Lørdagslenker

Denne veka har det litterære nyheitsbiletet vore prega av nobelprisannonseringa, først av spekulasjonar rundt kven som kan komme til å vinne og etter annonseringa av Alice Munro som vinnar av saker om Munro og hennar forfattarskap. Lyran har posta bokmeldinga av Kärlek, venskap, hat i reprise, saman med ein utfyllande motivasjon for at Munro skal få nobelprisen. Frøken Flink er kjempefan av Munro og jubler både over at ho får prisen og at prisen går til ei amerikansk kvinne, saman med Clementine, som er skeptisk til Den Svenska Akademiens eurosentriske tendensar og som meiner at Munro er ein av seks nordamerikanarar som fortener nobelprisen. Ho er den første reine novelleforfattaren som vinn prisen. For dei som er interesserte i ein breidare presentasjon av forfattarskapen trykker Dagbladet Fredrik Wandrup si fine oversikt over Munro sitt verke som forfattar og i London Review of Books finn vi Christian Lorentezen sin grundige gjennomgang av forfattarskapen til Munro frå i sommar. The New Yorker sitt intervju finn du her. Viss du vil vere med å lese Alice Munro, er du velkommen til å delta på samlesinga av ei valfri novellesamling, her i bloggen.

Den 1. oktober publiserte Metro sin journalist Jack Werner historien om Veronica Larsson, og kjent som TheIneffableSwede, eit namn som har vore svært godt synleg i svenske sosiale medier. I artikkelen “Vem är Veronica?” får vi følgje journalisten si jakt på og avdekking av denne personen som viser seg å vere heilt oppdikta. Det er ein interessant kommentar til eit samfunn kor stadig fleire bruker sosiale medier til å lage nettverk og knytte virituelle venskapsbånd.

Lurer du på kva forfattarar ser frå vindauga sine medan dei skriv? The Paris Review har ein serie med tekst og illustrasjonar, kor dei viser fram utsikta til ulike forfattarar.

Og samtidig har Geir Isaksen aka Dipsolitteraten vist fram skriveplassen sin, med ei oppmoding til bloggarar om å gjere det same. Eg har lova at eg skal vise fram bilete, eg må bare rydde først.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s