Lørdagslenker

Via bloggen til Solgunn fann eg fram til ePorten, ein portal for norske forfattarar som sel e-bøkene sine sjølv, som skal lanserast i nær framtid. Eg har registrert e-postadressa mi og venter spent på at tilbodet skal åpne. Forfattar Gert Nygårdshaug varsler eit oppgjer med forlaga, når dei nå sjølv skal ut og konkurrere på pris i e-bokmarknaden.

På tirsdag blei det offentleggjort at den australske 28-åringen Eleanor Catton vann Man Booker-prisen 2013 for romanen The LuminariesDei som vil lese boka i fellesskap, kan delta i Clementine sin lesesirkel i november. Sjølv har eg ikkje bestemd meg for om eg skal melde meg på eller ikkje. Det er så mykje eg har lyst til å lese, så eg må sjå om tida strekk til.

Den 19 år gamle dansk-palestinaren Yahya Hassan skaper Harry Potter-liknande tilstander i danske bokhandlarar, med diktsamlinga Yahya Hassan kor han tar eit oppgjer med foreldregenerasjonen som han meiner har svikta minoritetsungdom og kritiserer dei for å ha svikta barna sine. Han ønsker ikkje å delta i integreringsdebatten, men som diktar vil han fortelje si meining til dei som vil høyre.

Alice Munro kjem ikkje til Sverige for å delta på nobelprisutdelinga sjølv. Ifølgje Englund sin blogg beklager ho dette, men helsa hennes strekker ikkje til.

Kenneth Pettersen og kommafeil-Kristine Kleppo driv forlaget AFV-press (tidlegare Americas Funniest Homevideos). Dei gir ut chapbooks (det vil seie små, korte bøker i lommeformat) av uetablerte skandinaviske forfattarar og skal ha stor lansering av fleire spennande titlar i november.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s