Tempo

Dei siste vekene har det vore travelt på heimefronten med besøk av familie og venner og eit stort selskap for den store babyen vår. Det har vore fine dagar, eg har fått mykje tid saman med folk eg ikkje har sett på lenge. Samtidig viser det seg at det er i tida etter at babyen har lagt seg at eg les bøker og når eg stort sett er sosial etter leggetid, blir det lite tid igjen til å lese. Derfor har eg brukt lang til på bøkene eg held på med nå, Er jeg fri nå? av Linn Stalsberg, lesesirkelboka Til fyret av Virginia Woolf og The Great Gatsby av Scott F. Fitzgerald som eg vil lese før eg ser den nye filmatiseringa. I dag sette eg meg for første gong på lenge ned på dagtid, for å lese. Det var vanskeleg å finne roa i post-planlegge-og-gjennomføre-familieselskap-moduset eg var i. Eg las i The Great Gatsby i over ein time, og irriterte meg over at e-boka ikkje gav nokon form for indikator på kor mykje det var igjen av boka. Eg meiner, eg vil sjå framdrift, eg er utålmodig, eg vil bli ferdig med alle desse bøkene som eg har begynt på! Eg har fleire bøker som har ligge lenge på nattbordet, fordi eg har tenkt at eg snart skal lese dei, som  Leksikon om lengsel, Monstermenneske og En hinsides mann og ei bok av Eivind Hofstad Evjemo som eg lånte på biblioteket i mai. Desse vil eg og bli ferdig med. Eg vil vidare, eg vil utforske nye bøker. Eg vil lese ferdig bøkene på nattbordet og flytte nye bøker frå bokhylla, biblioteket og bokhandlaren inn på nattbordet. Plutseleg slår det meg at istadenfor å bruke denne sårt etterlengta fri-timen, denne pausen eg har sakna i det siste på å lese og slappe av, øydelegg eg både timen og boka med å stresse. Og det var akkurat det eg ikkje skulle gjere denne timen.

Eg ser fram til rolegare dagar. Eg ser fram til å kunne slappe av og lese bøker. Eg skal skru ned tempoet nå. Eg gleder meg til å oppdatere meg på alt som har rørt seg i bloggsfæra dei siste vekene, det som står i tidsskrifta og bladene eg abonnerer på og eg gleder meg til å finne ut om det blir Gatsby og Daisy til slutt.

2 comments

    • Hehe, takk for det. Eg har vel meir eller mindre kutta ut tv-en, til fordel for bøkene, eit bevisst val. Og til tross for at eg har slutta å sjå på tv, er eg framleis ikkje oppe i ti bøker i år. Så det er merkbar forskjell frå tidlegare. Men det er godt å sette seg ned med tekoppen og boka, når babyen søv og oppvaskmaskinen og vaskemaskinen står og durer.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s