Det har vore usikkerheit rundt den vidare drifta av Litteraturhuset. Nå melder Klassekampen at FrP vil støtte Litteraturhuset vidare, sjølv om byrådet eigentleg har avslått søknad om stønad til drift.
På Litteraturhuset blir Symposium 2013 arrangert denne veka, med eit variert og spennande program. Blant gjestene er fleire store internasjonale forfattarar, litteratukritikarar og kulturredaktørar. Programmet finn du her. Nigerianske Chimanda Ngozi Adichie, forfattaren av En halv gul sol og Lilla hibiskus er blant forfattarane som har vore i Oslo denne veka. Dagbladet har gjort eit intervju med henne.
Hyperbole and a Half har blitt bok! Her kan du både bestille og ikkje-bestille boka. Sjølv har eg bestilt ho og eg gleder meg til ho kjem i posten.
Bokelskerinnen har skrive eit veldig godt og viktig innlegg om bokhausten og om korleis forlaga fronter bestselgjarane og for ikkje så lenge sidan skreiv Kasiopeiia om dei tilsette i bokhandelen sitt ansvar for å fronte bredden i litteraturen.
Denne veka har det vore utdeling av Nordisk råds litteraturpris. Danske Kim Leine vann, med boka Profeterne fra evighetsfjorden. Den første ungdomslitteraturprisen gjekk til finske Seita Vuorela sin roman Karikko. Dei nominerte til Brageprisen 2013 er og offentleggjorte denne veka.