Kritikk av kritikken

Bokbloggaren blir framstilt som ein glad amatør, ein «bejublande» bokelskar som utan evne til refleksjon deler ut høge terningkast til bestselgjarar og skryt over «blurber» på forlagsnettsider og bokomslag. Alternativt er bokbloggaren ein ambisøs strebar som venter på å bli oppdaga og tilsett av ein redaktør. Dei siste vekene har det vore fleire store debattar om bokbloggarane sin posisjon i forhold til den profesjonelle kritikken, både i Trondheim (som Adressa, Ragnhild og Randi har dekka) og på Litteraturhusets Symposium 2013 (som Ingalill har skrive godt om). Desse debattane er prega av kunnskapslause generaliseringar om blogging og fordomsfulle stereotypiar om bloggarar.

Bokbloggarane sin aktivitet på Internett blir stilt opp mot litteraturkritikarane si verksemd i meir etablerte medier. «Bokblogging er bejublende amatørisme» sa Sindre Hovdenakk på vegne av den profesjonelle kritkken i paneldebatt ved Trondheim folkebibliotek den 24. oktober. Kjerna i Hovdenakk sin kritikk er den same som kjerna i Bernhard Ellefsen sin kritikk mot bloggarar i Vagant, i mai 2012: «Man kan ta seg i å bli dystopisk når den studentikose «kjærligheten til litteraturen» skal leses på linje med kritikken til en Ane Farsethås eller en Espen Søbye.» Kritikken mot bloggaren dreier seg om at han ikkje er profesjonell, og profesjonalitetsomgrepet som både Klaus Rothstein, Anette Garpestad, Marta Norheim og Sindre Hovdenakk bruker er knytta til det å ha ein redaktør.

Tekstkompetanse

Blogg er, som kritikarane peiker på, eit medium som kven som helst kan ta i bruk. Det er enkelt å opprette ein blogg, skrive om noko ein liker, for eksempel bøker. Ein treng ikkje ein gong lese korrektur på innlegget sitt før ein publiserer det.

Dermed er bloggen eit medium som stiller høge krav til lesaren og lesaren si evne til å sjølv vurdere kvaliteten på det han eller ho les. Denne kompentansen er det rimeleg å anta at dei profesjonelle litteraturkritikarane har. Det er påfallande mange av dei som lever av å drive med litteraturkritikk, som viser mangelfull kompetanse når det kjem til å vurdere bloggtekstar. Ellefsen har rett i at ein kan ta seg i å bli dystopisk på den profesjonelle kritikken sine vegne, når representantane for denne yrkesgruppa ikkje klarer å skilje mellom skitt og kanel, når det blir presentert gjennom bloggmediet

Å snakke om samtlege norske bokbloggar som om det skulle vere ein og same tekst, er like kunnskapslaust og fordummande som å seie at ei bok er ei bok. Dersom ein oppsøker norske bokblogger, vil ein finne alt frå lange essay, som like gjerne kunne vore trykka i fagtidsskrift, til bileter av dagens lunsj og lesestoff. Eg har til gode å sjå ein litteraturkrikar vurdere enqueten på TV etter fagartikkelen sine sjangerkrav og premisser. Derfor vil eg òg etterlyse ein debatt om litteraturkritkk og litteraturformidling i bloggmediet som ser bort i frå dei tradisjonelle mediene sine premisser og heller tar utgangspunkt i den einskilde bloggteksten.

Dialogen

Det har skjedd ein medierevolusjon på 2000-talet. Med Internett har dei sosiale mediene blitt ein del av mediebiletet. Dei nye mediene åpner for å kommunisere frå skribent til lesar og tilbake igjen til skribent. Dette dialogiske aspektet ved bloggen er den største forskjellen mellom blogg og avis. Og det er dette som gjer bloggmediet til eit unikt medium å jobbe med.

Ein blogg har ingen redaktør, er eit mantra i kritkken mot bokbloggarane. Dersom dei profesjonelle kritikarane tar seg tid til å studere bloggar, vil dei sjå at i motsetning til den redaksjonelt bearbeida teksten frå etablerte mediehusa, er ikkje blogginnlegget avslutta idet det blir publisert. Det er etter at innlegget er publisert at det begynner å leve sitt eige liv. Det er då kommentarane kjem og dialogen mellom skribent og lesar starter. Kritikarane gjer ei feilslutning når dei tar utgangspunkt i sine eige medier, som papiravis eller radio for å kritisere bloggen. Det dialogiske ved bloggmediet åpner for ein meir personleg stil og for ein meir tenativ og utprøvande form. Å skrive for ein redaksjon som skal bearbeide og kvalitetssikre før den endelege trykkinga har absolutt ein verdi. Men å skrive for eit publikum som gir direkte respons på dei uredigerte tankane har òg ein verdi. Det første er kommunikasjon frå ein skribent til ei lesargruppe. Det andre er kommunkasjon mellom skribenten og lesargruppa, som går begge vegar.

Under seminaret «Avis, blogg, bokessay?» på Litteraturhuset 1. november er både Klaus Rothstein og Knut Hoem inne på at ambisiøse og flinke folk før eller seinare vil bli oppdaga og plukka opp av ein redaktør. Dette vitner om ei manglande forståing av bloggmediet sin eigenverdi. Bloggen gir rom for ein utprøvande form, nettopp fordi ein ikkje må stå til ansvar ovafor mediehuset sin mangeårige tradisjon og redaksjonelle profil.

Kritikk av bokbloggar

Kritikarane har rett i at vi treng eit kritisk blikk på bokbloggarane sin aktivitet. Derfor ønsker eg meg ein seriøs kritikk av bokbloggar på tekstnivå. Debatten har til nå i stor grad dreid seg om profesjonalitet, eit omgrep Hovdenakk definerte som uavhenging, redigert og kvalitetssikra kritkk. Å diskutere bokbloggarane si rolle som litteraturkritikarar med utgangspunkt i ein definisjon som ekskluderer mediet dei bruker, er ein lukka diskusjon.

Litteraturkritikken er definert som «Ett i massmedier utvecklat sätt att beskriva, tolka och värdera konstvärk» av Lina Samuelsson i doktoravhandlinga hennar frå 2013. Dette ekskluderer ikkje kritikarar som bruker blogg som medium. Eg ønsker meg ein diskusjon om kvalieteten på litteraturkritkken gjennom vurderinger av «kvalitet, smak og dømmekraft», slik Erik Bjerck Hagen presenterer kritikken i innføringsboka Litteraturkritkk.

Først når vi riv oss laus frå forskjellen på dei tradisjonelle og dei nye medieformene og ser på kvalieten på den kritikken som blir levert frå kvar einskild bloggar, tidsskriftsredaktør eller tabloid-journalist på tekstnivå, kan vi ha ein debatt om litteraturkritkk som tar alle aktørane på alvor.

62 comments

  1. Har lagt merke til nedlatenheten overfor bloggere ved flere anledninger, og ikke bare i sammenheng med litteraturbloggere. Slik kritikk sier meg bare at kritikeren er dårlig oppdatert. Å være blogger er ikke et kvalitetsstempel, og heller ikke det motsatte. Men: Å blogge er for mange noe som kommer på toppen av vanlig yrkesaktivitet, noe som for mange er en begrensning. Det er nok derfor antakelsen om at de beste skribentene blir huket inn av en arbeidsgiver oppstår.

    Å blogge om bøker gir en frihet, nettopp fordi redaktøren uteblir, det betyr ikke at folk tar lett på tekstene sine bare fordi de ikke kvernes gjennom en redaktør.

    Dessuten: Litteraturkritikere som bare finner dårlig kvalitet er kanskje dårlige på å søke? Og: Mange bruker bloggen sin til å samle tekster som først er publisert i tradisjonelle medier. Det er interessant å se på forskjellen i kommentartyper og -mengder. Blogg er en privat kommunikasjonskanal og treffer sitt spesielle publikum. Mangfold er bra – skulle en tro.

    • Eg kjenner ikkje til så mange andre blogg-sjangrar, om ein kan kalle det det, enn bokbloggarane, så eg veit ikkje i kva grad andre bloggar blir utsett for nedlatenhet. Men eg trur kritikken min kan gjelde fleire grupper. Den kritikken bokbloggarar har blitt utsett for frå den profesjonelle kritikken i det siste, har i alle fall i stor grad vitna om mangel på oversikt over mangfaldet i miljøet. Og skal ein gå inn og kritisere blogg, så må ein sjå på den einskilde bloggen og det den leverer, ikkje på heile mediet. Og som du nevner til slutt er det mange ulike måtar å bruke bloggmediet på, ein del bruker det som ei tekstsamling, slik du seier.

      Eg er ikkje einig i at blogg er ein privat kommunikasjonskanal. Det er eit massemedium og det er mange- til- mange- kommunikasjon. Når eg skriv ein tekst og legg han åpent ut på Internett er det ikkje lenger privat. Og det er bloggarane sitt ansvar å reflektere rundt konsekvensene av dette

      • Det er privat på den måten at ingen har kjøpt meg/min blogg, men ja: en når potensielt ut til hele verden og det er derfor ingen privat ytring. En har også et juridisk ansvar.

      • Sånn sett, ja. Då misforstod eg kva du la i privat. Det er jo kun bloggaren som har ansvar for det som blir trykka, ja. Det har du rett i. 🙂

  2. Hvorfor trenger vi et kritisk blikk på blogger? Jeg blogger ikke for å bli vurdert. Jeg blogger for min egen glede – og forhåpentligvis for andres glede også. På mange måter er bloggen min personlige (trenings)dagbok, og kan i så måte ikke veies og måles. Les den, eller la være 🙂
    Er ellers enig i mye av det du skriver, ikke minst i at bokbloggere på ingen vis er en ensartet gruppe.

    • Eg er veldig ueinig i “blogger for min egen del” og “les den, eller la være”-retorikken når det kjem til litteraturbloggar. Hadde det vore snakk om ein kostholds- og treningsblogg som kun var personleg dagbok, så ja, då ville eg kjøpt argumentasjonen din. Men når ein blogger om bøker, blogger ein om bøker forfattarar har brukt mange år på å skrive. Ein legg ut vurderingar om kor vidt boka var god eller dårleg, åpent, på internett. Ein tar på seg ei rolle som litteraturkritikar. Dette ligg åpent på nett. Google finn det. Forlaga finn det. Forlaga bruker det i marknadsføring. Det blir veldig naivt å seie at ein ikkje har tenkt at det skal vere slik. Internett er ein offentleg arena og når ein vel å skrive om andre sitt arbeid offentleg, kan ein ikkje reservere seg mot innvendingar ved å seie at folk bare får la vere å lese det ein skriv. Skal ein skrive ei privat dagbok, kan ein ikkje gjere det åpent på Internett. Når ein driv med vurdering av bøker, driv ein med litteraturkritikk, anten ein ønsker å ta på seg denne rolla eller ikkje. Derfor treng vi og eit kritisk blikk på bokbloggar.

    • Jeg blir litt forvirret av sånn argumentasjon, Pia. Det er jo direkte ulogisk at folk som er kritiske til/vurderer (les: skriver om) andre menneskers tekster (for eksempel bøker) ikke selv skal kunne havne under lupen? Det er jo det samme hva ditt personlige motiv for bloggingen er, resultatet er at du har gjort en vurdering av et verk som nå ligger ute på internett til skue for alle som leter. Det er selvsagt sånn at vi er forskjellige (som både du og Bjørg skriver), men ambisjonene våre er jo ikke automatisk tilgjengelig for den tilfeldige personen som søkte på ei bok og fant bloggen. Synes du ikke at det følger et visst ansvar med når ens egen blogg kan finne på å dukke opp øverst på resultatlista ved søk? Blogg er offentlig, jamfør straffelovens § 7 (som ble oppdatert i år). Nettopp derfor synes i alle fall jeg at det å kunne sette kritisk søkelys på både seg selv og fenomenet bokblogging har mye for seg. Dessuten kan det virke som mange bokbloggere (uten at jeg påstår at det automatisk gjelder deg eller andre her) synes det er kjempegøy å bli sitert på omslag (altså i positivt lys), men opplever det som hårreisende å bli sitert i en kritisk sammenheng. Ulogisk etter min mening. 🙂

      Forøvrig synes jeg det er litt feil å sammenligne med for eksempel en treningsdagbok. Da vurderer du jo deg selv først og fremst. Det gjør du vel ikke på en blogg der man anmelder bøker, film, musikk, spill – kultur generelt?

  3. Hvorfor skal det kristiske blikket være sterkere på en bokblogger enn en annen blogger? I alle sammenhenger vurderer vi og snakker om bøker. mennesker, merker, klær, moter, mat, religion, politikk. — etc.. alt har betydning..ift til omdømme og reklame.
    Jeg er generellt enig i å være bevisst og selvkritisk i hva man skiver på internett, men ser ikke helt forskjellen på å vurdere bøker og hva annet man ytrer seg om på på WorldWideWeb.:)

    • Eg kjenner ikkje til så mange andre bloggmiljø frå innsida, så eg aner ikkje korleis diskusjonane rundt sminke- og matblogging eigentleg er, det er ikkje noko eg har fulgt med på. Så akkurat det har eg ikkje oversikt nok til å uttale meg om.Sjølvsagt skal ein som lesar vere kritisk og vurdere alt ein les, og når det kjem til bloggar om religion og politikk har eg verkeleg inntrykk av at dei fleste er kritiske til det dei les. Når eg les eit politisk blogginnlegg, vil eg ikkje automatisk tenke – Åh, er det slik det er, då får eg melde meg inn i Rødt. Eller FrP. Sjølvsagt er eg kritisk til det eg les! Eg vurderer bakgrunnen til den som har skrive det, eg ser på teksten, eg ser på tidlegare tekstar og så vidare.

      Som bokblogger går ein inn og opptrer som litteraturkritikar! Og når ein offentleg vurderer kulturprodukt, anten det er bok, film eller musikk, scene- eller biletkunst, skal og bør ein både vere kritisk til si eiga rolle og lesast kritisk. Det er utruleg viktig for kulturen og dei einskilde kulturprodukta at det samtidig er ei kritisk vurdering av kritikken. Men eg har eit ønske om at denne kritikken skal dreie seg om bloggen som tekst ikkje stereotype forestillinger om kva blogging er.

      Det går ikkje an å sidestille masseproduserte og fabrikkproduserte varer som matvarer, klede og sminke med kulturprodukt.

    • Eg må legge til at eg trur at eit kritisk blikk utanfrå på tekstar og innhald i blogg er ein positiv ting i seg, fordi det vil gjere meg til ein betre skribent. Men då må det – igjen – gå på tekst og innhald. Ikkje på kva andre bloggarar driv med i sine bloggar, slik det nå er.

  4. Herregud, ikke si at vi plutselig har flyttet oss tilbake til “kan bokbloggere kritiseres?”-diskusjonen igjen. Seriøst, på sånne dager får jeg lyst til bare å gå og legge meg igjen, med en passende mild til moderat depresjon. Andre bloggere får kritikk, de også, og mange av dem får mye hardere kritikk enn bokbloggere. Det verste med kritikken mot bokbloggere så langt, er at den er så upresis og full av generaliseringer, ikke at kritikk er unødvendig eller upassende.

    Hvis vi skal ta diskusjonen ett skritt videre i stedet for ett tilbake, er tekstkompetanse sentralt på flere måter. Jeg kan for eksempel ikke skjønne at en yrkesgruppe som skal være i stand til å gjenkjenne en upålitelig forteller i en roman, ikke skulle være i stand til å gjenkjenne upålitelighet på en bokblogg. Hvis bloggerens argumenter er gode og innholdet henger sammen, hva er da problemet?

    Tekstkompetanse er egentlig det alt handler om både i litteraturkritikken og innen bokblogging. Vi leser tekst, vi skriver tekst, og bør helst kunne noe om både litteratur og skriving for at det skal være interessant for noen andre enn oss selv.

    Jeg skiller ikke mellom profesjonelle og amatører, eller mediet man skriver innenfor, når det er snakk om hva man bidrar med i den offentlige samtalen om litteratur. Jeg synes egentlig Bernhard Ellefsen oppsummerte det godt i fjorårets debatt: En god tekst er en god tekst, uansett hvem som har skrevet den eller hvor den er publisert. Det samme kan man si om en dårlig tekst.

    Jeg synes det er mer fornuftig å skille mellom de som vet hva en lesning er og er i stand til å foreta lesninger, og de som ikke er det. I den siste kategorien finner man både journalister og bokbloggere. Skriverier om bøker som kun består av handlingsreferat og en kort og ubegrunnet konklusjon eller dom, er veldig lite interessante i en litteraturkritisk sammenheng, både på blogg og i avisene. Men det er verst når journalistene gjør det, siden de representerer litteraturkritikken på en helt annen måte enn bokbloggere, i alle fall foreløpig.

    Jeg er imidlertid uenig i at alle bokbloggere bedriver litteraturkritikk, eller blir oppfattet sånn. Jeg mener at det er forskjell på de bloggerne som forsøker å gi en begrunnet og kvalitativ vurdering av litteratur, og de som kun forholder seg til litteraturen som lesere og bare skriver om subjektiv leseropplevelse. De driver ikke med litteraturkritikk. Det de må passe på er at tekstene deres ikke brukes som om det var litteraturkritikk i en annen sammenheng, av forfattere eller forlag. Der var Ingunn Økland inne på noe viktig i sin kommentar i Aftenposten i fjor. Den typen konkret kritikk skulle jeg gjerne ha sett mer av.

    • Presisering: Man finner også bokbloggere som er i stand til å foreta lesninger, selv blant de som ikke har noen utdanning innen litteratur. Journalister også, sikkert. Det er litt vanskeligere å vurdere hva de er i stand til på en god dag, når de ofte må skrive innenfor så ugunstige rammer.

      • Eg trur ikkje ein må ha utdanning innan litteratur for å gjere gode lesningar. Og eg trur ikkje ein nødvendigvis gjer gode lesningar sjølv om ein har utdanning innan litteratur heller, men ein er betre rusta.

      • Enig. Og enig. Jeg har møtt min andel av litteraturvitere som er virkelig dårlige lesere, men som likevel tror at de skriver fantastisk bare fordi de har lest de riktige tingene og har en mastergrad. Big, big mistake. Noen av de virkelig gode leserne jeg kjenner, er leger og jurister. Å være en god leser forutsetter at man har blant annet intuisjon, erfaring, evne til refleksjon og god språksans. Det kan man ikke lære seg gjennom utdanning. Man kan bare lære seg å bruke det man har på en god måte. Tror jeg. Eller man kan lære seg det på privaten.

        Derfor er tekstfokus viktig, ja. Jeg tror mange ser seg litt blind på hvem som skriver og hvor de har skrevet det hen. Selv synes jeg det er langt mer utfordrende å skrive på blogg enn å skrive akademiske essays eller standard anmeldelser. Der finnes det regler man kan og bør følge. På blogg er ingenting gitt på forhånd, og det liker jeg.

        • JA! Det er sjeldan eg roper på Internett, men du har rett. Det er det som gjer bloggen til eit heilt unikt medium å jobbe med, nettopp det at mediet er så åpent. Det er ingen mal, ingen reglar, ingen ende å begynne i, ingenting. Dermed er det både rom for å eksperimentere, prøve seg fram, finne si eiga stemme og leite etter dei lesarane ein ønsker å nå. Det er eit heilt unikt medium, sånn sett! Vi må slutte å bagatellisere moglegheitane som ligg i bloggen. Og det trur eg bare vi kan gjere, viss vi slutter å samanlikne bloggen med meir etablerte medier.

  5. Takk for at du sporer på eit litt meir framoverretta spor. Eg trur det er lurt å bare innsjå at bloggar blir kritiserte, uavhengig av kor private vi synest og meiner og tenker og føler at dei er. Og då er det viktig å møte kritikken med nyanseringar og korrigeringar. Det er i alle fall det eg har eit ønske om å gjere her.

    – Og som eit anna sidespor er eg ikkje i tvil om at vissheita om at ein blir lesen og at ein blir lesen med kritisk blikk, i alle fall er med på å gjere meg betre. Sjølv lar eg det for eksempel alltid gå nokre timar eller dagar (minst) frå eg har skrive ferdig ein bloggpost til eg poster han. Eg har ei mental hugseliste med punkter eg ofte får tilbakemeldingar på, når eg får redaksjonelle tilbakemeldingar på tekstar eg har skrive. Denne går eg alltid gjennom. Eg trur det gjer meg betre. Og eg ville ikkje gjort det, viss eg ikkje hadde trudd og forventa at eg blei lesen med eit kritisk blikk. Men vissheita om at eg kan bli lesen av kritiske lesarar gir meg ein passe skjerpande dose prestasjonsangst. Og det treng eg for å strekke meg, utvikle meg og bli betre.

    Det du seier om god og dårleg tekst er essensielt her! Eg trur det var Boyd Tonkin som nemnde “qualified” som betre omgrep for vurdering av litteraturkritikk i ulike medier, heller enn amatør-profesjonell-omgrepet, som er eit konstruert skilje. Ein del bloggarar har høg litteraturfagleg utdanning, ein del journalistar som jobber med litteraturkritikk under redaktørar er sjølvlærte. Eg ønsker at dersom vi skal diskutere litteraturkritikk i ulike medier, skal vi diskutere det med eit tekstfokus. Det utelukker jo ikkje at vi skal vere litt kritiske til kor teksten kjem frå, og akkurat der trur eg bloggarar har mindre slingringsmonn enn kritikarar med redaksjon og mediehus i ryggen. Men det å ha ein redaktør og ein tradisjon bak seg er heller ikkje eit kvalitetsstempel som sådan. Og det utelukker på ingen måte slurv og hastverksarbeid, noko eg synest det er mykje av i avisene innimellom.

    Alle bloggarar driv ikkje med litteraturkritikk, det har du rett i. Men mange gjer det, utan å vere bevisst si rolle som kritikar. Og om målet er å spre leseglede eller skrive dagbok, bør ein tenke seg om to gonger før ein lar forlaga sitere ein på omslaga. Det er bloggarar som framstår som reklamebyrå for einskilde forfattarar og det er bloggarar som les kritisk og gjer gode analyser. Og her har lesaren får eit større ansvar for å gjere research, enn når redaksjonen har plukka ut bøker til anmelding. Men eg synest det er veldig viktig å få fram at det er den einskilde teksten som må vurderast, ikkje alle bloggane samla.

  6. Et godt innlegg til debatten, Bjørg. Jeg føler ikke at jeg har så mye fornuftig å bidra med, men jeg har lest og likt. Det er så mange forskjellige bloggere, og det resulterer i en rekke ulike bloggtekster som fortjener å bli vurdert hver for seg. Ikke som en stor tekstmølje.

    Jeg må kommentere dette med å “la forlaga sitere ein på omslaga”. Det har skjedd ved et par anledninger at jeg har blitt sitert, men ikke ved en eneste anledning har jeg vært klar over dette før boken stod i hyllene hos bokhandler. Da er det vanskelig å få det stoppet. Det er vel noe profesjonelle litteraturkritikere opplever også. Forlagene sakser ut det som passer seg, om det så er en positiv setning i en ellers negativ anmeldelse.

    • Ja, eg trur det er litt viktig å få fram det! Som Line òg seier så blir vi kritisert, men kritikken er upresis og generell og det er dette som er hovudpoenget mitt – å etterlyse eit høgare presisjonsnivå og ein meir tekstbasert kritikk.

      Dette med å la forlaga sitere ein på omslaga er jo ei avsporing av diskusjonen om kor vidt bloggarar driv med litteraturkritikk eller ikkje. Men eg synest eksempelet ditt er veldig godt, nettopp fordi det viser at når ein har publisert noko offentleg på internett så er det ikkje lenger privat. Det betyr ingenting om ein har tenkt å skrive dagbok eller om ein har tenkt at det er moro å bli sitert på bokomslag. Når teksten ligg på tilgjengeleg på nett, er det ingen som spør om bloggaren sine intensjonar lenger, og ein har ikkje kontroll på teksten.

      • Jeg vet ikke om det med forlagene og sitater er en avsporing, egentlig. De tilfellene jeg vet om der forlag har sitert meg et eller annet sted, har jeg alltid mottatt anmeldereksemplar og sendt dem lenke til anmeldelsen min etterpå. Det er hele poenget for dem med å sende ut anmeldereks, at de skal kunne bruke anmeldelsen (eller deler av den) til noe hvis man sier noe pent eller smart om boken. Uansett kan de jo bruke sitater fra bloggere når anmeldelsene ligger fritt tilgjengelig på nett. Bare én av mange ting som følger med det å skrive offentlig om bøker.

        Sånn generelt har jeg forresten inntrykk av at en del av de bokbloggerne som siteres ofte og synes det er kjempegøy, jobber ganske hardt for å bli sitert. De sender lenke til alt de skriver til forlagene (enten de har mottatt bok eller ei), i noen tilfeller også forfatterne, og er veldig synlige i sosiale medier. “Anmeldelsene” deres strømmer over av sitatvennlige fraser som er til forveksling like de markedsavdelingene i forlag pleier å bruke. Hyppige terningkast fem og seks hjelper nok også fælt.

        Interessant er det jo også at de som – som Julie sier over – synes det er kjempegøy å bli sitert, ofte synes det er hårreisende at noen skulle finne på å kritisere dem for noe. “Det er min blogg, jeg gjør hva jeg vil, liksom.” Men bokbloggere som synes tanken på kritikk er ugrei å forholde seg til, burde ikke ta imot anmeldereksemplarer fra forlag eller forfattere, bruke terningkast eller gjøre alt de kan for å trekke oppmerksomhet til bloggen sin. De bør være forsiktig med hvordan de formulerer seg. Det er for eksempel stor forskjell på å si “Likte du X, vil du elske denne!”, og på å si “Ja, vet du hva, denne boken likte jeg overraskende godt, altså.”

        Da er det igjen kjekt å ha litt tekstkompetanse, mener jeg. Hvis man er bekymret over bloggernes eventuelle skjulte motiver eller manglende uavhengighet, trenger man liksom ikke å gjøre så mye mer enn å lese hva bloggerne skriver, og vurdere om de driver med (etter beste evne) en form for kritikk; åpenbar subjektiv dekning av leseropplevelse som ikke er anvendelig i noen form for markedsføring, eller om det de skriver likner mistenkelig på reklame. Jeg synes det er pussig at bokbloggere selv ofte er i stand til å se at noe skurrer på en annen bokblogg, mens kritikerne ser seg nødt til å skjære alle over en kam sånn just in case.

      • Nei, altså det er ikkje ei avsporing sånn sett. Heile litteraturkritikk-sporet er ei avsporing frå tekstfokuset, som eg ønsker å etterlyse. Og poenget med avsporings-kommentaren min til Mari, var meir retta mot det at forlaga ikkje spør om å få bruke sitat frå bloggar. Og det gjer dei jo ikkje, men må dei det, når det ligg på Internett og når dei kanskje til og med har fått tilsendt blogglenka, som du seier?

        Og du og Julie er nok inne på noko med at det er veldig moro å bli henta fram i positive samanhengar og ikkje fullt så moro å bli henta fram når det er kritisk vurdering. Det er strengt tatt ikkje så rart at folk synest det er morsommare med skryt enn krtikk, altså. Men eg undrer meg over at bloggarar som legg ut bilete av bøker der dei er siterte, i neste omgang går ut med “Det er min private blogg, la vere å lese han, viss du ikkje liker han.” Det er mykje dobbelkommunikasjon blant ein del bloggarar, på akkurat dette området.

      • Veldig godt innlegg, Bjørg! Mye har alt blitt sagt av andre, men jeg synes det er viktig å understreke dette med å være mottagelig for kritikk. Nå er det selvsagt forskjell på bokbloggeres ambisjonsnivå, men en ting som man bør huske på er at dersom man ønsker å utvikle seg og komme videre innen et felt, er ydmykhet viktig. Ydmykhet ift at andres utenfra blikk faktisk kan vise seg å inneholde gode innspill, fremfor bare å avfeie det med at man gjør som man selv vil.

        Ift forlag og sitat er min erfaring at forlag også bruker sitater fra anmeldelser hvor de ikke selv har sendt ut boken. Jeg har opplevd å bli sitert fra anmeldelser hvor jeg har kjøpt og lest boken på engelsk. Jeg får heller ikke varsel om når de blurber meg. Kun opplevd et fåtalls ganger at forlag spør om lov. Jeg sender ellers linker på både gode og dårlige anmeldelser når jeg har fått anmeldereks.Mange forlag ønsker også at bokbloggere sender alt av linker, også når de ikke selv har sendt ut anmeldereks til dem, slik at de kan holde seg oppdatert. Jeg synes derfor det blir galt å kritisere bokbloggere for å gjøre akkurat det, da dette også er blitt nevnt høyt på arrangementer av forlagsfolk.

      • Det første du skriv, om å ta tilbakemeldingar til etterretning trur eg er veldig viktig. Og det er nok ekstra viktig for oss som skriv utan redaktør.

        Når det gjeld dette med å sende lenke til blogginnlegg til forlaga, er det heilt greit å gjere det. Men det blir rart å samtidig reservere seg mot kritikk fordi bloggen er privat. Det er her dobbeltkommunikasjonen kjem inn. Viss ein synest det er moro å bli lagt merke til, må ein godta å bli lagt merke til. På godt og vondt. Og det at forlagsfolk oppfordrer ein til å sende inn lenke til bøker ein har lese, betyr ikkje at ein må gjere det. Viss ein ikkje vil bli sitert eller brukt i marknadsføring, er det snarare tvert i mot, lurt å ikkje gjere det.

      • Jeg mener ikke at det er galt, og jeg skriver jo at jeg selv som regel sender forlagene lenke til anmeldelser når jeg har fått boken fra dem. Men i motsetning til visse andre reserverer jeg meg heller ikke mot kritikk. Poenget mitt var at hvis man ikke tåler kritikk, bør man holde seg unna alt som sannsynligvis vil føre til kritikk, f.eks. intensiv forlagskontakt, dårlig skjult forfatterfrieri og (høye) terningkast.

        Jeg bryr meg ikke spesielt mye om hva forlagene ønsker eller ber oss om å gjøre. Å holde dem oppdatert på hva jeg skriver om til enhver tid, er ikke min jobb. Hvis det betyr at de går glipp av en anmeldelse eller ti fra meg som de ville ha vært interessert i å lese eller bruke til noe, så kunne jeg ikke ha brydd meg mindre. Det får bli deres problem. Eller de får abonnere på bloggen min, som noen av dem gjør allerede for å holde seg oppdatert.

        Jeg synes forresten ikke at man som bokblogger trenger å være verken ydmyk, åpen for tilbakemeldinger eller innstilt på å utvikle seg videre. Det er valgfritt. Det eneste man må huske er at man før eller senere vil få seg en på kjeften hvis man går for langt.

      • Å vere ydmjuk og åpen for tilbakmeldingar er sjølvsagt valfritt. Men det er ei positiv eigenskap som eg verdsett hos andre og som eg beundrer. Eg synest det står mykje respekt av å tenke gjennom og evaluere eigen aktivitet, uansett kva ein driv med. Personleg kjenner eg på at det er eit ideal for meg, spesielt når eg skriv blogg, fordi eg ikkje har denne redaktøren som korrigerer og veileder meg. Då eg skreiv masteroppgåva mi, fekk eg tilbakemelding av ein veiledar som kunne meir enn meg om det eg skreiv om, på alt eg skreiv, på alt frå kommafeil til dårleg begrunna resonnement. Det var på mange måtar trygt å sitte inne på eit akademikarkontor og diskutere alt frå overgripande hypoteser til flisespikking på språknivå. I blogg får eg aldri desse tilbakemeldingane før etter at eg har slippe teksten ut i verda og publisert han. Sånn sett er det eit krevande medium å jobbe med. Men det er verkeleg verdt det! Og for meg er det i alle fall her, i desse tilbakemeldingane utviklingspotensialet ligg. Men eg vel jo kva og kven eg skal høyre på.

        Eg er einig med Line angåande at forlaga får sørgje for å halde seg oppdatert på kva eg skriv om. Det tar ikkje eg ansvar for. Det er i langt større grad i deira interesse å følgje med på kva som blir skrive, enn i mi. Eg sender lenker til leseeksemplar-bøker, fordi dei har bedt meg om å gjere det, når dei har sendt ut boka. Men eg sender ikkje lenker til alt eg har lese. Det er mest fordi eg ikkje gidder å ta meg bryet med å finne ut kven som var ansvarleg redaktør for den boka frå 2003 som eg lånte på biblioteket. Eg ville kanskje fått fleire lesarar av det. Samtidig har eg opplevd å få sitat frå bloggen på forlagssider, utan å sende lenke til forlaga, så dei klarer nok bruke søkemotorar, dei og.

      • Nei, som Line skriver trenger man verken være det ene eller det andre for å bokblogge. Er det imidlertid en ting jeg har erfart, så er det at en av de viktigste egenskapene for å lykkes i noe, det er å være ydmyk.

        Jeg sender sjelden til redaktør, så sant ikke boken kommer derfra. Sender som regel til min kontaktperson. Er vant til det fra jeg jobbet som journalist, selv om jeg ikke alltid husker på å gjøre det. Jeg har forøvrig fått tilbakemelding fra en redaktør om at vedkommende syntes det var lettest å holde seg oppdatert på de bokbloggene som hadde Facebookside, siden de ofte bruker facebook for å oppdatere seg. Vedkommende fulgte sjelden blogger utenfor det nettstedet. Der strakk ikke tiden til.det som var på Facebook, fikk vedkommende med seg.

      • Jeg skulle ønske vi kunne slutte å bry oss om forlaga. Ja, de er kjekke som gratis leverandør og informasjonskilder, men vi skriver IKKE for dem.

      • argh, til sånn bretttastatur som deler opp sammensatte og lager krøll ved å selvpublisere før man er ferdig, det var ikke så viktig egentlig, bortsett fra at det skulle stå – gratisleverandør
        + vi skriver ikke for DEM.
        , når det er sagt, sender jeg til linker når jeg mottar anmeld.eks.

      • @Bokelskerinnen: Eg er einig i at å vere ydmjuk er ei veldig god eigenskap i veldig mange samanhengar. Samtidig er det viktig å vite kor og kva ein vil å ikkje ta i mot råd frå alle kantar. For min del vil for eksempel ikkje råd frå folk i forlaget si marknadsavdeling, om korleis dei skal finne blogginnlegga mine, vere så veldig relevante, for det er ikkje dei eg først og framst skriv til. Så ein må jo sjå kven ein tar i mot råd frå opp mot målgruppe og ambisjonar og kven ein ønsker at skal lese bloggen. Personleg er eg mest interessert i å bruke bloggen til å utvikle meg som skribent og då er det ikkje så relevant for meg kva forlagsfolka måtte meine at var bra. Men det er jo opptil den einskilde.

      • Igjen: Jeg bryr meg ikke om hva forlagene synes er best eller enklest på noen måte. Jeg skriver ikke for forlagene, og synes det er uinteressant om de leser bloggen min eller ikke. Jeg har dessuten lagt merke til at en del av de bokbloggerne som sender alt av lenker til forlagene, blir hyppig brukt i markedsføringen – i sosiale medier og i form av sitater på bøker og nettsider. Jeg synes ikke det ser spesielt bra ut å være forlagenes yndling. Da får jeg fort inntrykk av at enkelte er like interessert i å få oppmerksomhet rundt bloggen sin som de er i litteratur, og jeg prøver å unngå å gjøre ting som kan gi inntrykk av at jeg tenker sånn selv. Som blogger har jeg ingen i ryggen som kan gå god for min troverdighet, og jeg vet ikke om noe som kan svekke min troverdighet mer enn å vise at jeg lytter til forlagenes synspunkter eller ønsker. Jeg sender lenke når jeg har fått bok, fordi jeg oppfatter det som en forutsetning for å få bøker fra dem. Hvis jeg har skaffet boken selv, har jeg ingen grunn til å gjøre dem oppmerksom på at jeg har skrevet om den. Leserne mine får det med seg, og det er de jeg skriver for.

      • Jeg ser ikke noen motsetning i at man skriver en blogg fordi man er interessert i litteratur, og samtidig også ønsker å få oppmerksomhet rundt bloggen. Du fremstiller det veldig på spissen, og antyder nærmest at man ikke har troverdighet dersom man ønsker å gjøre en innsats for å få lesere. Det er de samme argumentene som brukes av enkelte ovenfor litteratur: selger en bok mye, er den ikke like god som den smale litteraturen. Det å selge mye sier samtidig at kvaliteten er dårlig. Jeg mener at man fint kan ha troverdighet og integritet samtidig som man gjør en innsats for å nå ut med bloggskriveriene sine. Man vil fort avsløre seg selv om man ikke har noe å komme med, og mangler integritet. Da vil heller ikke leserne fortsette å besøke bloggen. Som jeg sa på treffet: først må man ha et godt innhold på plass, så kan man tenke mer på leserne. Men jeg respekterer at dette ikke passer for alle ift deres blogg. Vi har alle ulike tanker bak det vi gjør, og det er helt greit. (Åpenbare lumske motiver er uansett veldig gjennomsiktig. Det er det fine med at mye er åpent på nettet.)

        Jeg skriver for eksempel ikke blogg bare for meg selv. Hadde jeg gjort det, ville jeg ikke lagt den åpent ut på internett. Da ville jeg skrevet en privat lesedagbok i Word. Jeg vil bli lest, og da bruker jeg også sosiale medier for å skape oppmerksomhet rundt bloggen min. Folk må jo få vite at jeg finnes. Dette er det samme som at forlag også må fortelle mer om bredden sin. Folk leser ikke bøker de ikke vet at finnes. Det betyr ikke at meningene mine er til salgs. De mest leste blogginnleggene mine er f.eks slakt 😉 På samme måte som jeg som forfatter også ønsker at lesere leser bøkene mine, og bruker sosiale medier for å vise at serien min finnes. Da lytter jeg også til innspill jeg får, direkte eller via ulike debatter/innlegg, og vurderer dem utfra hvem som er avsender. Av og til velger jeg å ta dem til etterretning og gjøre noe med dem, som fjerning av terningkast. Andre ganger tenker jeg at det som blir sagt ikke passer for min blogg, og gjør ikke noe.

        Det er forøvrig mange bokbloggere som siteres ofte på bøker, og som jeg vet har både integritet og habilitet. Dette gjelder særlig innenfor barn-og ungdom, hvor bøkene ikke anmeldes like bredt i pressen forøvrig.

      • Bokelskerinnen: Du skriv:

        “Da lytter jeg også til innspill jeg får, direkte eller via ulike debatter/innlegg, og vurderer dem utfra hvem som er avsender.” og “Andre ganger tenker jeg at det som blir sagt ikke passer for min blogg, og gjør ikke noe.”

        Eg kunne ikkje vore meir einig. Og om du vel å la forlaga vere ein autoritet og gjere det dei seier på slike arrangement er det heilt greit. Sjølv gjer eg ikkje det. Og det er akkurat det som er argumentet mitt over òg. Vidare skriv du:

        “Jeg ser ikke noen motsetning i at man skriver en blogg fordi man er interessert i litteratur, og samtidig også ønsker å få oppmerksomhet rundt bloggen. Du fremstiller det veldig på spissen, og antyder nærmest at man ikke har troverdighet dersom man ønsker å gjøre en innsats for å få lesere.”

        Dette dreier seg ikkje om å ønske å få lesarar til bloggen eller ikkje. Eg trur dei fleste vil seie at det er eit mål å bli lesen. Men eg trur kanskje det er litt forskjell på kven som er målgruppa og kven ein henvender seg til. For ulike bloggarar har ulike målgrupper. Og det med truverdigheit, handler litt om å ha truverdigheit i møte med dei lesarane ein ønsker at skal vere målgruppa. Når eg ser bloggarar som oppfører seg som eit reklamebyrå for bøker frå eit og same forlag på facebook, tar eg veldig lite av det dei skriv for god fisk.

        Eg har ikkje meint å seie at bloggarar som blir sitert på bokomslag ikkje har integritet og habilitet. Men eg har sagt at eg er einig i det Julie seier, om at når ein ønsker denne typen positiv merksemd rundt bloggen, så må ein tåle kritiske kommentarar! Heile denne diskusjonen begynner jo med at to bloggarar stiller spørsmål ved korfor vi i det heile tatt treng eit kritisk blikk på bokbloggarar si aktivitet. I mine auge er det ingen logikk i det å i det eine augeblikket legge ut bilete på facebook kor ein skriv “Sjå her: Juritzen har sitert meg og seksar-terningkastet mitt på bokomslaget sitt! Så gøy!” for i neste augeblikk seie “Min blogg, den er privat, viss du ikkje liker han kan du la vere å lese!”. Det heng ikkje saman! Det er ikkje logisk! Ein kan ikkje seie at eg vil bli lenka til av forlaga og i sosiale medier og her og der og rundtomkring, fordi eg vil ha mange lesarar, når ein i neste runde seier at ein ikkje vil ha kritiske tilbakemeldingar på tekstnivå på det ein leverer.

        Det er mange bloggarar med integritet og habilitet (for øvrig ord som begynner å bli så utvatna i slike debattar at eg ikkje liker å bruke dei) som blir sitert frå forlaga si side. Men då deltek ein i noko som er offentleg. Då må ein delta på både godt og vodt.

      • Da skjønner jeg kommentaren din. Jeg får skylde på at den ble skrevet etter ti timer med undervisning på lite søvn, så jeg skjønner ikke helt hva jeg har forsøkt å formulere eller tenkt 😉 For sånn den fremstår ut av sammenheng er ikke noe jeg mener.

      • Håper jeg får til å svare på riktig innlegg nå 🙂

        Bjørg: Jeg har rett og slett ikke lest de første innleggene godt nok, og må sånn sett ta det på min egen kappe at det blir en litt merkelig diskusjon ut av det. God lærdom til en annen gang om ikke å diskutere når hodet er fullt av andre ting.

        Jeg hengte meg opp i Lines setning “Da får jeg fort inntrykk av at enkelte er like interessert i å få oppmerksomhet rundt bloggen sin som de er i litteratur”, og jeg leste det som at det underforstått er galt å forsøke å få lesere til bloggen sin, og så tok jeg det litt personlig fordi jeg hadde en dårlig dag 😉 Jeg koblet ikke at den setningen var linket til det andre, så jeg beklager avsporingen!

        Jeg mener at når man blogger offentlig på internett, må man også være klar over at man ikke kan reservere seg mot å bli kritisert. Og som jeg har sagt i diskusjoner før, hvis man ikke ønsker et kritisk blikk på seg, er første skritt å slutte å ta i mot anmeldereksemplarer. Tar man i mot anmeldereksemplarer, er man blitt en del av den litterære offentligheten, og da kan man ikke reservere seg mot kritikk. En annen mulighet er å lukke bloggen for andre enn inviterte lesere.

        Jeg lurer forøvrig litt på dette med blurbing; har man anledning til å reservere seg mot det hvis man som blogger ikke ønsker å være synlig ved at sitater fra bloggen brukes på et bokomslag, i markedsføring etc? Jeg har, som sagt, opplevd at forlag bruker sitater fra bøker jeg selv har kjøpt på norsk eller engelsk, uten å spørre først, og da regner jeg med at de også gjør dette ift andre bloggere.

        For min del betyr det ikke noe som helst å få et sitat på et bokomslag. Jeg vet ikke, som jeg skrev over, om jeg vil kunne nekte forlagene å bruke et sitat på en slik måte. En av grunnene til at jeg sluttet med terningkast på bloggen min var imildertid blant annet, som jeg skrev i det innlegget, at jeg ikke ønsker å bli brukt på tvilsomme måter i forlagenes markedsføring. Når det gjelder anmeldereksemplarer har jeg, etter at jeg sluttet å jobbe i bokhandel denne høsten, lånt flere og flere bøker på biblioteket, eller kjøpt selv, fremfor å be om å få dem fra forlagene. Det er noe jeg kommer til å fortsette med.

        Ulike lesere gir naturlig nok også ulike tilnærminger til hvordan man bruker sosiale medier for bloggen sin. Jeg har en journalistisk tilnærming til det jeg gjør på min blogg, og har blant annet formulert som et mål under “om meg” at jeg skal formidle aktuelle bøker og boknyheter fra inn – og utland. Jeg ønsker jo hele tiden å utvikle meg på tekstene jeg skriver også, men en litteraturviter og en journalist vil helt naturlig ha ulike måter å tilnærme seg bloggformatet på. For meg er det naturlig å tenke journalistisk, fordi det er det jeg er utdannet og skolert til å gjøre. Det er jo også noe av det som er fint med bokbloggeruniverset, at vi alle har ulike bakgrunner, og sånn sett kan by på noe unikt hver og en.

        Ift til diskusjonen mellom deg og lammelår, tror jeg også at terningkast og blurber selger. Jeg hørte selv kunder si til hverandre, da jeg jobbet i bokhandelen, ting som “den boken må være bra, som har fått så mange seksere. Den kjøper jeg”. Forlagene ville jo ikke brukt slike ting, dersom det ikke fungerte. Det er ellers mye som er direkte feil, som forlagene bruker på omslagene. Ikke bare det eksempelet du nevner. Jeg har sett forlag, hvor opplaget på en bok f.eks er 400.000 eks, som skriver “400.000 fornøyde lesere”. Det eneste det tallet sier er hvor stort opplag boken har, ikke hvor mange fornøyde lesere de har. De har neppe spurt hver eneste en. Når jeg ser sånt, kjøper jeg ikke boken, for da opplever jeg at de forsøker å lure meg til å handle. Jeg kjøper heller ikke bøker basert på terningkast alene. Jeg kjøpte Mariann Aalands bok basert på at VG hadde gitt den terningkast 6, og skrevet en anmeldelse som virkelig ga meg lyst til å lese boken. Jeg kan bli påvirket av blurber dersom den som er sitert er en person jeg stoler på smaken til. De gangene Stephen King er sitert på en thriller, eller en grøsser, blir jeg som regel fristet til å kjøpe. Det samme hvis boken har fått en såkalt “starred review” i Publisher’s Weekly. Og enkelte bokbloggere kan få meg til å trykke meg inn på Bookdepository, eller andre nettbokhandlere straks etter at jeg har lest en god anmeldelse på bloggen deres.

    • Vi er nok ganske enige her, men jeg vil ikke at du legger ord i munnen min. ift første avsnitt. Jeg har aldri sagt at jeg lar forlag være en autoritet for det jeg gjør. Det er temmelig langt fra sannheten og ikke i tråd min journalistiske tilnærming til bloggen. Min autoritet er mine tanker kombinert med Vær Vardom Plakaten.

      • Det var ikkje meininga å legge ord i munnen på deg, det beklager eg. Då har nok eg misforstått det du seier her:

        “Mange forlag ønsker også at bokbloggere sender alt av linker, også når de ikke selv har sendt ut anmeldereks til dem, slik at de kan holde seg oppdatert. Jeg synes derfor det blir galt å kritisere bokbloggere for å gjøre akkurat det, da dette også er blitt nevnt høyt på arrangementer av forlagsfolk.”

    • Bokelskerinnen: Jeg antyder ikke at man ikke har troverdighet hvis man forsøker å få lesere til bloggen. Jeg sier rett ut at man ikke har troverdighet hvis man forsøker å få lesere til bloggen ved å ha tett kontakt med forlag og/eller forfattere.

      Det med forlagene er virkelig ikke bare et spørsmål om målgruppe, et personlig valg eller opp til hver enkelt å finne ut av. Hvis man definerer forlagsfolk som en viktig del av målgruppen sin, og de jevnlig bruker det man skriver i markedsføringen av bøker, er det ikke snakk om et helt streit og personlig valg. Da er det snakk om en form for samarbeid som står milevis unna den uavhengige kritikken, men som likevel presenteres som en slags uavhengig kritikk. I så fall må man ikke finne på å kalle seg selv en uavhengig bokblogger, for det er man ikke. Eller man kan jo påstå det, men det vil være tomme ord og selvbedrag og en pinlig form for sosialt selvmord.

      ”Jeg mener at man fint kan ha troverdighet og integritet samtidig som man gjør en innsats for å nå ut med bloggskriveriene sine.”

      Enig. Det jeg prøver å si, er at hva jeg tenker er greit i mitt hode ikke spiller noen rolle hvis folk oppfatter meg vesentlig annerledes utad. Jeg kan gjøre mitt beste, men jeg har ikke kontrollen. Mens jeg får inntrykk av at du mener det er opp til deg hvordan bloggen din blir oppfattet. Men hvordan kan du vite at du blir oppfattet slik du har tenkt, ønsker og håper? (Retorisk spørsmål) Det holder nemlig ikke å si at man er opptatt av for eksempel integritet, hvis man samtidig gjør et-eller-annet som kritiske lesere (med rette) forbinder med mangel på sådan.

      Men for å vende tilbake til et av hovedpoengene til Bjørg, det med tekstkompetanse. Jeg er som sagt enig i at kritikere burde være kyndige nok til å vurdere tekster uavhengig av hvor de er publisert, og slutte å tenke at en blogg er en blogg. På bokblogger vil de finne mange tekster om bøker som langt overgår skriveriene i dagspressen. De vil også finne mange bokbloggere som mangler evnen til å begrunne godt og overbevisende. Det er neppe noe problem så lenge bloggeren bare driver med sitt i fred og ro. Deres største forbrytelse mot litteraturen eller litteraturkritikken er i så fall at de skriver tynt om bøker og kaster terning i vildens sky.

      Men så fort bloggeren blir synlig på bokomslag, i markedsføringen, spres av forlag og forfattere i sosiale medier og generelt presenteres som om hun var en kritiker med autoritet og ikke bare den nye Liv Gade, blir saken annerledes. Når begrunnelsene uteblir eller er dårlige, kan man som leser ikke vite om bloggeren er positiv fordi hun er genuint positiv (eventuelt har dårlig dømmekraft), eller om hun bare har skjønt at det lønner seg å være positiv fordi hun da vil få mye oppmerksomhet og mange lesere til bloggen. Noen få bokbloggere som driver på sånn kan ødelegge for hundre andre bokbloggere som ikke har noen annen agenda enn å skrive om litteratur på ulike nivåer fra amatør til avansert.

      Jeg mener dessuten at det er ytterst få bokbloggere som er tekststerke nok til at de kan brukes hyppig i markedsføringsøyemed og samtidig slippe unna med troverdigheten i behold. Ytterst få bokbloggere er så reflekterte og gode lesere/skribenter at de tåler kombinasjonen av eksponering og skeptisk gransking. De bloggerne finnes definitivt. Men er det de som brukes oftest? Nei. Siden forlagene ikke leser blogg uten bistand, får de det ikke med seg. De får derimot med seg de bloggerne som skriker høyest om oppmerksomhet, som gode bokbloggere sjelden gjør. Hvis ikke det er en uheldig tendens, så vet ikke jeg.

      Derfor synes jeg det er veldig klokt at såpass mange bokbloggere forsøker å skaffe seg lesere på andre måter enn via forfattere eller forlag. Da fremstår de som det de er: Entusiastiske lesere som vil skrive om bøker etter beste evne, til ulike målgrupper, med ulike ambisjonsnivå.

      • Line: jeg har ikke lest ditt første innlegg godt nok før jeg skrev min kommentar. Jeg har blant annet ikke sett det du sier om at dersom bloggere ikke vil ha kritikk osv … Sånn sett blir mitt svar litt utenfor diskusjonen, for jeg svarer på noe helt annet enn det du skrev. Som sagt, hodet var litt fullt da jeg leste og svarte. Jeg tok en setning ut av sammenhengen når jeg svarte.

        Selvsagt er det ikke opp til en hver person å bestemme hvordan andre skal oppfatte deg. Du kan ta visse grep for å forsøke å påvirke hvordan du blir oppfattet, men til syvende og sist er det andre som avgjør. Altså, man må selv sørge for å handle med integritet. Det er det eneste man selv kan kontrollere, hvordan man selv ter seg. Man får sjelden en ny sjanse til å bygge opp tillit til leseren, om man bryter den tilliten en gang. Hvis jeg f.eks vet at en anmelder har skrevet en anmeldelse som er et rent plagiat, vil jeg aldri stole på noe den anmelderen sier i fremtiden. På samme måte som jeg vil ha vanskelig for å stole på en bokblogger om det fremstår som vedkommende har åpenbare bindinger, og at det påvirker det som kommer frem på bloggen. Det er en setning som sier at det kan ta år å bygge opp et godt rykte/navn, men kun en enkelt ting kan ødelegge hele ryktet på kort tid. Derfor bør man tenke nøye gjennom hva man gjør og hvordan man fremstår. Er man usikker på et valg, er det et godt råd å la være, så er man på den sikre siden.

        Du har ellers rett i det siste du skriver. Forlagsfolk har ikke tid til å følge med på alt som foregår i bokbloggerverden. De har ikke den tiden til å skaffe seg oversikt, og da blir resultatet som du skriver. Det ble jo dessuten sagt av en forlagsrepresentant på det første bokbloggertreffet, at bloggerne stort sett var positive. Nå er det overhode ikke et problem i seg selv om en bokblogger kun skriver positive anmeldelser. Noen gjør det fordi de ikke leser ferdig bøker de ikke liker. Alt ligger i argumentasjonen. Klarer man å argumentere godt og grundig for hvorfor boken er god, kan man fint bare være positiv. Men det skinner ofte gjennom om man er positiv bare for å være positiv.

        Jeg liker ellers ikke generaliseringer som “noe gode bokbloggere sjelden gjør” på samme måte som jeg ikke liker generaliseringer som at alle bokbloggere blogger om bestselger.

      • Jeg skrev: “De får derimot med seg de bloggerne som skriker høyest om oppmerksomhet, som gode bokbloggere sjelden gjør.”

        Det er ingen generalisering, det er en observasjon. Jeg kommer ikke på en eneste god bokblogger som skriker høyt etter oppmerksomhet, og i alle fall ikke til forlagene. Om du liker det eller ikke, er jo opp til deg. Men jeg kan liksom ikke si så mye annet enn det jeg har sett i de årene jeg har blogget. Derfor er det heller ingen generalisering, siden jeg har belegg for å si det. At alle bokbloggere skriver om bestselgere, er derimot en generalisering; den stemmer ikke, og det er det lett å bevise.

      • Det er vel ingen som har sagt at det er noko gale i å ville har merksemd rundt bloggen sin. Det som har blitt sagt er at dersom ein vil ha all denne merksemda som følgjer med forlagskontakt, leseeksemplar, blurbing og heile den pakka, må ein òg tåle å bli vurdert sjølv, med eit kritisk blikk! Ein må enten ta heile pakka eller ingenting. Ein kan ikkje seie “Ja, takk! Gratis bøker og lenker til bloggen min i marknadsføring og tjo og hei!” og i neste augeblikk komme trekkande med “Min blogg er privat og viss du ikkje liker den kan du la vere å lese”. Og det var her denne diskusjonen om forlag og målgruppe og å gjere bloggen synleg begynte.

        Bokelskerinnen, du har heilt rett i at ein må jobbe for å bli synleg og for å få lesarar til bloggen. Men i og med at vi har ulik bakgrunn – reint fagleg – og er god på ulike ting. For meg er det dermed heilt naturleg at vi bruker litt ulike metodar for å få kontakt med lesarar. Men eg vil ha lesarar, eg blir glad når eg høyrer at folk eg ønsker å nå ut til, les bloggen min. Eg har sjølv facebookside for bloggen, kor dei som vil følgje med, kan følgje med og eg deler oppdateringar på Twitter. Men eg har veldig få følgjarar, både på facebooksida og Twitter. Og eg trur at mange av dei eg ønsker at skal lese bloggen min ikkje held seg oppdatert gjennom slike kanalar i det heile tatt. Eg trur heller ikkje eg får lesarar (eller positiv merksemd) ved å bli sitert på bokomslag og eg ønsker ikkje å gå inn i den typen rolle i det heile tatt.

        Eg synest det er veldig fint det du skriv i den siste kommentaren om kva som er ein god tekst. Det er akkurat det eg etterlyser. Eg vil gjerne at diskusjonen skal flytte seg frå “bejublande amatørisme” til kva er eigentleg ein god tekst.

    • Det var ikke den første delen av setningen din jeg reagerte på. Det var betegnelsen “gode bokbloggere” inni den. Spør du ulike bokbloggere, eller andre for den sakens skyld hva som definerer en god bokblogger, vil du få mange ulike svar. Det ser man jo også på interne diskusjoner. Din kommentar går ut fra din definisjon av hva en god bokblogger er. Det blir på samme vis som at man sier “flinke piker gjør sjelden slik” osv. Det var mitt poeng. Ikke det som handlet om oppmerksomhet, men det er uansett flisespikking.

      For ta det litt tilbake til Bjørgs opprinnelige innlegg. Hvordan kan man som leser uten faglig utdanning vurdere kvaliteten på en tekst på en bokblogg? Hvordan kan en blogger uten utdannelse vurdere kvaliteten på sin tekst før vedlommende publiserer den? Hva er en god bloggtekst? Og mest interessant, synes jeg, hvordan kan vi som bokbloggere bidra til å få søkelyset rettet mot bloggens tekst og ikke alt annet? Som regel når man forsøker å være kritisk, ender det ofte i kategoriseringer som at man er slem etc om man kommer med kritikk. Og åpen kritikk på konkret nivå har vi vel enda ikke sett i bokbloggermiljøet. Miljøet virker å være delt i to mellom de som ikke vil ha kritikk, men bare vil kose seg med det de gjør, mot de som synes kritikk og diskusjoner er interessant og kanskje vil utvikle seg. (Om jeg skal spisse). Hvordan kan man, i et sånt klima, få en god debatt på bokbloggtekster når mange ikke en gang ønsker å delta i debatten fordi de vil gjøre som de selv vil på sin blogg. Dessuten melder mange seg ut av debatter når de begynner å bli interessante -hvordan skape god, meningsfylt debatt i et sånt klima?

      • .. men er det ikke slik at en god tekst er en god tekst, uavhengig av tematikk? For noen er blogg et sosialt tidsfordriv, for andre noe som stikker dypere. Om en vil utvikle skrivingen sin, så trenger en tilbakemeldinger på nettopp tekst, men for å gi tilbakemeldinger til dem som ønsker å utvikle seg og ikke bare hobbyblogge, så må en vite hvem som ønsker hva. Jeg tror ikke det er spesielt for bokbloggere. Så: Kanskje en skulle lete mer etter folk som vil bruke bloggen til noe dypere enn etter folk som kun har bøker som fellestrekk? At noen ikke ønsker debatten, må være helt greit. Det må være opp til den enkelte hva slags debatter hun vil ta og hvem hun vil kommunisere med, tenker jeg.

        For min del ville jeg aldri kjøpt en bok fordi det stod en anbefaling fra en bokblogger på boka, vet ikke om andre gjør det heller – kanskje med unntak av bokbloggerne selv.

      • Eg er veldig einig i at ein god tekst er ein god tekst. Men eg meiner at dersom ein bare skal drive med blogging på hobbybasis, eller som tidsfordriv som du seier, bør ein ta litt avstand frå ting som åpenbart kan brukast kommersielt.

        Nå er det jo slik at bokbloggarar nærmar seg den såkalla profesjonelle litteraturkritikken veldig, og dette er ei yrkesgruppe som har deltatt i debattar om korleis bokbloggarar framstår i forhold til dei som yrkesgruppe, fordi aktiviteten vi driv med i ein del tilfelle er delvis overlappande. Eg veit ikkje om dette er ein debatt som også rammer andre bloggarar?

        Du har rett i at det må vere opp til den einskilde å velje om ein vil delta i debatten. Men det er ikkje alltid opp til den einskilde å reservere seg frå å bli diskutert, når ein først er ute i det offentlege rom, slik ein er på Internett. Og når har det vore ein del debattar om bokbloggarar si rolle i forhold til andre litteraturkritikarar, på andre arenaer enn i bloggane, må ein tåle å bli trekt fram som eksempel i både positive eller negative samanhengar.

        Eg trur terningkast sel, og eg trur ikkje alle bokkjøparar studerer terningkasta på omslaget like nøye. Dersom det er trykka 4-5 terningar med 5 og 6 på omslaget til ei bok, trur eg det påverkar folk til å kjøpe. Og det er ikkje alle som går inn på den aktuelle anmeldaren og ser grundig på kva han eller ho har skrive tidlegare og kor lett det er å få seksar der. Det er ikkje så lenge sidan eg såg ei bok på Norli, med eit lite papirskilt oppå kor det stod “Bokbloggernes favoritt!” etterfulgt av eit varmt sitat frå bloggen “Beathes bokhylle”. Eg synet det er problematisk at ein blogg blir brukt som referansepunkt for “bokbloggerne”, i alle fall i marknadsføringssamanheng på denne måten. Det blir aldri skrive “Avisanmeldernes favoritt” på same måte, sjølv om det er minst like store forskjellar på bloggarar som avisanmeldarar. Men eg trur ikkje alltid kjøparane tar seg tid til å sjekke kven det er som kaster terning.

        Fordi eg er nysgjerrig – kva får deg til å kjøpe ei bok? Lar du deg ikkje påverke av terningkast i det heile tatt?

        • Jeg fikk ikke til å kommentere rett under ditt svar til meg, så derfor legger jeg det her.

          Første avsnittet ditt er jeg enig i.
          Skillet mellom en bokblogger og en “redaktørblogger” kan være url-en, for det er en del som bruker bloggen til å publisere litteraturanmeldelser og -krtikker – dermed ligger det samme innholdet to steder. Det gjør selvsagt ikke url-en uten redaktør mindre verdig/respektabel

          Bloggere er generelt sett ned på, jeg tror det gjelder for alle sjangre. I noen tilfeller brukes bloggere som har mange lesere som intervjuobjekter fordi (tror jeg) at de har mange lesere – de blir en slags kjendiser folk vil følge og som kan gi mediene flere klikk/mer salg. Det er også blitt en trend (ser det ut til) at forlagene sjekker blogger før de tør satse på utgivelse – gjennom bloggene forstår de om personen har inntjeningspotensiale. Jeg forstår det økonomiske motivet, selv om jeg er kritisk til det. Men; jeg tror ikke bloggere blir sett på som noen trussel mot profesjonelle yrkesutøvere innen samme felt.

          Jeg er helt enig i tredje avsnitt, og mange trenger åpenbart en bevisstgjøring rundt dette.

          Jo, jeg lar meg nok påvirke av terningkast, men ikke slik at jeg ønsker meg boka. Jeg velger ut bøker på bibliotekets nyeste-hylle, og da betyr forsiden noe, formatet, skrifttype (alle disse ubevisste faktorene), og at innholdet appellerer til meg på en eller annen måte – noe som henger sammen med hvordan jeg har det, hva jeg leste sist mm. Jeg blir heller frastøtt enn tiltrukket av hyllester og reklame alla “Årets beste bok” eller “Finn frem lommetørket og en kopp te” sånt får meg bare til å himle med øynene og fnise. Hvis folk prøver å legge føringer for hva jeg skal føle/oppleve, mister jeg interessen. Jeg kan finne frem til bøkene mine uten slike billige triks. Er vel derfor jeg har lest få bestselgere..

      • Eg blir ikkje heilt klok på korleis ein skal få til å svare på riktig innlegg, sjølv, eg, altså, så den kjøper eg.

        Eg veit ikkje heilt kva du meiner med URL, men viss du nå snakker om tekstar som er publisert i tradisjonelle medier som seinare blir publisert på blogg, er jo desse like fullt redigerte av redaktør, så eg trur ikkje det var dette kritikarane snakka om på seminaret på Litteraturhuset. Det blei nemleg sagt at viss ein som bloggar skaffa seg ein redaktør, ville ein få høgare truverdigheit (sitert fritt etter hukommelsen). Og eg er einig med ein av paneldeltakarane, Anette Garpestad, som sa at hennar tekstar alltid blir betre av å få gjennomlesing og tilbakemelding frå andre. Det gjer mine tekstar og. Så med redigert tekst meinest det her ein tekst som er bearbeida av ein som kjem med innspel. Når teksten først er redigert, kan blir han ikkje mindre redigert av å publiserast på blogg. Knut Hoem trekte og fram dette med at ein redaktør står ansvarleg for utvalet av bøker som blir anmeldt i tradisjonelle medier. Og det er jo eit sentralt punkt i kritikken, særleg når ein ser at det finst bloggarar som skamroser bøker gitt ut av venner og kjente.

        Dette med at forlaga sjekker bloggar før dei gir ut bøker var nytt for meg. Tenker du då på desse bloggarane som gir ut matpakke- og kokebøker, om det dei blogger om? Det er jo relativt sikre kort då, viss ein veit at ein bloggar har hundretusen lesarar, har jo kokeboka til den større salspotensiale enn kokeboka til ein som ikkje er kjend. Dette med kjendisstatus er jo i seg sjølv interessant. Kva er det som gjer at bloggarar kan få denne typen status?

        Du skriv:
        “Men; jeg tror ikke bloggere blir sett på som noen trussel mot profesjonelle yrkesutøvere innen samme felt.”
        Nå er det fleire profesjonelle litteraturkritikarar som har gått ut og kritisert bokbloggarar. Det ligg lenker til dei fleste i hovudinnlegget mitt over kommentarfeltet. Kritikken går her på at litteraturkritkken blir tatt over av folk som er gode på Internett og sosiale medier, ein kan ikkje vite om det er folk som kan litteratur som driv med kritikk. Og det går på at litteraturkritikken blir utvatna og “amatørisert” når kven som helst kan drive med det. Så den kritikken som er retta frå litteraturkritikarar til bokbloggarar dreier seg i stor grad om akkurat dette.

        Du skriv og at bloggarar blir sett ned på. Det trur eg du har rett i, i ein del tilfeller. Eg trur derfor at det er viktig at vi løfter kritikken over på tekst og snakker om kva som er ein god og ein dårleg tekst, istadenfor å sjå på stereotype forestillingar. I bokblogg-miljøet har det vore store innvendingar mot å snakke om gode og dårlege tekstar, og argument som “min blogg – les den eller la vere”, som du og ser over, er raskt framme i slike diskusjonar. Eg trur vi gjer oss sjølv ein bjørneteneste viss vi ikkje snakker om kvaliteten på det vi driv med. Særleg sidan ein som bloggar arbeider utan redaktør.

  7. Før eller seinare trur eg me bokbloggarar må forstå at me skriv for andre enn berre oss sjølv. Bloggar er ein del av dei nyare massemediene, som står i kontrast til dei meir tradisjonelle på ein del område. Til dømes det med tilbakemelding. Me må akseptere at det er nokon der ute som les det, (mis)bruker det og at me har makt, uansett kva intensjon me har. Det hjelper ikkje å seie at ein skriv ei “personleg dagbok” akkurat som på ein treningsblogg. Me har makt, og me må tåle å bli litt kritiserte.

    Mange kritikarar har manglande kunnskap om blogging, ja, og av og til kan nokre innlegg på bloggane bli litt lite gjennomtenkte ja. Eg ser diskusjonen frå begge sider, og eg trur at beste måten å møte kritikk på er å gjere det til vårt eige og prøve å få best mogleg kvalitet på det. Kvalitet framfor kvantitet. Me må forstå at andre les bloggane våre og ta til oss konstruktiv kritikk, samstundes som me gjer det til vårt eige og oppretthaldar den gode dialogen me har med lesarar og andre bokbloggarar.

    Eg har slutta å seie at bloggen er dagboka mi. Bloggen er den staden der eg får skrive om noko eg liker, fordmidla det vidare og kan prøve å gj andre eit intrykk av kva som er god litteratur. Me må vakne litt på den fronten og forstå at folk les det me skriv. Når me har publisert noko på ein blogg, skal me tåle å lese det på framsida av Dagbladet neste dag. Det er ikkje berre for oss sjølve. Eg synes innlegget ditt er heilt supert, Bjørg! Du tek det verkeleg på kornet.

    Tusen takk for ein reflektert og meiningsfull tekst 🙂

    • Sjølv takk, Mai-Lene! Eg trur det er veldig viktig å sjå på blogg som eit medium, ja. Lesarane veit ikkje kva intensjonen er, og ein kan ikkje definere bloggen bort frå den offentlege sfæra, ved å kalle han ei dagbok, når han ligg åpen. Ein kan jo alltids ha ei privat dagbok som bare er åpen for venner, men då bør ein legge det i eit meir lukka forum. I alle fall viss ein vil skjerme seg for kritiske innspel.

      Eg er einig i at ein del av kritikken kan ha noko føre seg. Eg har ikkje problem med å skjønne kor forestillinga om at bloggarar driv med ukritisk og lite gjennomtenkt terningkasting mot gratis bøker frå forlaga kjem frå. Men det store biletet har langt fleire nyansar og det er derfor eg etterlyser ein diskusjon på tekstnivå.

      Det du seier om å bruke krtikk og ta det til oss og fokusere på kvalitet trur eg er veldig viktig!

  8. Jeg kommer litt sent til denne debatten, men har jo egentlig ikke så mye mer å si enn jeg har sagt før. Veldig enig i det du skriver om en bloggtekst som uferdig og kommentarfeltet som fortsettelsen. Klart vi kan og skal kritiseres. Klart vi kan klage på at kritikken er uinformert. Og klart, men utopisk at vi OGSÅ bør vurderes på tekst.

    Litteraturformidling versus litteraturkritikk.
    Som et svømmebasseng der alle vasser gjennom grunna men kun noen få tør prøve seg på dypet, halvparten drukner, (mhauah), vel det var ikke meningen å få litt.kritikken til å høres så dramatisk og vanskelig ut, liv eller død.. – men skal jeg ta fram spaden som er og ser ut som en spade – er det vel formidling de aller fleste av oss driver med. Forresten: kan man kalle det formidling hvis tonen er negativ?
    (bare for å understreke at det er lov å fjase, og jeg plutselig innså at det jeg skrev om å finne opp kruttet på nytt hos Elisabeth, sannsynligvis betyr, at jeg ikke anser tekst som litteraturkritikk medmindre den er nyvinnende, original og HAR funnet opp kruttet, eller la oss si hjulet for variasjonens skyld, på nytt.)

    • Det kan hende det er utopisk å kreve å bli vurdert på tekst. Men når kritikken baserer seg på stereotype forestillingar eg ikkje klarer å kjenne meg igjen i, blir krtikken meiningslaus for meg. Og det gjeld nok mange. Vi får ikkje ein konstruktiv debatt om blogging som medium, når samtlege bloggarar hisser seg opp over at Anette Garpestad sa noko om bloggarar som skriv om bestselgjarar, og går i gang med å skulle motbevise dette. Det blir ein veldig ad hoc-argumentasjon over det heile, som ikkje fører nokon veg. Og eg trur at mykje av den krtiikken som kunne vore berettiga drukner i eit slags hylekor som ikkje kjenner seg igjen i bestselgjarfokuset. Eg veit ikkje?

      Mitt inntrykk er at det er mange bloggarar som sjølv meiner at dei driv med litteraturformidling, men så beveger dei seg over i krtitikken, ved å for eksempel kaste terning på lesaropplevinga. Og då blir grensene uklare og diffuse. (Nå googla eg litteraturformidling, for å undersøke, fordi eg umiddelbart vil seie at vurdering er kritikk og ikkje nøvdendigvis formidling, og då fann eg ut at vi har jo til og med ein norgesmester i litteraturformidling i blant oss: http://nmlitteraturformidling.wordpress.com/). Eg tenker at “spre leseglede for vanlege lesarar” som det heiter på folkemunne, blant bloggarar flest, er eit formidlingsprosjekt og at det uttalte siktemålet med bloggen då er formidling. Men så beveger ein seg over i kritikken ved å skrive anmeldelsar og vurdere bøker. Og ikkje minst skrive tekstar som blir brukt som anmeldelsar og vurderinga, slik Ingunn Økland er inne på i kronikken Line nemner over.

      Eg veit ikkje om eg er heilt med på dette med nyvinnande og originalt, som du seier. Det er i alle fall ganske mange litteraturkritikarar i ulike tabloidaviser som ville blitt ekskludert frå Kritikerlaget vis orginalitet var eit kriterium. Då kjem bloggarane plutseleg lenger enn dei med redaktør!

      • Interessant hvordan man egentlig ikke vet man mener før man setter fingrene på tastaturet og må svare på noe. Jeg tror, det i mitt hodet, er en forskjell på litteraturkritikk og kritikk av litteratur. Førstenevnte er de som skriver avhandlinger om verbbruk i Proust (et kremt til Renberg), finner uante, bortgjemte lag i kjente verk og kommer opp med fantastiske nylesninger som gleder litteraturstudenter og resulterer i egne grener og teorier innenfor faget. Jeg innser at dette diskvalifiserer de fleste -)

        Kritikk av litteratur er den sekken du finner de fleste bloggere (de som ikke er rene formidlere, eller reklamekanalaer, de fleste journalister, og også de fleste såkalte kritikere. Det er en helt grei plass å være, men nå jeg snakker om krutt og hjul mener jeg vel at bloggere/jounalister/kritikere med ambisjoner burde peile seg inn på selveste litteraturkritikken. Akkurat som alle ustemte tenåringer som melder seg på idol ønsker å vinne.

        Utopisk med å bli vurdert som tekst?
        Itråd med symposiumdansken og den gode historien.
        Det er få forunt å være i den situasjon der teksten får stå alene. Jeg skulle ønske de ikke var slik, pseudonymer all around. Men når forfattere må profilere ego og privatliv for å selge selv GODE bøker, tror jeg ikke at vi bloggere som til en viss grad får våre lesere på at personlighet skinner igjennom, bør være for optimistiske.

      • Ingalill: Skillet ditt mellom “litteraturkritikk” og “kritikk av litteratur” fungerer hvis du kaller det henholdsvis “litteraturvitenskap” og “litteraturkritikk”. Det er innen litteraturvitenskapen at mistilpassede stakkarer kan bruke en hel karriere på å kverulere over fire linjer i Macbeth. Litteraturkritikk innebærer derimot et minimum av virkelighetskontakt, relevans og evnen til å formulere et poeng eller to.

        Jeg blir litt forvirret av måten du skiller mellom litteraturkritikk og litteraturformidling på, og vet ikke om jeg skjønner hva du/dere mener. Jeg tenker at det kan være nokså glidende overganger mellom dem. Man kan drive formidling samtidig som man har en kritisk og kvalitetsbevisst innstilling til litteratur. Da er man ikke kritiker, men kan likevel ha en evne til å vurdere litteratur på en kritisk måte. Vurderingen er bare gjort i forkant, eller ligger implisitt i den formidlende teksten. Og man kan drive med litteraturkritikk i en formidlende stil/tone. Selv om man kommuniserer tydelig med leseren og skriver tilgjengelig, er det de kritiske vurderingene/begrunnelsene teksten fokuserer på. Men jeg tror det er vanskelig å formidle på en negativ måte. Med mindre det man ønsker å formidle er “ikke les denne boken”. Eller tenker jeg helt feil her?

        Selv veksler jeg nok mellom kritikk, formidling og innslag av sære litteraturvitenskapelige greier – gjerne alt på en gang. Jeg tror jeg skriver innenfor en slags bastardsjanger som jeg ikke aner hva jeg skal kalle annet enn “bokblogging”. Kanskje det er sant som det står i Vagant, at bokblogging er en sjanger likevel. Jeg har nesten lyst til å si det, i håp om at det skal lure en eller annen mistilpasset stakkar med forskningskroner brennende i lommen til å bruke de neste førti årene på å definere sjangeren. Lykke til med dét, liksom.

      • Godt du kom og ryddet opp i begrepene.
        Litteraturvitenskap kontra litteraturkritikk passer bra, og jeg tenker at jeg nok forveksler det jeg kalte kritikk av litteratur med formidling, som heller ikke jeg klarer å forestille meg som negativ. Til nå har jeg nok tenkt på formidling som all positiv (seksergjengen), men det utelukker selvfølgelig ikke kritisk blikk/vudering.
        – organisert
        Litteraturvitenskap – (verb i proust)
        Litteraturkritikk – (alt det andre )
        Litteraturformidling – (alt det andre uten for mye surefjes -)
        , æsj, så oversiktlig og obvious det ble nå
        , jeg tar tilbake alle andre kommenater og setter meg for å slikke sårene
        Kruttet ble ikke oppfunnet på nytt denne gange heller.

      • Si ikke det. Jeg synes vi skal si oss fornøyd med at vi på en vanlig ettermiddag tilfeldigvis har klart å definere litteraturkritikk som en slags sekkebetegnelse på alt mellom verb i Proust og smiley-helvetet.

        Apropos seksergjengen: Har VG en årlig kvote på hvor mange seksere gjengen deres får lov til å bruke?

        Det slår meg at vi vet altfor lite om hvordan profesjonelle kritikere jobber. Hvor mye leser de i løpet av et år? Må de innrapportere det noe sted? Sniker de seg unna noe, eller tvangsleser de like mye som oss? Har de avlagt en leserpersonlighetstest noe sted? Jeg lurer på hvor mange listekryss de har. Sikkert dobbelt så mange som oss. Djevlene.

      • Her er eg ute på andre ting og så tar de to ein massiv jobb med å lage og klargjere definisjonar.

        Eg har halde meg til denne definisjonen av litteraturformidling, når eg har skild mellom omgrepa: ”Formidling er en betegnelse for de bestræbelser, der udfoldes i biblioteket for at lede materialer og brugere sammen”. Denne er henta frå bibliotekfag, og kan med fordel utvidast her. Men eg ser altså på det å ønske å vise fram litteratur som finst, fortelje om bøker og tipse andre om bøker med eit mål om at andre lesarar skal la seg inspirere som litteraturformidling. Med andre ord det som på folkemunne blir kalla “å spre leseglede”.

        Litteraturkritikk er positive eller negativ vurderingar av litteratur, i min begrepsbruk. Eg tenker at anbefalingar om å lese eller la vere å lese ei bok, med vurdering og begrunning er litteraturkritikk. Det er dermed delvis overlapp mellom litteraturkritkk og litteraturformidling. Eller litteraturkritikk er alltid ein form for litteraturformidling, men litteraturformidling treng ikkje vere kritikk.

        Litteraturvitenskap er det dei driv med på Universitetet. Som Jarle Klepp si avhandling (er det ikkje stedsnamn i Proust?), masteroppgåver, doktoravhandlinger og forskning. Det er sjeldan overlapp mellom litteraturkritikk og litteraturvitenskap, og dessverre og sjeldan overlapp mellom litteraturformidling og litteraturvitenskap. Forskninga kunne nok tent på å hatt ei litt meir praktisk tilnærming akkurat her.

        Det slår meg plutseleg at eg skjønner kor myta om at nokon meiner at ein treng litteraturvitenskapeleg utdanning for å blogge om bøker kjem frå, viss det er ein vanleg forestilling at det Jarle Klepp driv med er litteraturkritikk. For vi er jo fleire som har snakka mykje om blogging som litteraturkritikk. Når eg snakker om blogging som litteraturkritikk, meiner eg ikkje å stille faglege krav til bloggaren. Mange “profesjonelle” litteraturkritikarar har ingen litteraturvitenskapeleg utdanning, snarare bakgrunn som journalist eller sjølvlært. Å vere litteraturkritikar hander om måten ein snakker om litteratur på. Og idet ein begynner å gi terningkast, driv ein definitivt med litteraturkritikk. Men dette handler om vurdering av tekst, ikkje om faglegheit.

        Interessante spørsmål du stiller Line, om profesjonelle kritikarar. Viss det einaste kriteriet for å kalle seg profesjonell er å ha ein redaktør, er det antakeleg veldig individuelt.

        Er det ikkje ei masteroppgåve om fordeling av terningkast? Eg meiner å ha lese det ein gong. Jo, sjå her: http://masterbloggen.no/blog/2011/01/11/terningkastets-hemmeligheter/ og her: https://www.duo.uio.no/handle/10852/27581 Eg synest absolutt vi bør innføre normalfordeling etter gauskurva på terningkast. Det sikrer oss mot at det går inflasjon i seksarar, både på blogg og i avis. Eller avskaffe terningkast. Begge deler er greit for meg.

      • Jeg tror du har rett i at litteratutvitenskapen har blandet seg inn og komplisert bildet, ihvertfall er det der jeg har blitt forvirret. Ta den ut av sekken og alt blir enklere.

  9. Takk jenter, jeg er usikker på om jeg føler at ting nå framstår som mer klart eller totalt forvirrende for meg. Noen ganger må jeg ha ting inn med det aller minste kryddermålet. Det som er fint er å vite at jeg ikke nødvendigvis må reise ut i den vide verden for å studere for å kunne uttale meg om litteratur 😉 Men det tro jeg egentlig jeg fikk oppklart under Lines foredrag på treffet.

    • Du treng du på ingen måte reise ut i den vide verda. Det er ganske mange “profesjonelle” kritikarar som heller ikkje har utdanning innan litteratur. Så det må ein på ingen måte. Sjølv om det er jo òg ein interessant diskusjon. Korfor blir ein sjølvlært kritikar med redaktør sett på som ein høgare autoritet enn ein med bachelor eller master i litteraturfag, som skriv blogg? Heile redaktørkriteriet faller på si eiga urimelegheit, for det at ein redaktør har gått god for ein skribent seier lite om kompetansen til denne skribenten.

      Eg trur dei fleste bloggar ligg i grenselandet mellom litteraturformidling og litteraturkritikk, slik eg bruker omgrepa, i alle fall. Og det er jo ein fin plass å vere.

Leave a reply to bjorgmi Cancel reply