Lørdagslenker

Literary-Stamp I samband med at Dublin er Unescos litteraturby, har det irske postvesenet lansert eit frimerke med ei novelle på 224 ord trykka på. Eg kjenner eg ønsker meg eit brev frå Irland.

Ian Banks døydde 9. juni, 59 år gammal, like før romanen The Quarry skulle lanserast. I eit siste intervju med The Guardian, seier han at han likte betre å skrive Sci-Fi enn meir litterære tekstar, men han er kjend for begge deler. Britiske Granta har lagt ut novella “Under Ice”, som kan lesast her.

Svenske Linda Skugge ved Karlstad Univeristät, har skrive doktorgradsavhandling om litteraturkritikaren si rolle. I Litteraturmagzinet blir ho intervjua, og her seier ho at oppfatninga av kritikk er at han er stor og viktig, men at kritikarane sjølv har ei kjensle av at deira rolle har endra seg med inntoget av litteraturbloggar. Dette får meg til å tenke på debatten Line sette i gang i forkant av  Bokbloggertreffet i fjor haust, kor ho oppmoda bloggarar til å tenke gjennom rolla si, som litteraturkritikarar.

Denne veka har det lengste tyske ordet blitt fjerna frå ordlistene. Det 63 bokstaver lange Rindfleischetikettierungsüberwachungsaufgabenübertragungsgesetz som beskreiv ein lov for merking av kjøtt, ein lov som ikkje lenger er i bruk. Dette er eit ord som er utenkeleg i anglo-amerikanske språk og min indre nerd gleder seg over at måten å sette saman ord på i germanske språk. Dette er eit strålande eksempel på viktigheita av å fortsette kampen mot særskrivingsfeil.

Og til slutt litt kunst for bokelskaren. Den britiske biletkunsnaren Jonathan Wolstenholme har mala ein serie nostalgiske akvareller med bøker i ulike situasjoner.

JW bøker

4 comments

  1. Så mange kule linker! Likte spesielt godt det med frimerket og tyskland, for jeg har en tendens til å synes at akkurat sånne ting er megainteressante (rare meg) 😀

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s