Lørdagslenker på ein søndag

Denne veka kjem lørdagslenkene litt seint. Eg hadde planlagt å forhåndspublisere innlegget, før eg drog på Bokbloggertreffet 2013, men eg kom aldri så langt. Men nå er dei her, så har de lesestoff til søndagen.

Denne veka har short-list-nominasjonane til The Man Booker Prize blitt offentleggjort.
Kortlista ser slik ut:

We Need New Names av NoViolet Bulawayo
The Luminaries av Eleanor Catton
The Harvest av Jim Crace
The Lowland av Jhumpa Lahiri
A Tale for the Time Being av Ruth Ozeki
The Testament of Mary av Colm Tóibín

Av desse seks bøkene, er det bare Ruth Ozeki si A Tale for the Time Being og The Testament of Mary eg har skaffa meg foreløpig. The Guardian presenterer dei seks forfattarane, med bilete. Og for dei som vil lese dei seks kortlistebøkene, kan eg anbefale Clementine sin lesesirkel på Den har jeg lest. Eg gjer sjølv eit førsøk på å følgje den.

Den indiske forfattaren av boka A Kabuliwala’s Bengali Wife, Sushmita Banerjee, kvinna som fekk skjebnen sin skildra i filmen “Escape from Taliban” er myrda, truleg av muslimske ekstremister, melder Sveriges Radio.

Kor viktige er klede og kostymer i bøker? spør Claire Armitstead for The Guardian. Ville Margareth Atwood og Jane Austen sine romanar vore dei same, utan kleda og kostymene?

The New Yorker presenterer dei nye bøkene som kjem ut i september. Her er det fleire spennande titlar, sjølv er eg nysgjerrig på Jonathan Lethem’s Dissident Gardens, Booker-nominerte The Lowland og Coetzee si sin siste roman, The Childhood of Jesus. Eg har også nyleg kjøpt inn Susan Sontag si essaysamling “Against Interpretation” and Other Essays, og ser at fleire av dei same essaya er med i den nylanserte utgåva av essay frå 60-talet også. 

Og til slutt, vil du finne ut kva du kan om skjønnlitteratur? Ta VG sin litteraturquiz!

 

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s