Lørdagslenker

Ei av dei store nyheitssakene for bokprisinteresserte denne veka, er at Booker-prisen blir utvida til å gjelde alle engelskspråklege forfattarar. Clementine bak bloggen “Har du lest?” har skrive eit veldig godt og oppsummerande innlegg om dette. Og medan vi er inne på amerikanarar og bokprisar, kan eg jo nemne at National Book Awards si langliste blei klar denne veka.

Som eit apropos til at The Lowland er blant Booker-nomineringane i år, har Alex Williams gjort ein interessant observasjon. Det er ein suksessfaktor å skrive ei bok med -land i tittelen, melder The New York Times, og trekk fram eksempel som Joyland av Stephen King, Sisterland av Curtis Sittenfeld, Fairyland av Alysia Abbott. Jungleland av Christopher S. Stewart og Motherland by Amy Sohn.

Den drevne bokbloggaren Thelme Melck, eller Jørn Roeim som mannen bak bloggen Aroundbooks heiter, har eit svært interessant prosjekt på gang. Han les På sporet av den tapte tid av Michel Proust og han les om Proust og om Proust sitt enorme verk, og han reflekterer godt rundt lesinga.

Og medan vi er inne på tunge, klassiske verk, skulle du trenge ei modernisering av Middlemarch, kan du ta turen innom Ms. Grammarian, som har oversett romanen til Emoji.

Den amerikanske forfattaren Jonathan Franzen har den siste tida gått hardt ut mot kulturen han lev i. Mellom anna har han skrive essayet “What is Wrong with the Modern World”, samtidig som han kritiserer internett, twitter og bruken av sosiale medier. Og det er kanskje grunn til å vere kritisk til at den offentlege debatten i stadig større grad foregår på sosiale medier og ikkje i tradisjonelle medier, ifølgje Bernhard Ellefsen det, i Morgenbladet.

6 comments

    • Det var definitivt det mest informative eg har lese om Booker-regelendringa, så det skulle bare mangle. Og ja, NY Times-artikkelen var morsom, eg elsker slike litt kuriøse trendobservasjonar.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s