Lørdagslenker

Haruki Murakami lanserte sin nye roman i Japan 19. april. I samband med lanseringa, gjer han nå sin første offentlege opptreden i Japan på tjue år, melder NY Daily News. Vi som ikkje les japansk, må imidlertid smøre oss med litt tålmod, det vil truleg ta eit år før den norske og engelske omsetjinga av Colorless Tsukuru Tazaki er på plass. Eg venter.

Det er stadig nye lanseringer av klassikarar som blir omsett på nytt og Wanderup kommenterer Døden i Venezia, den nye omsettinga av Døden i Venedig, som blir gitt ut i desse dagar. Hans Fallada sin roman Kleiner Mann – was nun? er og ute i ny utgåve nå. I motsetning til den gamle omsetjinga til Arnulf Øverland frå 1933, har Nina Zandjani ikkje utelatt avsnitt frå Fallada sin originaltekst, skriv Dvergsdal i Dagbladet. Både Wanderup sin kommentar og Dvergsdal si anmelding peikar på omsettaren si rolle for teksten.

Geir Lippestad har skrive boka Det vi kan stå for om livet etter 22. juli og om det å vere forsvarsadvokat for den terrordømde. Boka gjekk rett inn på første plass på bestselgjarlistene allereie i veke 16. Han har møtt massiv kritikk frå advokatforeninga og frå advokatkollegaer, som meiner boka representerer eit brot på teieplikta mellom advokat og klient. Fleire kritiserer boka utan å ha lese ho på prinsippielt grunnlag. Lippestad meiner sjølv at han ikkje har brutt teieplikta og at han har gjort dei nødvendige vurderingane før boka blei gitt ut.

Teknologiutviklinga reiser stadig nye spørsmål. Nå har ein tysk tingrett bestemt at ebøker ikkje kan selgjast brukt utan tillatelse frå forleggar og forfattar. Argumentet er at om folk begynner å selgje ebøker brukt, vil marknaden for digitale produkt kollapse. Om denne dommen blir gjeldande, kan vi jo diskutere kva det eigentleg er vi kjøper når vi kjøper ebøker (med moms) i nettbutikkane.

Den syriske forfattaren Samar Yazbek og fjorårets vinnar av PEN-prisen skriv om korleis revolusjonen i Syria har forandra henne som forfattar.

As a writer it has not been easy to discover that the lives of those on the ground have become more important to me than fictional characters. For a long time my relationship with others was more observational than interactive. Now, the relationship between my life and writing is formed by the revolution.

Til slutt, ein søt liten film eg kom over, med eit relativt pessimistisk syn på bokas framtid. Bruk gjerne 20 minutt på å sjå denne:

____________
Eg har lenge hatt stor glede av Petter Malmberg si faste lørdagsspalte, Åtte länkar på en lördag. Inspirert av Malmberg vil eg og servere (pluss/minus åtte) aktuelle lenker til kaffen, lørdags formiddag. 

2 comments

  1. Fin post med interessante lenker! Nyttig for ein som ikkje følger så godt med for tida å få samla litt litteraturrelaterte linker på ein stad… Takk for gode tips:)

    • Så kjekt å høyre. Det er jo fleire andre som har liknande spalter, men det slo meg her ein dag då eg las ulike avis og litteraturrelaterte nettstader, at det er jo ikkje så dumt å samle litt lenker, innimellom.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s