Fram mot valet og lørdagslenker

For nokre veker sidan fekk eg ein – i all beskjedenheit – god idé. Eg skulle e-post-intervjue sentrale politikarar om kulturpolitikken deira og synet på boklov og poste svara deira her på mellom linjene. Det har vist seg å vere eit ambisiøst prosjekt å få kontakt med sentrale politikarar nå i valkampen, det er bare Audun Lysbakken frå SV og Torbjørn Røe Isasken frå Høyre som har svart på intervjuet mitt. Og det er jo ikkje urimeleg at profilerte politikarar har andre ting å drive med, nå om dagen. I kampen for å nå over sperregrensa, finst det viktigare arenaer enn ein simpel blogg. Derfor har eg forsøkt å gjere som Leo, finne fram sjølv. Eg dedikerer dermed denne lørdagens lørdagslenker til valet og til kulturpolitikken og til bokloven.

I Dagsavisen har Arnfinn Bjerkestrand skrive litt om skillelinjene i kulturpolitikken, det dreier seg om kulturskule som ein del av heildagsskulen, NRK si framtid og kunstnarlønn og stipend for smalare sjangrar, som ikkje finansierer seg sjølv.

Senterpartiet og SV vil satse på kultur på kommunenivå, gjennom å stryke tilbodet til barn og unge gjennom satsing på kulturskulane. Dei vil òg gjere det opp til ein kvar kommune å vurdere om dei skal satse på bibliotek eller korps og ta bort den statlege styringa over midler til bibliotekdrift og kulturskule.  Arbeidarpartiet vil kjempe for boklov, medan Høyre og FrP vil avskaffe denne.

Det har vore mykje snakk om at kultureliten er prega av raude og raud-grønne sympatiar, eg repeterer Morgenbladet si sak frå forrige veke. Og det er mange grunnar til at kulturfolk stemmer rødt. Ib Thomsen har gått ut og sagt at FrP vil ta bort kunstnarstipenda, og dermed livsgrunnlaget til ei rekke kunstnarar, fordi dei er ei kvilepute for kunstnarar. “Han mener kunstnerne må produsere kunst som folk ønsker å kjøpe. – Vi mener det ikke er viktig med såkalte smale filmer eller bøker. Det er heller ingen som kan definere hva det er, sier Thomsen.” seier han til Klassekampen.

Det er partia på rød og blå fløy som har vore mest synlege i media, når det gjeld kulturpolitikk. For å finne ut kva sentrumspartia står for, må vi gå til partiprogramma deira. Venstre ønsker å satse på bibliotek, lett tilgjengelege offentlege data, fritt internett og mediepolitikk som sikrer mangfaldet. Venstre vil likestille e-bøker og p-bøker med tanke på mva. Dei gir ikkje noko eintydig svar med tanke på boklov eller ikkje, men vil uansett behalde fastpris for å sikre mangfaldet i norsk litteraturKristelig Folkeparti er nokså samstemde med Venstre kva angår bibliotek og digitalisering. Dei skriv i partiprogrammet sitt at dei vil satse på kulturtilbod for barn og unge og er det einaste partiet som eksplisitt nemner kyrkja med tanke på kulturminnevern. Heller ikkje KrF tar eit eintydig standpunkt i boklov-spørsmålet, men skriv at dei vil legge til rette for eit sunn utvikling som forhindrer usunn maktkonsentrasjon i bokbransjen.

 

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s