Sten saks papir

Naja Marie Aidt
Sten saks papir
Gyldendal, 2012.
Danmark. 382 sider

sten_saks_papir-naja_marie_aidt-22394605-3580992362-frnt

Eg blei først kjend med Naja Marie Aidt sin forfattarskap etter at ho hadde vunne Nordisk Råds Litteraturpris i 2008 for novellesamlinga Bavian, ei novellesamling eg likte svært godt. I 2012 debuterte Aidt som romanforfattar med romanen Sten saks papir, som eg kjøpte med meg frå ein liten bokhandel i Sæby i sommar. Boka blei omsett til norsk av Trude Marstein og gitt ut på Gyldendal i mai.

Boka har eit velkjend motiv og er på mange måtar bygd opp som ein klassisk oppvekstroman. Faren til den mannlege hovudpersonen døyr og hovudpersonen må ta eit oppgjer med ei oppvekst som er full av svik. Eg har lese om dette tidlegare, i ulike variantar hos Homer og Tore Renberg, hos Karl Ove Knausberg og William Shakespeare, hos Nikolaj Frobenius og Henrik Ibsen. Likevel skriv Naja Marie Aidt fram den kompliserte historia om Thomas og relasjonen han har til den kriminelle og alkoholiserte faren Jaques på ein ny og annleis måte. Sten saks papir er ikkje den sedvanlege faren-døyr-den-unge-mannen-konfronterer-barndommen-sin-historia. Snarare tvert imot. Den unge mannen som har gjennomført ei klassereise og har blitt presentabel, både når det gjeld jobb, leiligheit og interiør, sambuar og omgangskrins konfronterer ikkje barndommen sin, i alle fall ikkje slik han burde i Sten saks papir. Likevel blir han konfrontert med faren sitt liv, med oppveksta utan mora, forholdet til søstera Jenny som framleis bur i det same strøket, dei lesbiske tantene og den kriminelle omgangskretsen til faren. Boka er ei både brutal og sår skildring av ein mann som møter seg sjølv i døra og blir ståande som framand overfor dei menneska som har betydd noko for han, i ein periode av livet har har lagt bak seg.

Thomas trækker sig uvilkårlig tilbage. Tvillingerne begynder straks at samle slik og chips ind. Alle andre stimler sammen ved baren. Luc får travlt med at lave gin and tonics, han skænker øl og hvidvin op, pigerne får cola. Lucs ansigt; glødende. Fregner hen over næsen, flødeglat hud. Maloney beder om en lille whiskey. Jenny betragter, hvordan Luc hælder vin fra en karton op i et sodavandsglas. Hun har stadig handsker på, da hun tager imod det. Et ulideligt syn med de mennesker i den bar, tænker Thomas oprørt, min egen familie. Den joviale velvilje. De prøver at tækkes Frank, samtidig som de i bedste fald ser ned på ham, i værste fald afskyr ham. Til at brække sig over. Thomas kanter sig forbi buffeten og ud. Så snart døren falder i bag ham, ryster han en cigaret ud af pakken, og således, med ansigtet badet i sollys og ryggen mod muren, forsøger han at få kontrol over en bølge af vild vrede. (s. 104).

Samtidig som fortida innhenter Thomas i den forstand at han møter mennesker som han ikkje har hatt kontankt med på lenge, er det livet til Thomas her og nå som heile tida står i sentrum. Han reiser på helgetur til tantene sine, saman med familien som blir utvida med både barndomskompisen Maloney og den unge guten Luc, som hevder å ha hatt ein veldig god relasjon til Jaques.

Romanen er bygd opp som ei gresk tragedie i tre deler, med presentasjon, konflikt og katharsis, renselse. Samtidig som konfliktane bygg seg opp, blir det irrasjonelle sterkare og sterkare hos Thomas. Thomas går inn i ei stadig større eksistensiell krise og blir gradvis innhenta av ein galskap han er i ferd med å miste kontroll over. Og dette er det som grip meg mest, i denne sterke og velskrivne romanen. Thomas står midt i ein kamp mot galskapen samtidig som han heile tida har ei rasjonell kraft som vurderer si eiga psyke.

Han beslutter at købe ind. Supermarkedet er fyldt med familier, der tøffer rundt med store indkøbsvogne og fylder dem med mad. Der er kø ved alle kasser. Børnefamilierne ser ud til at købe ind til hele ugen, mælk, brød, frostvarer, morgenmadsprodukter, store pakker med toiletpapir. Thomas tager ting ned fra hylderne, men har hele tiden en hyletone i øret av irritation. Og da han står og lægger varer op på båndet, gedeost, rødløg, kiks, mineralvand og en hel masse mere, går han pludsligt i stå. Alle disse mennesker skal dø. Alle disse mennesker i alle aldre, der pludrer lystigt, pjatter og morer seg, skændes og snakker sammen, eller som er alene og ser jagede eller triste eller glade eller lettede ud, eller ligefrem lykkelige, de skal dø. Måske snart. De skal ligge i et kølerum og ligne voksfigurer. Deres indvolde og kød vil svulme op og rådne, bakterier vil eksplodere i dem og få dem til at stinke som selvdøde køer på en mark i femogtredive graders varme. (s. 42-43).

Innimellom får romanen eit slags flinkis-preg, kor det kan sjå ut som om forfattaren har eit stort behov for å demonstrere kva ho kan. Særleg ei episode framstår, som Torbjørn Hauken òg peiker på, som veldig konstruert, då familien til Thomas skal ha ein lyrikkonkurranse, kor dei skal sitere dikt og gjette tittel, diktsamling og forfattar. Dette ender opp i ein stor diskusjon om haiku-diktet og det heile framstår meir som ein konstruert demonstrasjon av kunnskap enn som ein del av heilskapen i romanen.

Sten saks papir er ein roman med ein enorm intensitet og ein roman kor dei sanselege detaljane og kontrastane i livet kjem sterkt fram. Romanen er full av mørk humor og detaljerte skildringar av enkle ting. Sten saks papir har element frå både oppvekstromanen og kriminalromanen, men skil seg samtidig frå alle etablerte romantypar og er noko heilt for seg sjølv.

2 comments

    • Verkeleg? Det var jo kjekt å høyre. Eg har drøya med å skrive ferdig og poste denne, fordi eg føler eg bare trekk fram det åpenbare. Men eg synest mykje av spenninga i teksten er knytta til det at boka både er så veldig tradisjonell i motiv og oppbygging og samtidig så langt unna dei bøkene ho minner om. Det var bare så vanskeleg å formulere det.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s