Bokhausten 2013

August er ei spennande tid for alle bokinteresserte, det er den månaden forlaga offentleggjer planane for dei nærmaste månadane. Dei siste to vekene har det vore lansering av haustlister frå alle forlaga. Eg fekk med meg pressekonferansene til Flamme, Tiden og Samlaget (Line har fått med seg langt fleire og gitt fyldige reportasjar frå lanseringane). Det er mykje spennande som rører seg på den norske bokfronten i haust og eg må sette av godt med tid til å lese, for å rekke det eg vil.

Romaner og noveller

2013-08-14 10.33.53
Frå Tiden sitt nye lokale ved St. Olavs plass

Eg tok med meg Gaute Heivoll sin roman Over det kinesiske hav frå Tiden sin pressekonferanse. Eg var veldig begeistra for Heivoll, allereie då Himmelarkivet kom ut og eg likte svært godt den kritikarroste gjennombrotsromanen Før jeg brenner ned. Dei bøkene eg har lese av Heivoll tidlegare, bunner i faktiske, historiske hendingar, noko som skaper ei veldig fin spenning mellom det fiktive og det verkelege. Line har allereie lese boka, og skriv litt meir om ho her. Nicolai Houm las eit utdrag frå De håpefulle, ein generasjonsroman som strekker seg frå 60-talet og fram til i dag. Denne har eg òg veldig lyst til å lese, saman med Ida Hegazi Høyer sin andre roman, Ut.  Jens M. Johanson sin roman Bryllup og begravelser frå same forlag ser òg ut til å vere ei lesverdig bok, som føyer seg inn i rekka over romanar med eit sjølvbiografisk element. 

Flamme forlag gir i haust ut den siste boka i Kristian Lundberg sin Malmö-trilogi, En hjemby. Desse bøkene frå Malmö har eg lenge tenkt eg skal lese og nå som trilogien er komplett, må det prioriterast.

Samlaget sine debutantar i 2013
Samlaget sine debutantar i 2013

Frå Samlaget skal eg lese debutant Erica Löfgren sin roman Sex, musikk og vold, som eg fekk leseeksemplar av tidlegare i august. Ein annan debutroman er & me skal bli omskapte av paret Mariell Øyre (dama bak verdas største nynorskblogg, Hjartesmil) og Jostein Avdem Fretland. Denne boka handler om Jakob som reiser frå vestlandet til London for å starte sjokoladebutikk. Samlaget har i det heile tatt ei stor gruppe debutantar, både innanfor skjønnlitteratur og sakprosa. I september  kjem Jan Roar Leikvoll med ny roman, SongfuglenAgnes Ravatn kjem òg med ny roman, Fugletribunalet, ein roman som har plass på må lese-lista mi. Jens K. Styve har skrive romanen Friedland om familien Friedland, dei som hadde namnet sitt på alle ringeklokkene, då eg veks opp, med både tittel og forside som skapte humring i salen då boka blei presentert.

CappelenDamm har allereie gitt Roy Jacobsen sin nyaste roman De usynlige eit suksesstempel. Sjølv er eg usikker på om eg kjem til å lese denne, då eg ikkje har vore så begeistra for Jacobsen sin skrivemåte tidlegare. Av norsk skjønnlitteratur, relanserer CappelenDamm mange kjende namn. Blant anna gir dei ut store deler av Lars Saabye-Christensen sin forfattarskap på ny, i anledning 60-årsdagen hans. Avdøde Stig Sæterbakken har òg fleire titlar på haustlista deira. Thomas Lundbo har komme med “en slags omvent sci-fi” med boka Karakterer. Etter La Bruyère, som ser interessant ut. Lista over omsett litteratur frå CappelenDamm er sterk, med Paul Auster og J. M. Coetzee si brevveksling Her og nå, Ismail Kadare sin roman Den uønskede middagen, Et møte av Milan Kundera, Nikolaj Gogol sine Peterburgsnoveller og den siste romanen til Jonathan Franzen, Lenger unna.

Guro Idsøe Viken og Inger Johanne Sæterbakk har lenge skrive “Magnhilds antiblogg” og i år kjem boka Magnhild, presentert som chic-lit for dei som ikkje liker chic-lit, frå Aschehoug.  Frå Aschehoug kjem også Helga Flatland med tredje del av Afghanistan-trilogien, Det finnes ingen helhet. Eg har akkurat lånt Bli hvis du kan. Reis hvis du må på biblioteket, etter å ha fått anbefalt Flatland sine bøker av etterkvart ganske mange.

Frå Schibsted forlag er det romanen Stockholm av debutant Trine Viken som peikar seg ut som mest interessant, ein debutroman om Bergmann og filmane hans. Forlaget kjem òg med ein teikneserieadapsjon av Stieg Larsson sin trilogi om Lisbeth Salander, så dersom ein mot formodning ikkje er lei plottet, etter å ha sett filmane i reprise på TV2-filmkanalen, kan ein få ei ny tolkning av denne krimsuksessen.

Frode Grytten er ein forfattar eg har hatt sansen for lenge og sjølv om eg har vore meir begeistra for novellene hans, enn romanen Saganatt, kjem eg heilt sikkert til å lese Brenn huset ned, som kjem på Oktober i slutten av august. Ein annan novellist som kjem med roman i år er Naja Marie Aidt. Eg har lese fleire av novellene i Bavian, novellesamlinga som ho vann Nordisk Råds Litteraturpris for i 2008, fleire gonger. I sommar kjøpte eg romandebuten hennar Stein, saks og papir på dansk og i haust kjem denne omsett til norsk frå Gyldendal. Alice Munro si novellesamling Bare livet kjem òg ut på norsk i haust.

Gyldendal har òg fleire debutantar som ser spennande ut, mellom anna De svarte skiltene av Lars Mørch Finborud og Å holde pusten av Agate Øksnedal Kaupang. Av meir etablerte forfattarar, kan vi sjå fram til Bergeners av Tomas Espedal, ein roman om Bergen med James Joyces Dubliners som førebilete. Den nigeriske forfattaren av En halv gul sol, som eg har hatt på leselista mi lenge, Chimamandie Adichie sin roman Americanah kjem òg ut på norsk hos Gyldendal. Gyldendal har fleire omsette svenskar, mellom anna Per Olov Engquist med Lignelsesboken og ein Jeg ringer mine brødre av Jonas Hassan Kehmiri, forfattaren av suksessen om å vekse opp i to kulturar, Ett öga rödt. 

Barne- og ungdomslitteratur

Samlaget har ei spesielt sterk barne- og ungdomsliste. Etter å ha bladd litt i katalogen deira, er eg blitt spesielt fascinert over dei broderte illustrasjonane til Helga Gunerius Eriksen i boka Hetti og Petti vender omEg legg og merke til at Anne Viken har komme med bok nummer to om Elise, Elise og mysteriet på hesteklinikken. På pressekonferansen presenterer Samlaget Leseland, ein app med bøker for barn på nynorsk. Her finn ein bøker i fire ulike nivå, frå “Ny i leseland” til “Leseproffen”. Eg applauderer denne satsinga på å gjere nynorsk tilgjengeleg for barn og unge.

Gyldendal sin app Lesestart er også retta mot barn som nettopp har lært seg å lese. Det er ein app med eit e-bokbibliotek som består av korte bøker med forteljingar og morsomme illustrasjonar. Gyldendal har og appen Kubbe lager skyggeteater, med både tekst, animasjonar og musikk.

Medan Samlaget har satsa sterkt på ny barne- og ungdomslitteratur, vil CappelenDamm relansere dei gamle klassikarane, både Tor Åge Bringsverd sine bøker om Karsten og Petra, Albert Åberg-bøkene, Mummi-bøkene til Tove Jansson og Astrid Lindgren sine bøker om Emil blir gitt ut på ny i 2013. Frå Gyldendal kjem det også fleire gamle klassikarar på ny, mellom anna bøker om Ole Brumm og Den lille larven Aldrimett, og dei filmaktuelle bøkene om Mormor og de åtte ungene av Anne-Cath. Vestly.

Lyrikk

Bendik Vold og Nils-Øyvind Haagensen presenterer Flamme si haustliste
Bendik Wold og Nils-Øyvind Haagensen presenterer Flamme si haustliste

Flamme forlag har ei sterk lyrikkliste. Tronsmo-sjefen Terje Thorsen kjem med si fjerde diktsamling, Jeg er bikkja til Frank. Bård Torgersen har nyleg lansert diktsamlinga Du bestemmerei diktsamling kor motiva er henta frå forbrukarundersøkingar.

Det er to diktsamlinger eg bare lese i haust, begge frå Flamme. Den eine er Linda Klakken si Mamma, kone, slave, noko så unikt (i alle fall blant norske samtidslyrikarar) som ei samfunnskritisk diktsamling. I Mamma, kone, slave tematiserer Klakken diskrimineringa av skeive i Norge. Klakken var på lanseringa og las opp eit sterkt dikt om dottera som ser Dagsrevyen, kor dei demonstrer mot homofilt ekteskap i Paris, medan dei to mødrene lærer henne å lese. Den andre diktsamlinga kjem frå den meir etablerte poeten Nils-Christian Moe-Repstad, Teori om det eneste. Bok I og II. I desse to bøkene tematiserer Moe-Repstad mellom anna kroppen som natur i det forlaget kaller “en språklig bearbeidelse av anatomisk ødeleggelse og sykdom, men også en bevegende, fandenivoldsk, usentimental språkreise gjennom et liv der “alt er sant og alt er løgn” – en antibiografi”.

Harald Nortun gir ut diktsamlinga Nesten saman, ei diktsamling for ungdom om å vere ung og forelska og nesten saman, på Samlaget. Frå CappelenDamm kjem Kristin Berget med diktsamlinga Hennes ansikt, som eg allereie har lånt på biblioteket, og frå Aschehoug kjem den prsibelønna diktaren Jo Eggen med samlinga Øydikt. Kagge forlag gir ut Arne Hjeltnes sine Heimelaga dikt, bruksdikt til kvardags og fest, med dei beste dikta frå dei tre forrige diktsamlingane hans. Også Gyldendal gir ut lyrikksamlingar frå etablerte lyrikarar, blant anna Øyvind Rimbereid, Øyvind Hånes.

Frå Tiden kjem Ruth Lillegraven med boka Urd, ei bok eg er svært nysgjerrig på, først og framst fordi eg lurer på om det er ein lyrisk roman eller ei episk diktsamling. Eg har bare bladd i boka og ho ser ut som ei diktsamling, men ho har baksidetekst som om det er ein roman. Dette ser ut som ei veldig spennande bok, som eg allereie har sikra meg leseeksemplar av. Frå Tiden kjem òg Tiril Broch Aakre med diktsamlinga Kniplinger, ei diktsamling som handler om forventningar før fødsel og det nye livet som blir til.

Dramatikk

Arne Lygre gir ut dramateksten Ingenting av meg på Aschehoug. Han blir omtala som ein av Norges viktigaste dramatikarar og forlaget samanliknar han ubeskjedent med Ibsen og Fosse. Lygre er ein dramatikar som har gjort inntrykk på meg med stykket Brått evig, som eg las og såg sett opp for fleire år sidan. Ifølgje forlaget er Ingenting av meg eit stykke som tematiserer språket si avmakt i nære relasjonar.

Olaug Nilssen sitt bestillingsverk til jubileet til Det Norske Teateret, Stort og stygt om småbarnsliv og tidsklemme blir også gitt ut denne hausten. Eg fekk dessverre ikkje med meg oppsettinga av stykket, men eg er begeistra for Nilssen og håper eg får lese dramaet.

Sara Stridsberg sitt skodespel Medealand, som tar utgangspunkt i Euripides Medea, kjem òg ut i bokform denne hausten. Stridsberg er ein forfattar eg blei svært begeistra for, då eg las den collageliknande romanen Drömfakulteten, som ho fekk Nordisk Råds Litteraturpris for i 2007.

Sakprosa

Samlaget har gitt ut ei samling e-postar frå Ragnar Hovland, ei bok som allereie er omtala som haustens morsommaste bok, blant fleire kritikarar. Boka Frå Ragnar til alle er Samlaget sitt innblikk i ein ny del av Hovland sin forfattarskap.

Bokhausten er prega av ønsket om å forstå kva det var som skjedde den 22. juli 2011. Flamme gir ut ei samling av Tom Egil Hverven og Sverre Malling sine essay og kommentarar til rettsaken. I Terrorens ansikt. Skisser fra 22. juli-rettsaken, forsøker dei å re-humanisere gjerningsmannen gjennom å forsøke å forstå han som eit menneske. Det same gjer Åsne Seierstad frå Kagge. I boka En av oss forsøker ho å finne ut kva som dreiv massedrapsmannen i tida før 22. juli. Saman med Simon Sætre si portrettbok Fjordman. Portrett av en antiislamist, frå CappelenDamm, ser det ut til å vere ein tendens til å utforske og forsøke å forstå ideologien bak det som skjedde denne sommardagen.  

Lars Akerhaug gir ut ei dokumentarbok om Mohyledeen Mohammad og det radikale muslimske miljøet som har blomstra opp i Norge rundt grupperinga Profetens Ummah. Norsk jihad ser ut til å vere ein svært aktuell dokumentar om det som rører seg i denne subkulturen, frå Kagge.

Det kjem fleire interessante essaysamlingar denne hausten. CappelenDamm gir ut Litterære Essays av Vigdis Hjorth. Og til tross for at eg aldri har vore så veldig begeistra for Hjorth sine romanar, kjenner eg begeistringa over at norske forlag satser på å gi ut denne typen essaysamlingar. Haustens høgdepunkt frå Aschehoug er den norske omsettinga av Siri Hustvedt si essaysamling Livet, tanken, blikket. Eg kjøpte den engelske boka som e-bok, etter å ha høyrd ekteparet Hustvedt-Auster på Victoria i vinter, men eg har ikkje lese ho endå. Eg har aldri lagt skjul på mi begeistring for Hustvedt og eg gleder meg til å lese denne! Aschehoug gir også ut ei komplett samling av Geir Gulliksen sine sakprosatekstar, om ulike sider ved litteraturen. Jan Erik Vold kjem med ei essaysamling, Poesi ad lib som står høgt oppe på innkjøpslista mi. I denne essaysamlinga les diktaren dikt av andre poetar, uavhengig av teori.

Edmund Austigard presenterer Samlaget si haustliste
Edmund Austigard er stolt over å bidra med fleire nynorskbøker til språkåret 2013

2013 er språkår, noko Edmund Austigard understreka fleire gonger under pressekonferansen til Samlaget. Og frå Samlaget kjem fleire bøker om språk og språkhistorie, meir eller mindre laust forbunde til 200-årsjubileet til Ivar Aasen. Nynorsk for dumskallar, Språkleg toleranse – for faen og Kva skal vi med sidemål er blant bøkene om språk, i tillegg til Otto Grepstad sin Ivar Aasen-biografi, som gjekk rett inn på bestselgjarlistene. Kagge satser og på språk, med Norsk etymologisk ordbok, ei  tematisk ordna ordbok som er samla og skriven av Yann de Caprona. Norsk-Somalske Guleed Abdi har gitt ut slangordboka Den nye norsken. 

Det er ikkje bare Ivar Aasen som blir feira med den store biografien til Ottar Grepstad, som eg fekk på pressekonferansen til Samlaget. Den folkekjære kokken Ingrid Espelid Hovig sitt liv blir fortald av Ingar Sletten Kolloen og gitt ut på Gyldendal. Frå Samlaget kjem òg Kathrine Sele sin biografi om Kenneth Sivertsen, jazzmusikaren som døydde så alt for ung.

Schibsted tjuvstarter grunnlovsjubileet med å gi ut Karsten Alnæs si 1814 Miraklenes år. Alnæs skapte mykje debatt om kjeldebruk, då han gav ut Historien om Norge for ein del år sidan. Samanlikna med andre historiebøker har eg sansen for den skjønnlitterære forteljingsmåten til Alnæs. Schibsted har òg gitt ut teikneserien Ibsen på en time av Henrik og Katarina Lange, som og står bak 80 romaner for deg som har det travelt, ei bok som har gitt meg mang ein god latter.

So much to read… 

Etter å ha bladd gjennom katalogane for hausten 2013, sitt eg igjen med den sedvanlege kjensla av at det er altfor mange bøker og altfor lite tid. Som vanleg kjem eg nok ikkje til å rekke over alt som ser spennande og som vanleg må eg plukke ut og prioritere. Likevel, haustlistene ber med seg løfter om mange seine kveldar med ferske bøker og ein god kopp te, utover hausten og vinteren.

Katalogar

Her kan du finne katalogar, dersom du er interessert i å sjå nærmare på haustlistene sjølv:
Flamme forlag
Tiden
Samlaget
CappelenDamm
Aschehoug
Kagge forlag
Schibsted forlag
Oktober forlag
Gyldendal norsk forlag

11 comments

    • Eg har jo ikkje lese nokon av dei bøkene eg tipser om her, så du får ta det for det det er – ei liste over bøker eg har trua på, i eit synse-føle-gjette-perspektiv.

  1. Fint innlegg, som gjør at jeg sitter igjen med samme følelse som deg: det er altfor mye interessant som kommer til at jeg vil få med meg alt. Her må det prioriteres på høyt plan.Jeg merket meg den historiske romanen Rasmus Rebellen på Samlagets pressekonferanse, og har bedt om leseeks på den. I tillegg er jeg veldig spent på sakprosaboken om Det Norske Teateret.

    Merket meg forøvrig at “Stockholm” fikk terningkast 5 og flott omtale i VG i helgen.

    • Rebellen sin bok la eg ikkje merke til (sjølv om eg satt like ved deg). Der ser du kor ulikt vi kan oppfatte ting. 🙂 Ja, prioritering er høgst nødvendig, i år som kvar haust. Eg har tenkt at eg skal vere litt mindre ivrig på bokkjøpinga i år, slik at eg ikkje sitt i mai igjen og irriterer meg over å ha betalt fastpris for bøker til 99,- som eg ikkje har rekke å lese endå. Eg må sjå etter Stockholm i VG då. Eg hugser ikkje kor det var eg las om boka, men eg la merke til ho for nokre veker sidan og tenkte at den må eg få meg med.

    • Absolutt eit luksusproblem. Og du har rett, eg rekk heller aldri lese alt eg kunne ha tenkt meg å lese. Listene mine blir bare lenger og lenger. Og det gjer for så vidt at det blir viktigare for meg å ikkje kaste bort lesetida mi på bøker eg ikkje liker, så eg har blitt flinkare til å ikkje lese ferdig, viss eg ikkje får noko igjen for å lese ei bok. Nei, ein må bare ta det ein klarer og la resten ligge, eg kjem i alle fall ikkje gjennom alt.

  2. Vilken utförlig och inspirerande genomgång! Här finns mycket att hämta och jag har skrivit så att pennan brinner. Gaute Heivolls senaste känns som ett måste! Tack ska du ha Björg!

    • Ja, den har eg verkeleg trua på, eg og! Kjekt å kunne vere til inspirasjon, det er jo eigentleg bare ei oppsummering av kva eg har lyst til å lese i haust.

  3. Fin oversikt – og så mange fine bøker!! Her er det bare å benytte hver ledige time så effektivt som mulig 😀

  4. Her var det mykje interessant. Sjølv gler eg meg mest til Agnes Ravatn, Helene Uri, Selma Lønning Aarø og Gaute Heivoll. Er du ikkje begeistra for Vigdis Hjorth sine romanar, altså? Eg diggar dei, men essaysamlinga blir nok likevel ikkje lest med det første.

    • Eg likte Jørgen+Anne=sant i sjette klasse, altså. Elles har eg lese Om bare og Hjulskift. Om bare er lenge sidan, så den hugser eg ikkje så godt, men Hjulskift var irriterande full av stereotype karakterar og problemstillingar. Å bygge eit plot rundt akademikarar-og-håndtverkarar-kan-i-alle-fall-ikkje-fungere-saman-stereotypien blir litt for mykje for meg. Men eg har ikkje lese alt ho har skrive altså.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s