Lesarprofil

Bokmerker.org har sparka igang bokhausten med lesarprofilar, henta frå bokhora, ein idé eg synest er morsom, så eg tar oppfordringa og kopierer til min eigen blogg.

1. Hvilken bok leste du sist?

Stein til stein. 39 dikt og 1 salme av Jon Fosse. Ei veldig fin diktsamling, med alt det eg liker så godt frå Fosse.

2. Hvilken bok skal du begynne på nå?

Eg held på med Den afrikanske farm av Karen Blixen og The Unconsoled av Kazuo Ishiguro. Den første liker eg veldig godt, den andre har eg ikkje klart å gjere meg opp ei meining om.

3. Er det mest mannlige eller kvinnelige forfattere i bokhyllen din?

Eg er jammen ikkje sikker, eg har aldri telt over, men eg vil tru det er ein større andel menn enn kvinner, utan at eg tenker så nøye over kjønnet til forfattaren når eg vel bøker.

4. Teller du alltid hvor mange sider du har igjen av en bok, eller tenker «nå har jeg kommet en fjerdedel/halvparten» eller lignende?

Det hender, særleg når eg føler eg har mange bøker eg vil lese. Men eg tar meg i det og minner meg sjølv om at lesing skal vere avslappande.

5. Hvordan velger du hvilke bøker du vil lese? (For eksempel omslag, tips fra venner, anmeldelser, topplister, blogger osv)

Eg les ofte på anbefaling frå venner og frå bloggarar eg veit eg deler litterær smak med. Eg synest det er spennande å følgje med på nyare skandinavisk samtidslitteratur og debutantar, så mykje av det eg les er og vald ut på bakgrunn av omtaler og anmeldelsar i aviser og forlagskataloger. Elles har eg ei stor bokhylle med bøker eg har kjøpt fordi eg tenker eg skal lese dei, her er det ei fin blanding av nyare litteratur og klassikarar. Eg leiter ofte fram den neste boka eg skal lese, i denne hylla. (Eg har skrive om å velje bøker før her og her).

6. Når er en bok for lang?

Gode bøker er sjeldan for lange. Og eg har blitt flinkare til å legge bort bøker som eg av ein eller annan grunn ikkje orkar å lese ferdig, så det er sjeldan eg opplever at bøker er for lange.

7. Leser du like gjerne på engelsk (hvis det er originalspråket) som på norsk?

Ja, engelsk, dansk og svensk les eg like gjerne på originalspråket som på norsk. I år har eg som mål å lese ei tysk bok også.

8. Hvilken bok var den siste du bare måtte overtale ALLE vennene dine til å lese?

Mnem av Simon Stranger har lenge vore ei slik bok. Nå har Leksikon om lengsel også blitt den typen favoritt.

9. Kan du slutte å lese en bok hvis den er kjedelig? I så fall – når gir du opp?

Det kjem litt an på – tidlegare las eg alltid ferdig ei bok. Nå legg eg boka bort viss eg synest ho er direkte dårleg. Dersom eg kjenner at denne boka har ei rekke kvalitetar, sjølv om ho ikkje engasjerer meg, hender det eg les ferdig likevel. Så det kjem litt an på boka.

10. Hvilken sjanger er overrepresentert i bokhyllen din – og hvilken finnes ikke?

Eg trur eg har mykje skandinavisk litteratur som er gitt på ut etter 2000, men eg har og ein god del klassikarar. Og så har eg mange diktsamlingar, men kva eg har mest av er eg jammen usikker på.

 

6 comments

  1. En fin profil og en morsom utfordring!
    Stein til stein har jeg akkurat lånt og ser frem til å lese Fosse. Jeg tok også med meg en ny diktsamling av Margaret Atwood, hun er fin -)
    Jeg er ikke så flink med den nye skandinaviske litteraturen, det er et område jeg har tenkt jeg må bli bedre på 🙂

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s