Fram mot valet: Audun Lysbakken frå SV

ValgVi nærmer oss stortingsvalet og eg har tatt kontakt med profilerte politikarar frå ulike parti og stild spørsmål om kultur- og litteraturpolitikken deira. Eg vil presentere svara eg har fått, med jamne mellomrom fram mot valet.

Først ut er Audun Lysbakken frå Sosialistisk venstreparti:

Kva er det viktigaste for SV, innanfor kulturpolitikken?

Det viktigaste me kan gjere i kulturpolitikken er å leggje aktivt til rette for at det skal eksistere eit breitt kunst- og kulturliv i Norge. Det offentlege har ei særleg viktig oppgåve i å sikre mangfald i kulturlivet. Og om eg skal trekkje fram ei enkeltsak SV vil kjempe ekstra mykje for, vil det vere å gi eit kulturløft til barn og unge. Me vil gi barna fleire magiske kulturopplevingar og leggje til rette for at dei får sjå meir film, møter fleire forfattarar og får fleire musikkopplevingar. Kulturskulane og biblioteka bør styrkast, det vil bety mykje for mange barn og unge.  

Kva tenker SV om boklov?

Litteraturen er for viktig til å bli overlatt til marknaden åleine. SV går inn for ei boklov som tar vare på kulturarv og språk gjennom å oppretthalde fastprissystemet.

Viss du skal velje ei bok du skal anbefale vidare, kva for ei bok vil det vere?

«Boktyven» av Markus Zuzak.

5 comments

  1. For en god idé! Jeg har vært så opptatt av andre temaer i valgkampen at kulturpolitikken har kommet litt i bakgrunnen. Det blir veldig kjekt å få bedre oversikt over hva de ulike partiene vil satse på.

  2. Flott tiltak, Bjørg! Jeg har “reklamert” for dette på Bokblogger.no sin Facebook-side. SV har gode tanker rundt det å sikre våre barn et godt kulturtilbud, det er bra.

    Herlig at Lysbakken har valgt seg “Boktyven” i siste spørsmål, det er en bok som setter sine spor og ikke minst så er det en meget god historie.

    • Takk for det, Mari! Det var hyggeleg av deg.

      Boktyven gjorde inntrykk på meg og, eg hugser ho godt, sjølv om det er lenge sidan eg las ho. Det slo meg at vi les og høyrer ofte historiar om motstandskjemparar og liknande under andre verdskrigen, men eg syntest Boktyven fortalde ei annleis historie om korleis det var å vere “vanlege mennesker”, verken motstandskjempar eller nazist, under krigen.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s