Hemmelig nisse-post

Sidan eg er ein sucker for gaver, overraskelsar og liknande, kasta eg meg over moglegheita til å vere med på Hemmelig nisse, då Lattermild inviterte til dette tidlegare i haust. Kjære nisse, eg beklager at eg er så treig med å poste dette innlegget. Eg har vore så opptatt av kva eg skal gi til min gavemottakar at eg heilt har gløymd heile ønske-innlegget.

* Hvilke(n) sjanger(e) leser du helst?
Tja… Eg er ein ganske allsidig lesar, eigentleg. Eg foretrekk nok bøker som til ei viss grad har ei realistisk ramme og som på eit eller anna plan har rot i verkelegheita. Hittil har eg i alle fall hatt lite suksess når eg har prøvd meg på fantasy og sci-fi. Eg har tenkt å bli flinkare til å lese dei store internasjonale klassikarane framover, så det blir i alle fall godt mottatt. Eg er veldig glad i diktsamlinger. 

* Har du en favorittforfatter? Og har du/har du lest alt av ham/henne (altså: Er det noe poeng i å sende deg en bok av den forfatteren eller ikke)?
Eg har fleire favorittforfattarar. Jon Fosse, Gunnar Ekelöf, Haruki Murakami, Paul Auster, Siri Hustvedt og Helle Helle. Eg har lese mykje av desse, men langt frå alt. Gunnar Ekelöf, Siri Hustvedt og Haruki Murakami har eg heile forfattarskapen til i bokhylla. Jon Fosse har eg mesteparten av prosaen og poesien, men få skodespel. Eg har og mykje av Auster, men eg ønsker meg dei nyaste bøkene hans på engelsk.

* Leser du på andre språk enn norsk? Hvilke?
Eg les svensk, dansk og engelsk i tillegg til norsk. Eg vil friske opp tysken frå vidaregåande, så enkle bøker på tysk kan vere morsomt å få. Men eg er ikkje klar for eit veldig avansert språk her.

* Hører du på lydbøker? I hvilket format, i så fall?
I veldig liten grad. Eg blir så irritert over at opplesarane alltid les for fort, for sakte eller uttaler ting på feil måte. Så nei.

* Samler du på bøker av noen spesifikk forfatter eller av en spesiell type eller med et spesielt tema?
Dei bøkene eg ikkje har lese endå som står på 1001-lista, vil eg gjerne samle på.

* Har du noen lister over hva du har lest og/eller hva du eier, i så fall hvor?
Eg har liste over bøker eg har lese dei siste åra her i bloggen og i den gamle bloggen min.

* Hva er du ute etter når du leser? (Ut)dannelse, eventyr, romantikk, hjernetrim, nye erfaringer eller noe helt annet?
For at eg skal synest ei bok er god, må ho utfordre meg. Så eg er nok nærmare (ut)dannelse, hjernetrim og nye erfraringar enn eventyr og romantikk. Men eg synest det er vanskeleg å svare veldig konkret på slikt. Nokre av favorittforfattarane mine er eg glad i fordi eg liker språket og stemingane dei skriv fram. Andre liker eg fordi dei utfordrer meg med ny kunnskap.

* Finnes det noen sjanger eller forfattere du IKKE vil lese?
Eg trur eg har gitt fantasy-, eventyr- og science fiction-litteraturen mange nok sjansar. Eg har prøvd meg på både David Eddings og Terry Pratchett, utan vidare suksess. Ringenes Herre pinte eg meg gjennom av prinisipp i tenåra, fordi eg følte eg burde ha lese ho. Eg er heller ingen stor-lesar av moderne krim, men eg har likt Jo Nesbø og Stieg Larsson sine bøker. Men eg vil ikkje seie at eg ikkje les krim, for eg les “gammaldags britisk krim”, som Agatha Christie og P. D. James, type krim som er meir puslespel enn action og drama.

* Hva har du lest (eller påbegynt) og tenkt «Aldri mer!» om?
Eg er ganske snar med å legge bort bøker som eg ikkje liker. Mo Hayders Tokyo la eg bort etter 70 sider. Det same gjeld Jørn Lier Horst og Liza Marklund. Eg orka ikkje lese ferdig 1000 strålende soler eller Tilbake til Riverton heller. Bøker som ikkje gir meg noko, legg eg bort.

* Finnes det noen forfatter eller sjanger du har tenkt å lese, men som du ikke har kommet deg til ennå?
Ja, mange. Altfor mange! Når skal eg eigentleg rekke å lese alt eg har lyst til? Eg har akkurat oppdaga Alice Munro og Margaret Atwood, begge vil eg veldig gjerne lese meir av! Elles er eg nysgjerrig på Christoph Ransmayr, Georges Perec, Steinar Opstad og Cecilie Løveid. Og heilt sikkert mange fleire, som eg ikkje kjem på i farta.

* Er det noen bøker du leter etter og som du skulle bli særlig glad for å få?
Eg er som sagt veldig glad i dikt, særleg skandinavisk lyrikk frå 1920-1960-talet. Eg ville blitt veldig glad for ei diktsamling av Gunvor Hofmo, Karin Boye eller Stein Mehren.

* Har du noen hobbyer utenom lesing?
Eg liker å strikke, sjå gode filmar og så er eg glad i å lage god mat.

* Samler du på noe?
Nei, eg har ingenting anna enn bøker eg samler på.

* Hva er favorittfargen din?
Eg er glad i klare, sterke fargar, spesielt haustfargar som sennepsgul, grønn og brun. Eg liker og fargar i gråtonar og lilla, men eg styrer helst unna pastell.

* Har du noen favoritt-tv-serier eller favorittfilm?
Eg har sett begge sesongane av Broen og alle tre sesongane av Forbrydelsen, men eg er veldig glad i denne typen langsomme krimseriar, kor etterforskarane tar seg god tid til å forsøke å løyse opp ei sak. Eg er òg svak for kostymedrama i alle tenkelege variantar, BBC-varianten av Stolthet og fordom og Downton Abbey er store favorittar. Elles ser eg relativt lite på TV, for å få tid til å lese bøker.

* Foretrekker du te eller kaffe? Eventuelt hva slags?
Eg drikk begge deler, og det meste utanom grønn te. Kaffen min lager eg med aeropress, så eg foretrekk filtermalt eller espressomalt kaffe, gjerne litt mørkbrent. Av te går det mest av koffeinfri te på kvelden, eg er spesielt glad i kryddertear med mykje smak som Pukka og Yogi sine tear.

* Hva slags snop liker du best?
Eg prøver å vere forsiktig med snopemengden, men eg spis alt utanom marsipan. God sjokolade og god lakris er eg spesielt glad i.

* Hva er din marerittjulegave?
Det var eit vanskeleg spørsmål. Så lenge det ligg omtanke bak gaven trur eg eg ville blitt glad for det meste. Bortsett frå eit dyr, det måtte vore eit mareritt, å fått ein katt eller ein hund eller noko slikt som eg måtte ta vare på.

* Hva er din drømmejulegave?
Eg god bok, så klart. Eg får veldig sjeldan bøker i julegave, fordi folk meiner eg har så mange bøker at det er vanskeleg å gi meg noko. Men eg blir alltid glad for bøker eg ikkje har lese frå før.

* Er du allergisk mot noe, eller er du for eksempel veganer (viktig punkt!)?
Nei.

One comment

  1. Hei, din hemmelige nisse her! Takk for inspirasjonen, jeg tenker så det knaker og har allerede noen ideer for pakken som snart er på vei til deg. Ønsker deg ei fredelig førjulstid og lykke til med ditt eget oppdrag:)

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s