Nobelprisvinnar Alice Munro – invitasjon til samlesing

Image
Biletet er henta frå Wikipedia.

I år har endeleg den canadiske novelleforfattaren Alice Munro vunne nobelprisen i litteratur. Det var på ingen måte overraskande, ho har blitt nemnd i nobelprissamanheng i fleire år nå og dei seinaste åra har Svenska Akademien blitt kritisert både for å ha gitt prisen til for få kvinner og for at det er for lenge sidan ein nord-amerikanar fekk prisen. Og i år blei det altså ei nordamerikansk kvinne. Äntligen.

Sjølv har eg kun lese nokre enkeltståande noveller av Munro og eg har lenge tenkt at eg skulle ha lese meir av henne, men eg har bare ikkje komme så langt. Eg synest derfor det er vanskeleg å gjere meg opp ei meining, både om forfattarskapen og om kor vidt nobelprisen er fortent eller ikkje. Derfor vil eg lese Munro i oktober og eg inviterer dykk med til ei samlesing av Alice Munro sine noveller. Sjølv skal eg begynne med Too Much Happiness frå 2009.

Vil du vere med? Eg tenker ein enkel “lesesirkel” kor vi les ei sjølvvald novellesamling av Munroe og blogger om boka den 10. desember, dagen for prisutdelinga. Skriv gjerne i kommentarfeltet kva for ei bok du vel å lese, når du “melder deg på”.

37 comments

  1. Har kun lest en novellesamling av henne(uvennskap,vennskap,forelskelse,forlovelse,ekteskap) og ble fascinert av fortellingene i den samlingen,de fleste i hvert fall. Jeg melder meg på og skal lese “Rømlingen”.

    • Så kjekt! Runaway er den einaste eg har lese nokre noveller frå. Eg hugser faktisk ikkje om eg har lese heile. Men det gav verkeleg meirsmak, så eg skal prøve å få lese den og.

    • Veldig kjekt at du er med! Det er vanskeleg å velje, eg ser jo nå at eg bare har lese to noveller i Runaway og ikkje heile boka. Eg trur eg må lese fleire.

  2. […] (aller?) siste; Dear Life, først, men vi får se. Sikkert er det i alle fall at jeg blir med på Bjørg fra mellom linjene sin Munro-samlesning! Dagens gladnyhet der, altså. Og godt jobba til Svenska Akademien som ikke akkurat har vært […]

  3. Ja, dette vil eg gjerne vere med på! Har ikkje heilt klart å motivere meg til å lese noveller, men no kom giv’en 🙂 Eg må sjå nærare på kva eg vil lese.
    Eg trur faktisk aldri eg har vore innom bloggen din før, endå så godt eg “kjenner” deg frå norske bokbloggarar på facebook. Flott blogg, her kjem eg tilbake 🙂
    Ynskjer deg ein glad dag!

  4. Er med!

    Har lest en del av Munro før (3-4 samlinger) og er veldig glad i henne. Tror jeg leser The Beggar Maid i denne omgang, siden den gir 1001kryss også. Knis. Men jeg er ikke sikker, det er mulig jeg finner (og stjeler) en annen samling i min mors bokhylle.

  5. Jeg vil gjerne henge meg på. Lurer på om jeg kan ha vært borti henne på videregående, men det står helt stille hvilken novelle av henne. Derfor utforsker jeg gjerne universet til Munro, men må nok komme tilbake til hvilken samling. Litt avhengig av bibliotektilbud:)

  6. Ok, eg vil gjerne vera med – med atterhald om at eg finn ei av samlingane hennar på biblioteket. Har ikkje lese noko av det ho har skrive tidlegare.

  7. Munro er fantastisk, og så fint å lese henne sammen. Gleder meg! Jeg tar frem en av bøkene jeg allerede har av henne, finner ut hvilken senere, hvis det er ok.

    • Det høyrest jo fornuftig ut. Eg vil jo aller helst lese alt av Munro, men eg rekk neppe det før 10. desember, så eg må bare begynne i ein ende.

  8. Vi skal lese Alice Munro i en lesesirkel jeg er med i. Tror det blir Rømlingen. Ikke sikker på om jeg rekker 10. desember, men skal prøve, for det er gøy med samlesing:-)

  9. Jeg elsker Munro (hvis man kan si det slik), så her slenger jeg meg med!

    Fra før har jeg lest “Rømlingen”, “Uvennskap, vennskap, forelskelse, forlovelse, ekteskap” og “For mye lykke”, men “Utsikten fa Castle Rock” står i bokhylla, så regner med at det blir den 🙂

  10. Hei! Jeg er også med. Har bestilt to av samlingene (på engelsk), The Love of a Good Woman og The Bees, vi får se hva jeg ender opp med å lese. Kanskje begge to?

  11. Ouch. 10. desember er jaggu to dager unna, og jeg har ikke åpnet en eneste Munro-bok. Unnskyld! Men jeg skal om ikke annet linke opp til den gamle anmeldelsen min av Too much happiness da – vi får kalle det et slags plaster på såret for oss begge. 😉 Håper ellers du har hatt en aldeles fortreffelig bursdag!

    • Ei re-posting av Too much Happiness er jo absolutt eit plaster på såret. Eg skal lese boka ferdig i dag, sjølv, eg og så skunde meg å skrive om ho. Tida går plutseleg fort, du har rett i det.

      Og takk – det blei ein veldig fin dag.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s