Lørdagslenker

Dei store norske forlaga har (endeleg?) begynt satsinga på e-bøker, melder Klassekampen. Både CappelenDamm og Gyldendal satser på å gjere backlist-titlar tilgjengelege digitalt og Aschehoug har gjort titlane sine tilgjengelege for brukarar av Kindle-formatet.

Diskusjonane rundt kulturpolitikk har blussa opp, etter relanseringa av KulturkampenMorgenbladet har undersøkt partitilhøyrigheit til 17 store kulturinstistusjonar og stadfesta myta om at kultureliten stemmer rød-grønt. Olemic Thommesen i Høyre forklarer dette med at Arbeidarpartiet har sett sine eigne folk i sentrale posisjonar, medan Hadja Tajik avviser dette og meiner tilsettingar skjer med bakgrunn i kompetanse og kvalifikasjonar og at det er styrene som står bak tilsettingane. Klassekampen melder at FrP sin varsla kulturpolitikk vil føre til at 1094 kunstnarar mister stipenda sine. Miljøpartiet De Grønne får sterk kritkk frå kulturlivet, mellom anna for å ville mjuke opp opphavsretten.  Arbeiderpartiet og Hadja Tajik blir kritisert for å lage liste og drive skrivebordspolitikk, når kulturlivet treng meir konkrete tiltak.

Bjørnstjerne Bjørnson har ifølgje forskningsbibliotekar Marius Wulfsberg vore vikitg i definisjonen av det norske sjølvbiletet. Nasjonalbiblioteket har arrangert Bjørnson-seminar, for å gjere Bjørnson-forskninga meir tilgjengeleg.

Erlend Loe fekk årets Aschehoug-pris, æresprisen som blir delt ut på den tradisjonsrike hagefesten til forlagsgiganten. I begrunninga til juryen blir Loe sin særeigne skrivemåte vektlagt: “Loe har utviklet en unik skrivemåte som forvandler ethvert emne til litteratur”.

Visste du at Alice i eventyrland blei forbudt i Kina fordi dyr og mennesker snakker same språk? Eller at A Light in the Attic blei sensurert fordi boka oppfordra barn til å knuse tallerknar istadenfor å vaske dei opp? Her kan du lese 15 absurde grunnar til at bøker er blitt sensurerte – og sjølv om seksuelt innhald og blasfemi ikkje overraskande er overrepresentert, er det langt frå dei einaste grunnane.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s