Eg og Margaret Atwood, eit nytt vennskap

Innimellom er det å lese ein ny forfattar som starten på eit nytt vennskap som eg med ein gong veit at kjem til å vare lenge.

Det siste døgnet har eg blitt venner med Margaret Atwood, gjennom månadens lesesirkelbok The Handmaid’s Tale i Line sin 1001-bøker-lesesirkel. Det er ikkje heilt sant at eg møter Atwood for første gong, for eg las Den blinde morderen ein gong for lenge sidan, like etter at boka var komme ut på norsk. Eg trur det var ei bokklubbok eg tilfeldigvis hadde gløymd å avbestille. Av ein eller annan grunn hugser eg ikkje så mykje av den boka. Eg hugser at eg likte ho, men ikkje stort meir. Når folk har snakka om Atwood i nobelprissamanheng har eg tenkt ja og ha og kanskje det? Og så har eg tenkt at eg må lese ei bok til av henne, for å skjønne kor denne entusiasmen kjem frå.

Nå, etter dei første femti sidene av The Handmaid’s Tale kjenner eg at dette er starten på eit varig vennskap mellom meg og Margaret Atwood. Eg er oppslukt og les med stor glede. Eg vil ha meir. Eg klarer ikkje vente heilt til slutten av månaden med å dele begeistringa for forfattaren. Eg må starte allereie nå.

 

 

10 comments

  1. Jeg deler begeistringen din, og forstår ikke hvorfor det er så lenge siden sist jeg leste en av Atwoods romaner. Det er så intelligent, velskrevet og fengende på alle måter. Jeg begynte på Handmaid i går og ble helt oppslukt. Gleder meg til lesesirkel!

    • Ja, eg skjønner ikkje korfor eg ikkje har lese ho før, eg. Eg gleder meg òg til neste søndag! Det blir spennande å både skrive og lese om denne boka.

  2. Kjenner meg så godt igjen i det du skriv her! Atwood er ei av dei forfattarane som eg lenge har hatt lyst å lese, fordi eg trudde eg ville like bøkene hennar. Og det fekk eg verkeleg bekrefta med denne boka! Er glad for at eg har mange uleste bøker å glede meg til, men er også litt nervøs – for alle kan jo ikkje vere like god som The Handmaid`s Tale…? Så då er spørsmålet: Kva bok av Atwood skal vere den neste eg les?

  3. Jeg skjønner godt at du hadde behov for å dele din begeistring for Atwood lenge før bloggdato for The Handmaid’s Tale, sjeldent å komme over en så bra bok!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s