Lørdagslenker

Til tross for at eg hittil aldri har spelt dataspel som er meir avanserte enn Candy Crush, må eg seie at eg er fascinert over tanken på eit Jane Austen-spel. Det har mange likheiter med tradisjonelle rollespel, som World of Warcraft, men karakterane sloss med sladder og festinvitasjonar, heller enn våpen. (Og ta mitt ord for det, hald deg langt unna Candy Crush. Eg har klart å slutte, men det stal mykje lesetid!).

Eg har lese den (lengste og) beste og analysen av ein erotisk klassikar frå 1700-talet, nokonsinne. Line si lesing av Fanny Hill er uvurderleg, og inneheld grundige analyser av alt frå fallosteori til bekjennelseslitteratur. Det er alltid skummelt å komme med anbefalingar av tekstar som skal vere morsomme, fordi det skaper forventningar hos lesaren. Men dette er definitivt vekas – om ikkje årets – beste blogginnlegg!

Og medan vi er inne på dårlege sexskildringar i litteraturen: Denne veka presenterer The Litterary Review shortlista til Bad Sex Award, som er den litterære prisen i Storbritannia som er mest frykta. Prisen blir delt ut den 3. desember.

New York Times presenterer dei beste (engelskspråklege) illustrerte bøkene i 2013. Min favoritt i denne presentasjonen er bilete nummer 4, av det oppslukande mørkret i trappa. Det er henta frå boka The Dark av Lemony Snicket og illustrasjonen er teikna av Jon Klassen.

Den siste tida er det gjort to store studier som konkluderer med at litteratur og lesing av skjønnlitteratur fører til meir empati, og litteraturvitarane jubler. Men er det verkeleg ein siger for litteraturen, spør Lee Siegel, eller tar denne forskninga bort eigenverdien og anvender kvantifiserbare termer frå samfunnsvitenskapen på litteraturen? “Fiction’s lack of practical usefulness is what gives it its special freedom.”, skriv han, i The New Yorker.

Nemi les Odinsbarn, Siri Pettersen sin svært godt mottatte debutroman og første del i trilogien Ravneringene. 

3 comments

  1. Jeg er helt med på Austen-rollespill!
    Kan forøvrig anbefale Pride and prejudice and zombies, som jeg lo og lo av.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s