Elefantmannen

Då eg var 16 oppdaga eg David Lynch-filmen “The Elephant Man”. Eg fekk filmen anbefalt av ein fyr som eg var over middels betatt av, slik bare 16 år gamle jenter kan vere. Eg såg filmen for å kunne imponere denne fyren. Det må vere den første gongen eg på førehand hadde bestemt meg for å like eit kulturprodukt, for å sjølv bli likt av dei riktige menneskene etterpå. Til tross for at eg hadde bestemt meg for å like filmen for å kunne imponere denne fyren, meiner eg at filmen er god. Eg såg han om og om igjen og eg blei rørt over den såre og vakre filmen, basert på den sanne historia om Joseph Merrick (1862-1890) som hadde ein sjeldan hudsjukdom og blei utstilt som eit monster av underhaldningsbransjen. Eg blei gripen av sympati for Joseph og eg kjende avsky for å vere ein del av den sensasjons- og underhaldningsorienterte menneskerasen, som behandla annleis og sjuke folk slik folk behandla Joseph. Eg kjende på at til tross for at eg kunne føle meg som ein outsider, på aller mest dramatiske tenåringsjentevis, var ikkje mitt liv så verst. Eg hadde tross alt ingen snabel som veks ut av ansiktet mitt. Og folk snudde seg ikkje vekk frå meg i vemmelse.

20131101-210400.jpg

Då eg fekk e-post frå Cappelen Damm om at Mariangela Di Fiore hadde skrive ein biografi for barn om det korte livet til Joseph Merrick, var eg snar med å takke ja til leseeksemplar. Og det var fint å lese boka. Eg hadde ikkje gløymd Joseph, som gjorde slikt inntrykk på meg i tenåra, sjølv om det var lenge sidan eg hadde tenkt på han.
20131101-205636.jpg

Historia om Joseph er fortald på ein enkel og likefram, men likevel rørande, måte. Språket er nøkternt og samtidig litt vemodig, men samtidig litt voksent. Det er ikkje gjennom språket eg får sympati for Joseph som må leve med ein kropp som skremmer folk vekk. Det som grip meg i denne boka er illustrasjonane til Hilde Hodnefjell.

20131101-205603.jpg

Blandinga av fotografi og teikning er med på å minne meg om at historia om Joseph er basert på ei sann historie.

20131101-205620.jpg

Særleg sterk er illustrasjonen på dei siste sidene. Doktoren seier “Sykdommen gjør at du er så stygg på utsiden. Inni deg er du like fin som alle andre mennesker. Men akkurat det visste vi jo fra før”. Deretter går Joseph ut i hagen og kaster frå seg hetta som han har brukt for å skjule anletet. Saman med sommarfuglane og trykket av blader i friske vårfargar er dette eit bilete som vitner om frigjering og håp.

Historia om Joseph er like sterk og like brutal som eg hugser ho frå då eg såg David Lynch-filmen i tenåra. Men medan det eg hugser frå filmen er mørket Joseph levde med, synest eg barneboka – særleg gjennom illustrasjonane – klarer å hente fram håpet som ligg i forteljinga til Joseph. For historia til Joseph er ikkje bare ei historie om eit menneske som blir sett på som eit monster. Det er ei historie om eit menneske som lærer å godta seg sjølv og sine eigne kroppslege begrensningar. Og det er ei sterk historie.

Hilde Hodnefjell har skrive litt om prosessen med å illustrere boka på Forlagsbloggen til Cappelen Damm.

Takk til Cappelen Damm for leseeksemplar. 

2 comments

  1. Midt oppi alt det triste morer det meg at du så filmen for å imponere. Slikt er alltid moro når det gjelder andre enn en selv -). Bildene i denne hadde blitt alt for sterk kost for meg som barn, og jeg kjenner at til og med nå er det på grensa. Helt ned i magen. Også er det vanskelig å ikke tenke på Michael Jackson.

    • Har vi ikkje alle vore der ein gong eller to? Eg trur eg fekk mykje av mi litt sære kulturelle ballast i tenåra med den motivasjonen.

      Når du nemner Michael Jackson kjenner eg at eg blir veldig trist. Eg tenkte ikkje på samanlikninga sjølv, men du har jo heilt rett.

      Eg trur heller ikkje eg hadde likt denne boka som barn, nei. Det burde eg jo eigentleg ha fått fram over, for ho er veldig sterk. Samtidig er ho sterk på ein veldig var måte, slik at det til slutt er ei vakker bok, ikkje minst fordi håpet er så sterkt mot slutten. Men ho er brutal og illustrasjonane er brutale.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s