Adams arv

Adams arv
Astrid Rosenfeld
Omsett av Astrid Nordang
Cappelen Damm 2012.
Tyskland, 2011.

Rosenfeld_AdamsArv

Lyran skriv ein av dei bloggane eg ofte ser til for å få boktips. Sist eg var på biblioteket, hadde eg notert meg boka Adams arv, debutromanen til tyske Astrid Rosenfeld, har fått god mottaking både i Tyskland og i Sverige. Ungdomsromen blei omsett til norsk i 2012, men ser ikkje ut til å ha fått nevneverdig merksemd i Norge.

Ein roman i tre deler

Adams arv er ein romanen i tre deler. Den første delen er lagt til Edward Cohen si oppvekst i Berlin i tida rundt murens fall. Edward får stadig høyre kor lik han er Adam, er ein fjern slektning som bare forsvann. Den andre delen er brevet som Adam skreiv til sitt livs store kjærleik, Anna, ho han ofra alt for. Den tredje, og kortaste delen, handler om Edward som har lese ferdig boka til Adam og reiser til USA for å møte den 90 år gamle Anna og fortelje henne at ho var Adam sin store kjærleik, og samtidig finn svar på kva som skjedde med Anna etter krystallnatta.

Den midterste delen, “Adam”, som handler om Adam sitt liv er den desidert sterkaste. Vi får sjå verda gjennom blikket til den unge mannen som blir omtalt som “litt tilbakeståande” og det er her forfattaren har si styrke. Del to er så god at eg gløymer alle svakheitene eg har notert meg frå første del. Del tre, “Adams arv”, som liksom skal runde av og oppsummere og flette saman trådar punkterer heile den gode del to, og eg blir minna om kor svak den første delen er. Eg er ikkje i tvil om at Adams arv hadde vore ein langt betre roman om del to hadde stått aleine.

Å forstå det uforståelege

Adams arv er den tredje romanen eg les frå 2000-talet kor det enkle og barnlege perspektivet er utgansgpunktet for forsøket på å forstå andre verdskrigen. Boktyven og The Boy with the Striped Pyjamas har begge det til felles med Adams arv at dei prøver å fortolke den uforståelege tragedia gjennom blikket til barnet som ikkje forstår kva som foregår og korfor samfunnet endrer seg. I Adam sitt tilfelle er det ein tilbakeståande ungdom og ung voksen mann. Likevel, det barnlege og litt enkle perspektivet er heilt klart.

Spørsmålet vi gjerne stiller oss når vi les historia om den europeiske mellomkrigstida er knytta til korleis dette kunne skje. Korleis kunne Hitler komme til makta og korleis kunne folk støtte opp om jødehatet og den umenneskelege raseteorien hans? Korleis kunne vanlege folk bli SS-soldatar, knuse butikkvindauga i ghettoen i Berlin den 9. november og korleis kunne så mange mennesker bli eksportert og gassa ihjel? Korleis kunne gjennomsnittstyskaren støtte opp om dette menneskesynet? Korleis kunne dei som utførte oppdraga verkeleg utføre desse oppdraga? Dette er spørsmål dei fleste stiller seg, når dei høyrer om den andre verdskrigen. Dette er òg spørsmål det er svært vanskeleg å svare på og bearbeide i litterær form.

Den seinare tida har det vore gjort fleire forsøk på å bearbeide dei kollektive minnene frå krigen litterært, gjennom det barnlege og enkle blikket, blikket til den som ikkje forsår kva som eigentleg foregår rundt han. Som gutten med den stripete pyjamasen, som den vesle jenta som stel bøker og nå som den lettare tilbakeståande jødiske gutten, Adam. Vi klarer ikkje å leve oss inn i forteljinga til den voksne mannen som med viten og vilje støtta opp om maktapparatet til Hitler og deltok i det nasjonalistiske prosjektet hans. Vi kan ikkje leve oss inn i det og vi kan ikkje sjå historia frå den synsvinkelen. Vi kan leve oss inn i historia til offera og vi kan stille oss utanfor og sjå på det som skjedde med barnet sitt blikk, med det blikket som eigentleg ikkje skjønner kva som foregår rundt ein.

Adam sitt blikk

I den delen av Adams arv som fortel Adam si historie, får vi leve oss inn i historia gjennom blikket Adam. Bestemora som alltid har sett på Adam som sin yndling, vil ikkje høyre snakk om at han er annleis. Når Adam forelsker seg i Anna, som blir borte under krystallnatta, får bestemora hjelp av den gamle vennen sin, Sturmbannführer Bussler. Dei utstyrer Adam falske papir og nytt namn, og som den ariske tyskaren Anton Richter reiser Adam til Krakow for å leite etter Anna. I Krakow følgjer vi Anton Richter som får jobb som roseforedlar hos ein general. Den unge jødiske mannen blir innvolvert i det innerste nettverket rundt generalen. Adam som ikkje ein gong klare å lære namnet på Hitler, men som stadig kaller han August, skjønner ikkje kva som skjer. Han skjønner ikkje korfor folk går rundt med stjerner på armane og han skjønner ikkje kva folk rundt han snakker om. Og gjennom det enkle og barnlege blikket til Adam, får lesaren eit referat frå høge herrane i SS sine samtaler. Grepet med å plassere denne uforståande betraktaren så nær nazistleiarane, gir eit nyanserande innblikk i nazistane sin tankegang, utan at lesaren blir stild i ei konflikt med tanke på kor han skal plassere sympatien sin.

Det er ei elelgant oppbygd distanse mellom Adam og lesaren. Som lesarar skjønner eg samvittigheitskvalene til sturmbannführer Bussler, den enorme angsten for å bli avslørt og nervøsiteten for at Adam skal røpe at han har fått hjelp. Lesaren som kjenner historia forstår korfor jødane må gå med stjerner på kleda og skifte namn til Israel i passet sitt. Det at eg som lesar forstår så mykje meir enn hovudpersonen Adam gir boka eit komisk og tragisk aspekt samtidig. Det er til tider nervepirrande å lese om korleis den uforsiktige jødegutten med arisk namn og papirer beveger seg rundt saman med nazist-leiarane. Det er tragisk at han ikkje skjønner omfanget av den verkelegheita han sjølv står midt oppi. Og samtidig oppstår det ein slags komikk, som gjer at alt det dystre og tragiske i blir håndterbart for meg som lesar. Det at Adam ikkje forstår, gjer teksten lettare og demper alvoret i den enorme tragedia han står midt oppi.

Hauptscharfüreren kjørte meg til leiligheten. Jeg overtalte ham til å bli litt til, og gå og ta en dram med meg. Etter at han hadde parkert bilen utenfor huset, tilbakela vi den korte strekningen til vertshuset til fots. Jeg hadde så mange spørsmål og håpet at denne noe glatte SS-mannen i det minste ville kunne svare på et par av dem.
Han var svært forsiktig med alt han sa. Bussler hadde fått et nervesammenbrudd. Og han var ikke den eneste. “Forrige uke hadde vi en Obersturmbannführer her. Fyren gjorde ikke annet enn å skrike … De fikk sendt ham til Berlin. Rekonvalens. Tørna fullstendig.”
“Hvorfor det?” spurte jeg.
Pepenbeck målte meg med et kritisk blikk. “Vel, det er ikke barnemat, der borte i Østen,” sa han lavmælt idet vi kom inn i vertshuset.
Hermann, verten, gjenkjente meg og forhørte seg om Bussler, som han ikke hadde sett på lange tider.
“Sturmbannführer Bussler er dessverre syk.”
Hermann satte en god flaske whiskey på bordet vårt.
“Da får de ønske ham god bedring fra meg,” sa han og gikk bak disken igjen.
“Har De også vært i Østen?” spurte jeg Hauptscharfuhreren idet jeg fylte glassene våre.
“Bare et par dager, men det holdt lenge for meg.” Han lo.
“Er De også i SD?”
Han nikket og strøk tankespredt over de to bokstavene på ermet.
“Kjenner De Bussler godt?”
“Jeg sto under ham, men ikke særlig lenge.”
“Det forundrer meg at han ble sendt tilbake. Han har egentlig nerver av stål”.
Peppenbeck bet meg av: “Så vet De da heller ikke hva som foregår. Som sagt, Strumbannführeren er ikke den eneste … Han …”
Jeg etterfylte og ventet til han omsider, forført av den førsteklasses whiskeyen, fortsatte å snakke.
“Det er ikke lett. Kvinner og barn … Selv om de er jøder, likevel …”
Jeg nikket forståelsesfullt. “De mener gettoene?”
“Gettoene? Nei.” Han lo bittert.
Hauptschrführeren skiftet tema og fortalte meg om sitt Dengang: Selibåter, en kvinne ved navn Theresa og et jusstudium i München”. (s. 234).

4 comments

  1. Den boka høyrtes bra ut!! Eg skal lese den, heilt klart. Eg liker bøker som med eit meir barnleg perspektiv. Det er ein veldig særeigen måte å skrive på, synes eg, men ein skal meistre det for at det skal bli bra. Eg håpar at eg synes Nordang meistrar det 🙂 Har veldig mykje å seie for ei bok korleis hovudkarakteren tenkjer i forhold til alderen. Det var kanskje det eg reagert mest på ved Rossnays bok Saras nøkkel. Sara var ein overdriven reflektert person syntes eg, og ho tenkte veldig vaksne tankar, som eg ikkje trur at eit barn på ti år vanlegvis til tenkje. 🙂

    Veldig bra omtale. Skal søke boka opp på biblioteket sine nettsider no 🙂 Håpar dei har ho inne!

    • Eg har ikkje lese Saras nøkkel, men eg er einig i at det er stor fallhøgde når ein prøver å legge synsvinkelen til eit barn. Eg las dei første 50 sidene av Mamma er en countrysang som kom ut i fjor haust, men den måtte eg bare legge bort for den fungerte ikkje. Men i del to av Adams arv (som er den delen som er god og som gjer boka verdt å lese!) fungerer det veldig bra.

      Pass på å søk på Rosenfeld. 🙂 Nordang er omsettaren.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s