Lørdagslenker

Novelleforfattaren Lydia Davis har denne veka blitt kåra til årets ManBooker-prisvinnar. Ho er kjend for å skrive svært korte noveller og i begunnelsen frå juryen heiter det at ho har fornya novellekunsten, med noveller så korte som to setningar, som denne: “I was recently denied a writing prize because they said I was lazy.” ManBooker-prisen er ein høgthengande pris på £60 000, som går til med det formål å auke lesinga av kvalitetsfiksjon og å tiltrekke merksemda til “the intellegent general audience”. Tidlegare vinnarar er blant anna Hillary Mantel, Julian Barnes, Howard Jacobsen, Aravind Adiga, John Banville og J. M. Coetzee. Edit: Labben gjorde meg merksam på at eg har blanda saman Den Internasjonale Bookerprisen og Bookerprisen. Davis er vinnar av Den Internasjonale Bookerprisen. Mantel, Barnes og dei andre er vinnar av Bookerprisen. 

filosoFISK.no, ei nydeleg nettside med Helge Torvund sin herlige strek og korte, filosofiske dikt, gjerne med eit ordspel. Sida blir oppdatert med fire nye korttekstar kvar fredag og ho er absolutt verdt eit besøk!

Hans Olav Lahlum har denne veka blitt svært synleg i media. For det første har han lansert boka Et kvart liv, ei bok om Håvard Vederhus som omkom på Utøya, 22. juli. 2011, denne veka. Ifølgje Dagsavisen har Lahlum løyst den vanskelege oppgåva det er å skrive ei slik bok, på ein veldig god måte. Eg både gleder meg og gruer meg til å lese boka, sjølv.

Dagen etter lanseringa av Et kvart liv, sette Lahlum verdsrekord i  lengste TV-intervju på VGTV, ein rekord som har fått stor merksemd på Twitter (#verdenslengste). I løpet av det 30 timar lange intervjuet, snakker Lahlum om oppvekst, politikk, historie og ei rekke andre tema. Steinar Sagen og Bjørn Eidsvåg har svart med å lage verdas kortaste intervju.

For filminteresserte, kan eg anbefale Oda Bhar sin gode og grundige gjennomgang av filmfestivalen i Cannes. Ho oppdaterer og direkte frå festivalen på Twitter, med interessante og morsomme kommentarar om alt frå kvaliteten på stolane til kvaliteten på filmane. Edit: Oda Bhar gjorde meg oppmerksom på skrivefeil i kommentarfeltet. Namnet er retta opp. 

4 comments

  1. Lydia Davis vant den internasjonale Bookerprisen. Mantel, Barnes og resten du nevner har vunnet Bookerprisen, som deles ut i oktober. Men takk for at du gjorde meg oppmerksom på at de har kåret en vinner nå. Jeg har ikke sett så nøye på den internasjonale varianten før, men det er sikkert interessant å kikke nærmere på de nominerte til den også.

  2. Hei Bjørg! Så hyggelig at du anbefalte Cannes-artikkelen min, og tvitringen min 🙂 Tenkte bare jeg skulle legge igjen en hilsen og en navnekorreksjon: Etternavnet mitt skrives Bhar, ikke Bahr. Det er en veldig vanlig skrivefeil, du er langtfra alene! Men hvis noen vil finne meg, for eksempel på Twitter, er det lettere om navnet blir riktig 🙂

    • Hei Oda, då er namnet retta opp. Beklager at det tok litt tid, det har vore litt travelt på familiefronten i det siste. Men nå er det riktig!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s