Lørdagslenker

Bokbloggen til NRK har denne veka presentert ferielektyre med handling frå dei fem mest populære feriebyane for nordmenn. Her finn du lesetips dersom du skal til Barcelona, London, Paris, New York og Berlin. Eg kan skrive under på anbefalinga av London-bøkene The Picture of Dorian Gray og White Theet. Ian McEwan sin Saturday var derimot ikkje ei bok som fallt i smak, for min del. Ei av Paris-bøkene som blir anbefalt er Faïza Guène sin ungdomsroman Drømmer for gærninger. For nokre år sidan las eg debutromanen Kiffe, kiffe i morgen, ein sterk roman frå invandrarmiljøet i ein forstad til Paris, ei bok som gjorde inntrykk. Frå New York anbefaler dei og ei bok eg likte svært godt, nemleg Jonathan Safran Foer sin roman Extremely Loud and Incredibly Close, om tida etter 11. september fortald frå ein farlaus gutt sitt perspektiv.

Det er ikkje bare bokblogg-redaksjonen i NRK som legg ut på litterære reiser i fellesferien. Kathleen skriv og om Londonbøker før Londonferien sin, på bloggen Sukkerrør. Og Silje har lenge planlagt Paris-ferien, med å lese om Paris.

Flaworwire har photoshoppa bort ein bokstav i ein del boktitlar, med eit underhaldande resultat.

The Paris Review presenterte tidlegare i veka eit langt og omfattande intervju med den canadiske novelleforfattaren Alice Munro, i anledning 82-årsdagen hennar, 10. juli. Her kan du lese om livet, oppveksten, ekteskap og om ei kvinne som for femti år sidan kombinerte småbarnslivet med å skrive og å realisere forfattardraumen.

Norske hemmeligheter, ein blogg kor du kan sende inn hemmelegheita di og få ho på trykk, med ein fin illustrasjon, ligg nå på 20. plass på Bloggurat. Det tyder på at det er fleire enn meg som har oppdaga denne gullgruva av ein blogg med ein herleg strek. Er du ein av dei som endå ikkje har begynt å følgje Norske hemmeligheter, anbefaler eg deg verkeleg å besøke sida.

One comment

  1. Så gøy med anbefaling av NORSKE HEMMELIGHETER! ser jo at posten er fra litt tid tilbake, men likevel! Takk for det – håper du fortsatt har glede av prosjektet =)

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s