Lørdagslenker

Litteraturprofessor Atle Kittang døydde 1. juni, 72 år gammal etter eit kort sjukeleie. Det er eit stort tap for det littearturfaglege miljøet at Kittang ikkje kjem til å skrive meir. Sjølv hadde eg stor glede av Kittang sitt arbeid i studietida, han skreiv gode og tilgjengelege analyser som åpna opp litteraturen på mange måtar. Jon Fosse har skrive eit sterkt minneord for Vagant, “Det som alltid har vore der”.

Skodespelar Asta Busingye Lydersen kritiserer castingansvarlege for å bare sjå på hudfarge i pamfletten Afropolitt, ein del av Aschehoug sin serie Stemmer, ein serie som presenterer ulike kvinnestemmer i samband med 100-årsjubileet for kvinners stemmerett i Norge. Lydersen sine utspel har skapt debatt om kva filmselskapa ser på, når dei caster folk og skodespelaryrket. Toni Usman meiner at problemet ikkje bare dreier seg om hudfarge, men og om alder og andre faktorar.

Det danske selskapet Mofibo vil lansere ein streamingteneste for bøker, som skal tilsvare det Spotify er for platebransjen. Dei har laga programvare for iPad og iPhone, og vil etterkvart lansere programvare for Android også. Fire store danske forlag vil vere med, og tenesta vil ifølgje Politiken koste under 100 DKK i månaden. Eg er spent på kva slags titlar som vil vere tilgjengelege i eit slikt tilbod.

Nobelprisvinnar Orhan Pamuk støtter opptøyene i Istanbul og gleder seg over å tilhøyre eit folk som gjer opprør mot autoritært styre og benytter seg av retten til å delta i politiske protestar. Han skriv om Taksim-plassen, den grønne plassen midt i Istanbul, kor myndigheitene har beslutta å bygge kjøpesenter, som ein plass som samler innbyggarane i byen og som alle har eit minne knytta til.

Frå og med mandag er det sommar, i alle fall på radioen. Då begynner Sommer i P2, programmet kor 60 nordmenn får kvar sin time å snakke om noko dei er opptatt av på radioen. Fleire litteratur- og kulturpersonlegheitar står på programmet for dei første 14 dagane, eg gleder meg til å høyre mellom anna Lahlum, Åmås og Ingulstad neste veke.

Eg har oppdaga teikneserien Zelda i Dagbladet. Nydelege striper med kvardagsglimt frå livet til den unge feministen, kunstnarspira og livsnytaren Zelda. Zelda-stripene er eit dagleg høgdepunkt og absolutt på nivå med stiper som Nemi, Pondus og Lunch.

Zelda

Og medan vi snakker om teikneseriar har eg ein til gladnyheit: Sivilstatus er tilbake, nå med fødselsrapport og ny kvardag! Eg humrer godt og kjenner meg veldig godt igjen i Kristin Storrusten sine glimt frå den første babytida.

 

2 comments

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s