Alternativ til Google Reader?

I dag, kjære lesar, har eg eit spørsmål til deg. Korleis les du bloggar?

Sidan eg begynte å følgje med på bloggar, i 2008-09, har eg brukt Google Reader til dette, men til sommaren skal dessverre Google leggje ned dette tilbodet. Dermed må eg finne ein annan måte å få organisert bloggar, aviser, tidsskrift og andre ting eg ønsker å følgje med på. Image

Det som gjer at eg liker Google Reader, er:

  • Eg kan gå inn på ein og ein blogg, bla gjennom alle dei ulesne innlegga og få med meg samtlege oppdateringar, sjølv om det er lenge sidan sist eg har lese. (Eg ser ein del RSS-feeder kun har med dei X antal nyaste oppdateringane, resten drukner, dette er eg ikkje interessert i). 
  • Eg kan bokmerke innlegg og sortere dei i kategorier, med hjelp av stjerner og tagger, slik at eg finn tilbake “Til leseliste”, “Blogginspirasjon”, “Dikt” eller andre interessante postar eg har lyst til å gå tilbake til. Dette er ein funksjon eg gjerne vil ha med vidare.
  • Det er enkelt å trykke seg frå Readeren og over til bloggen, dersom eg ønsker å kommentere eit innlegg.
  • Det er gode integreringer til iPad og iPhone, slik at eg kan lese oppdateringar på andre ting enn macen.

Eg tar veldig gjerne mot tips til RSS-lesarar som fungerer godt. Det viktigaste kriteriet for meg, er at det er mogleg å følgje med over tid, altså at eg finn tilbake til eldre oppdateringar og at ikkje dei nyaste oppdateringane fortrenger dei litt eldre. Eg har nemleg oppdaga at det ofte er søndagskvelden eg har tid til å sette meg ned og lese gjennom den siste vekas oppdateringar på bokbloggfronten. Då er det eit poeng i seg sjølv at innlegga frå mandag og tirsdag framleis ligg i feeden og er fortrengt av søndagens smakebitar.

11 comments

  1. Dette har jeg også lurt på, og hver gang jeg logger meg inn på Google og ikke finner readeren tenker jeg på hvordan jeg skal gjøre det etter sommeren. Kommer til å følge med på denne posten for tips – supert at du skrev om det!

    • Eg har prøvd ut feedly i nokre dagar nå og er nesten-fornøgd. Eg blir litt forstyrra over at dei skandinaviske vokalane ikkje fungerer i overskriftene, verken på norske eller svenske tekstar. Men bortsett frå det, ser det fint ut.

  2. Etter å ha prøvd ut feedly ei stund, må eg seie at dette er ein svært brukarvennleg og enkel løysing som passer meg bra, til tross for at dei skandinaviske vokalane forsvinn i overskriftene.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s