Litterær sjølvmelding

For omlag to veker sidan svarte Jens Liljestrand på følgjande innsendarspørsmål i den svenske avisa Expressen:

Hej, hur bestämmer ni vilka av alla böcker som ska recenseras? Väljer ni kända författare framför okända? För ni kan väl inte recensera allt som säljs i affärerna?

I etterkant av dette har det gått ein diskusjon blant svenske bokbloggarar, om kva kriterier ein har for dei bøkene dei skriv om. Lyran , O og bokhora er nokre av dei bloggarane som har forsøkt å gjere greie for kva bøker dei vel å skrive om. Det har blitt ein ganske interessant diskusjon utav dette. Eg las desse bloggpostane forrige veke og har tenkt ein del på desse spørsmåla.Kva for nokre bøker er det eg vel å skrive om? Kva kriterier bruker eg, når eg vel kva eg vil lese og i neste omgang skrive om? Og har eg eigentleg ein bevisst tanke bak det utvalet eg gjer? Skriv eg om alt eg les, eller gjer eg eit utval? Og kva tenker andre norske bokbloggarar om dette?

Etter å ha tenkt meg litt om, kjenner eg at det er vanskeleg å seie noko om kva bøker eg skriv om, nettopp fordi det er litt tilfeldig. Eg skriv om bøker er kjenner engasjerer meg spesielt (på godt eller vondt) og som eg har noko å seie om. Det kan vere alt frå tematikk, skrivemåte eller forfattaren sine tekstlege val som engasjerer meg, men det må vere noko som gjer blogginnlegget verdt å skrive, for at eg skal skrive om ei bok.

Forfattaren: Forfattaren er viktig for meg når eg vel kva eg vil lese og i neste omgang skrive om. Eg har mine favorittar og når eg ser at ein forfattar ein av favorittane mine skal gi ut ei ny bok, kan eg fint finne på å stå klar i bokhandelen på lanseringsdagen. Til ein viss grad vel eg derfor etablerte og godt kjende forfattarar. Men eg er nysgjerrig av meg og les også gjerne debutantar og ukjende forfattarar. Ein veit aldri kor ein plutseleg kan komme over ei perle. Dersom eg blir fylt av begeistring over å ha oppdaga ein debutant eller ein liten, ukjend, men brilliant forfattar, har eg ein tendens til å skrive varme innlegg om vedkommande i håp om å vidareformidle begeistringa. Det betyr likevel ikkje at eg lar vere å skrive om litterære superstjerner, når eg blir begeistra over bøkene deira.

Anskaffelse: Det er stadig diskusjonar om korvidt bokbloggarar er “kjøpt og betalt” med gratis bøker frå forlaga. Eg vil at lesing skal vere lystbetont. Når eg får forespørsel om eg vil ha eit leseeksemplar, takker eg ja, dersom eg trur eg har lyst til å lese boka. I og med at eg er nysgjerrig på nye og ukjende forfattarar, hender det at eg takker ja til eit leseeksemplar som viser seg å vere skivebom, og eg synest ikkje det er rimeleg å kritisere bøker eg ikkje har orka å lese ferdig, så det hender eg mottar leseeksemplar eg verken les ferdig eller skriv om. Bøker eg har kjøpt sjølv eller lånt på biblioteket er alltid bøker eg har lyst til å lese av ein eller anna grunn. Eg har ingen prinsippielle tanker om fordelinga mellom kjøpte bøker og leseeksemplar, når eg skriv i bloggen.

Forlag: Eg tenker ikkje over kva forlag som har gitt ut boka eg les. Eg tenker heller ikkje over forlag når eg blogger om bøker og eg har inga aning om kor vidt eg skriv mykje om bøker frå eit forlag og lite om bøker frå eit anna. Eg ser heller ikkje på den typen balanse som eit mål i seg sjølv.

Omslaget: Eg kan ikkje hugse at eg har kjøpt ei bok utelukkande fordi ho har eit appellerande omslag. Det hender oftare at eg lar vere å sjå nærmare på bøker, fordi dei har eit omslag eg ikkje synest er fristande. Det hender at visse litterære trender blir gjenspegla i utforminga av omslaga, eg kjenner for eksempel at det sitt langt inne å plukke opp ei bok med blomstrete omslag.

Sjanger og bredde: Hovudvekta av dei bøkene eg les og skriv om er romanar. Eg har tidlegare hatt eit prosjekt kor eg har utforska novellesjangeren, men mesteparten av det eg les og skriv om er romaner. Eg er svært interessert i lyrikk også, og forsøker å la denne sjangeren få større plass på bloggen. Så når det gjeld dei store, overordna sjangrane er eg delvis bevisst kva eg vel å skrive om. Når det gjeld undersjangrar er eg meir bevisst kva eg vel bort enn kva eg vel. Eg les lite krim, nesten ingenting sci-fi, lite chic-lit og romantisk underhaldningslitteratur. Eg tenker mykje på bredda i det eg både les og det eg skriv om. Når eg ser på lesevanane mine, har eg ein tendens til å lese norsk, svensk og amerikansk samtidslitteratur. Eg tenker likevel mykje på at eg vil lese fleire bøker frå andre kulturar og andre tider. Innimellom sett eg meg mål, som å lese mykje frå nye verdsdelar eller historiske periodar. Samtidig er det dei same bøkene eg vender tilbake til. Som eg skreiv under forfattarar, vil eg gjerne ha eit ønske om å vidareformidle begeistring, når eg oppdager “ukjende” bøker og forfattarskap. Det er og ulike grunnar for å lese bøker. Nokre bøker les eg av rein nysgjerrigheit og lyst, andre bøker les eg fordi dei er ein del av ein slags “dannelse” eg tenker det er viktig at eg tilegner meg. Dette vil åpenbart medføre variasjon, både u sjanger og bredde.

Priser: Eg lar meg påverke av priser! Eg vil lese meg gjennom lista over nobelprisvinnande forfattarar og eg blir nysgjerrig når eg høyrer at forfattarar er nominert til eller har vunne prisar. Eg kan og søke opp lister over prisvinnarar, for å leite etter inspirasjon til “nye” forfattarar eg har lyst til å lese.

Lister: Eg er ein sucker for lister. Nobelprisvinnarar, 1001-bøker, kanonisert nasjonallitteratur og klassikararlister… Eg føler alltid at eg har lese alt for få titlar på slike lister og eg synest det er morsomt å bruke lister for å finne inspirasjon til kva eg skal lese og skrive om. Line sin 1001-utfordring er midt i blinken for meg.

Snakkiser: Eg trur i utgangspunktet ikkje eg les så mange “snakkiser”. Det hender sjølvsagt at eg blir nysgjerrig av debattar og medieoppslag, men då er det fordi eg trur boka har noko meir å gi meg enn å bare vere ein snakkis. Eg les sjeldan bøker bare fordi dei blir snakka om. Eg blir ofte nysgjerrig og gjerne kjøper boka, viss eg finner debatten interessant. Det er ikkje alltid eg rekk lese boka tidsnok til at eg faktisk får deltatt i debatten. Eg får og ofte lyst til å lese kinoaktuelle bøker. Eg synest det er spennande å sjå ei filmatisering med boka friskt i minne, for å sjå korleis tolkningane til filmteamet likner på eller avviker frå mine eigne tolkningar.

Anmeldarar: Eg finn inspirasjon til kva eg vil lese blant andre bokbloggarar, i aviser, tidsskrift og andre plassar eg les om bøker. Eg legg merke til lesesmaken til både kritikarar, bloggarar og venner. Nokon samsvarer så ofte med min smak, at eg gjerne tar imot tips frå dei, andre samsvarer så sjeldan med min smak at eg ikkje tar imot tips. Når det gjeld kva eg skriv om, synest eg det er interessant i seg sjølv å gå i dialog med andre bokbloggarar. Det at mange har skrive om ei bok, kan vere ein faktor som gjer at eg og får lyst til å skrive eit innlegg om boka, særleg viss eg har lagt merke til andre ting ved boka i mi lesing, enn andre lesarar.

Subjektiv lesaroppleving: Lystaspektet er sjølvsagt viktig når eg les, men det er ikkje avgjerande når eg vel bøker og eg les på ingen måte bare “slukebøker”. Eg liker å bli utfordra gjennom det eg les, så det at ei bok er tung og krev mykje av meg som lesar legg ikkje nødvendigvis ein dempar på lesaropplevinga. Eg har ein tendens til å velje bort bøker som ikkje gir meg så mykje meir enn lett underhaldning, og heller gå til film og teve for å få dekka underhaldningsbehovet. Når det kjem til kva bøker eg faktisk vel å blogge om, vil eg ha noko å seie om boka, for at eg skal skrive om ho. Det må vere noko som engasjerer og som det er verdt å skrive om, eg skriv sjeldan reine “leserapportar”.

16 comments

  1. En slik refleksjon rundt egen aktivitet er i mine øyne både interessant og nyttig, og jeg tror jeg vil ta dine tanker med meg i første omgang og forhåpentligvis komme tilbake med egne refleksjoner på min egen blogg etterhvert.

    • Eg trur og det er nyttig å tenke litt gjennom kva ein eigentleg driv med og forsøke å formulere det, innimellom. Eg har brukt litt tid, sidan eg las dei svenske innlegga, på å tenke gjennom kva kritererier det er eg sjølv vel litteratur utifrå. Jo meir eg tenker på det, jo meir samansett ser eg at det er. Og så er det jo heile tida slik at det er så mange bøker og så lite tid, så ein må alltid gjere eit utval. Innimellom kjennest det som om dette utvalet er veldig gjennomtenkt, men som oftast er det tilfeldige innfall som styrer at eg tar den boka ut av bokhylla og lar den boka bli ståande ulesen.

  2. Hos meg blir alt valgt på om baksiden av boka klarer og fange meg, pluss at jeg holder meg til visse sjangere. Noen ganger velger jeg bøker av kjente forfattere for å se hva hypen handler om 😉

    • Det er interessant å høyre. For min del er det veldig sjeldan at baksideteksten er avgjerande. Eg pleier å ha høyrd om bøker i veldig mange andre kanalar, før eg kjem så langt at eg les baksideteksten. Når eg først står med boka i hånda (eg handler mykje bøker på nett) og har baksideteksten tilgjengeleg, har eg allereie bestemd meg for å skaffe meg boka.

  3. Dette var et spennende innlegg. Tror jeg skal adoptere ideen og lage et innlegg på min egen blogg etterhvert. Trenger bare å reflektere litt over de forskjellige punktene først. Takk for inspirasjonen! 🙂

    • Gjer gjerne det og sei frå når du har skrive innlegget ditt, så eg kan lese det! Eg håpa det var fleire som kunne tenke seg å skrive litt om sine tankar om bokval slik at vi får ein diskusjon rundt omkring i bloggane. Som eg skreiv i innlegget mitt, har eg brukt litt tid på å tenke sjølv, etter at eg las dei svenske innlegga.

  4. Fint og interessant å lese refleksjonene dine, Bjørg! 🙂 Godt mulig jeg kopierer dette ved en senere anledning, selv om jeg også gjør klart hvilke litterære preferanser og prioriteringer jeg har både sånn generelt og på bloggen i “Om prosjektet”. Jeg leser som du mest samtidsromaner, samt en god del noveller og lyrikk. Nynorsk litteratur og kvinnelige (gjerne smale/unge/nye/) forfattere vil jeg gjerne skape litt ekstra oppmerksomhet rundt.

    • Gjer gjerne det. 🙂 Nynorsk litteratur og smale kvinner høyrest ut som grupper som treng litt ekstra merksemd. Det synest eg er bra.

      Eg synest alltid slike konkrete mål er vanskelege å gjennomføre. Eg har fleire gonger diskutert norsk samtidslitteratur med folk som kategorisk avviser å lese norsk samtidslitteratur, av ulike meir eller mindre fordomsfulle grunnar. Eg kjenner at eg alltid får behov for å presisere at det er mange bøker som er gode per se, ikkje bare gode til norsk å vere, eller gode til tross for at dei er norske. Når eg går inn for å lese meir av bestemde grupper, føler eg ofte at eg ender opp med bøker som er gode til tross for… eller gode til … å vere. Og eg vil gjerne lese bøker som er gode i seg sjølv. Derfor synest eg slike mål, som å lese meir nynorsk, fleire kvinner og liknande ofte kan bli ein hemsko. I alle fall har eg fått ei kjensle av det, når eg har sett meg tilsvarande “lesemål” for eit nytt år. Så eg er litt redd for å ha ein for eksplisitt uttalt målsetning med lesinga mi.

  5. Enig med de over her; interessant innlegg. Jeg kan klippe inn det jeg skrev til en som henvendte seg til meg med samme spørsmål på epost. Det oppsummerer ganske greit hvordan jeg velger ut bøkene jeg leser:

    Jeg velger meg bøker ut fra hva jeg har lyst til å lese,samt bøker som passer inn i eventuelle tema jeg kjører på bloggen eller lesemålene jeg har det aktuelle året. Jeg anmelder ikke serieromaner, fordi jeg skriver i sjangeren selv, selvsagt ikke bøker av folk jeg kjenner personlig/har et vennskapsforhold til, og jeg anmelder ikke bøker gitt ut på selvpubliseringsforlag/vanity publishing forlag, eller forlag hvor forfatteren må forhåndsselge et visst antall av utgivelsen.

    I tillegg det overnevnte så velger jeg bøker ut fra forfattere jeg liker – har noen favoritter f.eks Stephen King. Hvilket forlag som har utgitt boken er også noe som kan avgjøre. Erfaringsmessig er det stor sjanse for å få kvalitet om jeg velger en bok utgitt på f.eks PAX eller Oktober forlag. Jeg blir også påvirket av bokbloggere og anmeldere som jeg stoler på. Hvis jeg er usikker på om jeg skal lese en aktuell bok, og en bokblogger jeg stoler på roser den intenst, er sjansen stor for at jeg kjøper og leser boken. Og jeg er ikke flau over å si at jeg lett går til anskaffelse av såkalte snakkiser, fordi jeg vil vite hva greia med dem er. Humøret mitt er også utslagsgivende for hva slags bøker jeg leser. Noen ganger vil jeg ha noe lett, andre ganger noe skremmende og atter andre ganger noe som får meg til å tenke.

    • “…og jeg anmelder ikke bøker gitt ut på selvpubliseringsforlag/vanity publishing forlag, eller forlag hvor forfatteren må forhåndsselge et visst antall av utgivelsen.”

      Eg hengte meg litt opp i akkurat dette. Korfor har du sett dette kriteriet? Eg trur ikkje eg gjer så grundig research rundt forlagsbakgrunnen til ei bok, at eg nødvendigvis ville lagt merke til dette, dersom eg fann ei tilfeldig bok på biblioteket eller hadde fått anbefalt boka frå ein venn.

      Eg oppdaga denne varianten med at forfattarar må forhåndsselgje eit visst antall av utgivelsen for eit par dagar sidan, då ei forsøkte å selgje meg ei bok som var 80% ferdig (eg takka nei, både fordi boka høyrdest uinteressant ut og fordi det heile høyrdest spekualtivt ut).

      • Jeg har dårlige erfaringer med bøker jeg har lest som er utkommet på slike forlag. Min opplevelse er at det redaksjonelle arbeidet er nesten fraværende, og at forlagene trykker det meste siden de får betalt for det av forfatteren. For å bruke en kommentar fra en artikkel jeg leste om emnet: “Slike forlag vil trykke handlelisten din og utgi det som litteratur bare de får betalt for det”. Om det er så ille vet jeg ikke, dog. Jeg vil uansett at boken skal ha vært gjennom en form for kvalitetskontroll før jeg setter meg ned med den. Hvem som helst kan betale for å få gitt ut en bok så lenge de har penger til det.

        Nå er det ikke bare gode utgivelser hos de etablerte forlagene heller, men her har i det minste bøkene vært gjennom et redaksjonelt nåløye før de kommer i handelen. Det kan godt være det finnes perler hos selvpubliseringsforlagene, men jeg har valgt å ha dette kriteriet likevel.

        Jeg har såpass god oversikt over forlagsverdenen i Norge at jeg kjenner til de fleste forlag og hva de står for. Er jeg usikker googler jeg.

        • Eg ser absolutt poenget med at det redaksjonelle er vesentleg for kvaliteten, ja! Då eg las svaret ditt, var det så åpenbart at eg nesten angra på at eg spurde. 🙂

  6. […] Eg les ofte på anbefaling frå venner og frå bloggarar eg veit eg deler litterær smak med. Eg synest det er spennande å følgje med på nyare skandinavisk samtidslitteratur og debutantar, så mykje av det eg les er og vald ut på bakgrunn av omtaler og anmeldelsar i aviser og forlagskataloger. Elles har eg ei stor bokhylle med bøker eg har kjøpt fordi eg tenker eg skal lese dei, her er det ei fin blanding av nyare litteratur og klassikarar. Eg leiter ofte fram den neste boka eg skal lese, i denne hylla. (Eg har skrive om å velje bøker før her og her). […]

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s