igjen. Men eg skal bli flinkare til å gi bort bøker eg ikkje trur eg kjem til å lese fleire gonger. Eg hadde eit raid for eit drøyt år sidan, kor eg donerte nokre pappesker med bøker til skulebiblioteket der eg jobba før. Og det er jo win-win, då blir ein kvitt bomkjøp og får rydda hyllene, samtidig som andre får glede av dei seinare.

        • Jeg er dårlig på å bruke biblioteket, til tross for det flotte vi har her i Drammen. Og jeg ser den med at bøkene kan virke skitne. Jeg er for eksempel veldig glad i å handle brukt, men da har jeg en forestilling om at boka ikke er blitt lest av kjempe mange. Ellers er jeg veldig glad i bibliotek som institusjon.
          Og så må jeg innrømme at jeg er verdens dårligste Kindleeier. Jeg glemmer at jeg har den! Ja, og så kjøper jeg bøkene i papir i etterkant dersom jeg liker dem godt.

          • Ja, eg er og glad i biblioteket som insitusjon. Då eg var yngre pleide eg ofte sitte på biblioteket og lese, det var eit veldig fint bibliotek på Sandnes. Men her er ikkje mitt lokale bibliotek så innbydande til akkurat det. Likevel, eg sitt gjerne på hovudbiblioteket i byen og les ein ettermiddag. Men eg liker ikkje bøker som er for godt brukte.

            Eg liker veldig godt lesebrett og eg les mykje på Kindle-app på telefon og iPad når eg les om natta (då slipp eg å skru på lys og vekke mann og barn), men eg må innrømme at eg gleder meg til å flytte barnet på eige rom, slik at eg kan ha på leselys på natta igjen. Men eg synest e-bøker er veldig praktiske, særleg i og med at eg bruker mykje tid kvar veke på venterom av ulikt slag. Der er det jo bare vekeblad som er minst like skitne som bibliotekbøkene.

    • Så dumt med Munro, men sånn er det. Ein rekk aldri alt. 🙂 Eg les Too Much Happiness og det er veldig sterke noveller.

      Og kjekt at du blir med. Eg fekk ideen etter at vi laga 174-beste-bøker-lista. Det var mange titlar der som eg har i hylla, som eg ikkje har lese endå.

      • Ja, jeg holder fremdeles på med The Luminaries – den er veldig god, og så må jeg få lest litt mer norsk før året er omme.:-). Det er mulig at jeg kan få til å lese en novelle og skrive litt om den. Vi får se.

        Jeg har veldig mange uleste bøker i hyllene mine, og selv om jeg har kjøpt dem fordi jeg ønsker å lese dem, så klarer jeg ikke kontrollere bokkjøpslysten min og nye bøker kommer i hus mye kjappere enn jeg klarer å lese dem. Dette prosjektet er derfor helt gull! Kjempebra 🙂

  1. Jeg er definitivt med! Hvert år har jeg som mål å lese mer fra egen hylle, men det blir som regel bare med tanken. Jeg tror at jeg trenger et mye mer strukturert opplegg for å få det til. Kategoriene dine er åpne nok til at jeg har haugevis av bøker som passer, og åtte bøker skal jeg klare. Det er ofte når jeg leser gamle bøker fra egen samling at jeg finner de virkelig gode bøkene. I år var det The Handmaid’s Tale og Populærmusikk fra Vittula. Jeg gleder meg allerede!!

    • Så bra! Eg trur absolutt at det er mykje å hente når ein les gamle bøker frå eiga samling. Viss eg ser vekk i frå bøker eg har gløymd å avbestille i bokklubbar og liknande, kjøper eg stort sett bøker fordi eg har trua på at dei er gode. Men eg treng og meir struktur, for å ikkje bare lese det som ligg øvst i bunka (for det er jo gjerne det som kom i hus sist, og som ikkje har komme seg inn i hylla endå). Og ja, det er eit mål i seg sjølv at kategoriane skal vere åpne nok til at det skal vere mogleg å finne mange bøker som passer. Då er det mogleg for mange å delta, sjølv om folk har ulik smak og ulike preferanser når det kjem til litteraturval.

  2. Det låter som en trevlig utmaning, Björg. Jag vill gärna vara med- om jag nu har passande böcker förstås. Jag har många så kallade hyllvärmare och det mesta jag läser är ganska gammalt så jag tror väl att det ska gå vägen. Jag ska försöka få ihop en lista under helgerna.

  3. Du er absolutt ikke alene om dette! Jeg har kjempelyst til å være med! Får så dårlig samvittighet når jeg ser på bokhyllene mine og ser alt som aldri blir lest.. Jeg tror dette blir veldig, veldig bra 🙂

  4. Åh, så fint bokhyllebilde!

    Jeg tror jeg er med – men er, i motsetning til de fleste andre her – usikker på om jeg har nok bøker. Tror jeg har lest ca. 80% av bokhylla mi, og det er noen av kategoriene jeg er usikker på om jeg klarer å finne passende alternativer til. Men det blir jo gøy å prøve!

    Selv har jeg en tendens til å lese veldig lite ferskt. I 2012 leste jeg tre bøker som hadde kommet ut det året, og det blir nok noe det samme i år. Sånn sett passer jo utfordringen perfekt. Jeg liker også “løse” lesesirkler veldig godt.

    • Det er jo ganske imponerande, då! Og då er jo dette tilpasse dine lesevanar allereie. Eg trur kategoriane skal vere såpass åpne at det skal gå an å finne noko som passer folk med ulik litteratursmak, det er i alle fall det som er poenget. Eg liker og litt “lause” lesesirklar. Det gir litt fellesskap, utan at det kjennest som eit pålegg å delta. For meg er det viktig at ein kan delta når ein orker og med det ein vil, samtidig som det blir ei litt samlande greie utav det.

    • Og biletet er frå mi bokhylle, forresten. Eg skal rydde litt meir inne på det rommet og ta eit heilfigurbiletet, med det same eg tell opp bøkene mine.

  5. Så lurt! Jeg liker denne, med så åpne kategorier finner man alltid noe. Ja, det er altfor mange uleste i bokhyllene her også. Jeg leser ikke så mye nytt av året, men i år har det blitt flere enn før. Jeg liker best å variere, men det er fint å få et spark til å se ekstra nøye i sine egne hyller. Apropos, jeg skal nå lukke pcen og lese ut min første novellesamling av Munro. Det har vært en stor leseglede så langt! Gleder meg til 10. og alle anmeldelsene.

    • Lukke pcen og lese er lurt ja. Det skal eg og gjere i kveld. Eg kjenner Munro tar tid, for eg klarer ikkje meir enn ei novelle i slengen. Eg må stoppe og fordøye.

  6. Æ e me, du ække aleine.:) 🙂
    Har mer en 100 uleste i hylla/kassene, så det er fint å få gjort noe med det, selv om jeg også i år har hatt en slik utfordring for meg selv.. 🙂

  7. God idé – og eg trur at eg blir med – men eg har ikkje så veldig mange uleste bøker i hylla. Eg er fyrst og fremst ein lånar, ikkje ein kjøpar.

  8. Denne utfordringen tar jeg på strak arm. Har hatt for 2013 et OTS mål som overhode ikke holdt (fire pr. mnd – er det rart det gikk skeis…) – kanskje jeg nå klarer Off The Shelf målet for 2014 med å være med i sirkele!n din? Satser på det. Har altfor mange meter ulest her i hyllene – spesielt om jeg tar med sambo’en sine hyllemeterbidrag – så her er det nok å velge i, for å si det sånn. Flott tiltak! Dette var et praktisk spark bak 🙂 Eg e me!

  9. […] lese Proust. Ellers har jeg ingen planer eller lister, siden jeg ikke greier å følge dem heller. Inspirert av Bjørg fra mellom linjene har jeg tenkt til å gå løs på bøker fra bokhylla mi, for der har det hopet seg opp med uleste […]

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s