Lørdagslenker

Forrige veke forsvant lørdagen så fort at det ikkje blei lenker frå mellom linjene, men nå er eg tilbake.

Det nærmer seg midten av oktober og eg gleder meg til å høyre Gert Fylking rope “Äntligen!” i år òg. Eg håper han slepp inn i lokalet. Dersom du er blant gamblarane, kan du ta ein kikk på Ladbroke si liste over sannsynlege vinnarar. Det er mykje pengar å hente i å satse på Merethe Lindstrøm eller Per Petterson. Sjølv elsker eg at Jon Fosse står på fjerde plass og at Murakami står øverst. Særleg det første. Eg venter i spenning på annonseringa.

Det er på tide å presentere ein av mine favoritt-bloggar, Hyperbole and a Half, som denne veka (endeleg) oppdaterte igjen med eit innlegg kostymer og makt (eg skal la vere å slå ein dårleg spøk om norsk politikk dei siste vekene). Gjennom dei enkle teikningane og dei enkle tekstane bloggaren enorme mengder livsvisdom på ein svært humoristisk måte. Les!

Besøk bloggen Hyperbole and a Half

Og så til ei gladmelding for den kvalitetsbevisste lesaren: Skjønnlitteratur av litterær kvalitet (i den aktuelle studien avgrensa som skjønnlitteratur nominert til prestisjetunge prisar) auker lesaren si evne til å sette seg inn i andre folk sin tankegang og forstå andre sine kjensler, melder forskning.no.

Jostein Avdem Fretland og Mariell Øyre har nyleg debutert som forfattarar, som par, med boka & me skal bli omskapte. Saman har dei trassa forfattarmyta om den einsame forfattaren og via NRK sine nettsider kan du høyre dei lese frå boka dei har skrive.

Og til alle som deltek i Line sin lesesirkel, eller til dei som bare er glad i lister og synest 1001-lista er morsom, kan eg melde om at det er laga ein app slik at du kan halde styr på dei 1001 bøkene på iPhonen din. Eg kjende eit vell av nerdelykke, då eg såg Elida lenke til denne på facebook.

10 comments

  1. Jeg ble så så så glad når jeg oppdaget at Allie var tilbake igjen. Og at hun maktet å skrive om noe annet enn depresjon, – jeg har tenkt mye på henne når hun har vært borte. Hyperbole and a Half er favoritthjørnet mitt av internett.

      • Med “nerdene med dei “riktige” interessene”, meinte eg dei som lager appenel, altså. Presiserer. Eg har inntrykk av at det er mykje meir til android for folk med heilt andre interesser enn litteratur.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s