[Mammabokblogging] Boktips før leggetid

Dei siste vekene har det vore ferie- og familietid. Det har blitt lite lesetid for meg, stabelen med bøker på nattbordet veks, men det har eg planer om å gjere noko med.

Den vesle kroken min, han skal krøkast. Så han er dei siste vekene blitt introdusert for Karius og Baktus i form av ein app som kombinerer det gamle høyrespelet frå kassetten eg hugser frå barndommens bilturar med bileta frå boka og den herlige streken til Torbjørn Egner. Appen kostar 49.-  og er ei så langt ei god investering. Vi har begynt å ha kosestund med Egner-klassikaren kvar kveld før leggetid.

20130630-044618.jpg

Appen er på mange måtar ein moderne versjon av dei illustrerte lydbøkene som sa “Pling! Når du hører denne lyden, kan du bla om til neste side”-bøkene eg høyrde på då eg var lita. Forskjellen er at bladinga går av seg sjølv, etter at du har trykka på play-knappen på første side. 20130630-044628.jpg

Både illustrasjonane og Torbjørn Egner si opplesing av teksten er den same gamle. Og ved første gjennomlytting, var det veldig morsomt å oppdage at eg framleis hugser store delar av teksten utanatt, ordrett, frå då eg høyrde på kasetten min som barn.

Her i huset er det sangane som er mest populære, så før kveldsmat sitt den vesle guten min på fanget og blar fram og tilbake og leiter etter sangane. Han gir klart uttrykk for at han kjenner igjen sangane og bileta og at denne kosestunda med Torbjørn Egner si stemme og teikningar er ein fin del av kveldsrutinane.

20130630-044610.jpg

Kort sagt: Vi elsker denne måten å kombinere gamle høyrespel med ny teknologi! Vi ser gjerne meir av dette!

4 comments

    • Eg trur kanskje skjermen på iPhone blir litt i minste laget, men eg har ikkje prøvd sjølv. Padda var 30-årspresang her i huset, og er eit fint ønske til ein slik anledning. Eg abonnerer på ei rekke tidsskrift og blad og det er glimrande å kunne lese på senga, med lyset av.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s