Påskelesing: Jesus – Opprører og fredselsker av Tomm Kristiansen

Jesus – opprører og fredselsker
Tomm Kristiansen
CappelenDamm 2013
188 sider

Kristiansen_Jesus

“Med et moderne språk gjenskaper Tomm Kristiansen Jesu liv i romanform” står det i eposten frå CappelenDamm om Tomm Kristiansen si nyaste bok. Eg blir nysgjerrig, dette høyrest ut som eit spennande og svært ambisiøst romanprosjekt. Eg vil gjerne lese denne romanen om Jesus og takker ja til leseeksemplaret. Eg har ikkje lese mange sidene, før eg blir skuffa. Dette er ingen roman. Når eg les ein historisk roman, har eg visse forventningar til at han skal gi innsikt i karakterane sine tankar og kjensler. Eg har og forventningar om at samfunnet handlinga er lagt til blir beskrive på ein indirekte måte, slik at eg ved å lese skildringer av miljø og personar og kva som hender med kakrakterane i dei omgivelsane dei lever får eit inntrykk av korleis livet til hovudpersonen var, på den tida. Sjølv om det er ein biografisk roman, altså ein roman om ein person som faktisk har levd, forventer eg at romanaspektet er tydeleg i teksten.

Jesus – Opprører og fredselsker er på ingen måte ein roman. Boka er ein dokumentarisk forteljing om Jesu liv og ho kan med eit naudskrik kallast ein biografi. Men det er på ingen måte “Jesu liv i romanform”, slik forlaget har lova. Det er ei omskriving av historia om Jesus, slik ho blir fortald i Bibelen. Forteljinga er overfladisk og forfattaren dveler i svært liten grad med tankene og kjenslene til karakterane han skriv om. Miljøskildringane, i den grad ein kan kalle det miljøskildringar, har eit veldig klart faktapreg og den historiske avstanden til hendingane er ivaretatt, gjennom formuleringar som  “Og de vise menn? De dro hjem til det som i dag heter Iran” (s. 20) og “Derfra har vi uttrykket ramaskrik” (s.21). Dette skaper ikkje det nærværet eg forventer av ein roman, men snarare avstand. Innimellom forsøker Kristiansen å bruke element frå romansjangaren i denne faktaboka, vi får små glimt av kva folk tenker og føler, men dialogane er kunstige og stive og ligg tett opp til bibelteksten.

Bibeltekstane om Jesus inneheld store kronologiske sprang, vi høyrer lite om ungdomstida og oppveksten hans. Denne perioden forsøker Kristiansen å fylle ut med lause betraktningar, for eksempel om den tida Jesus gjekk i lære hos faren som var tømmermann. Vi får og eit innblikk i korleis folk rundt Jesus reagerte på måten han oppførte seg på, då han begynte å verke som profet. Men det heile er usamanhengande og oppstykka. Der Kristiansen forsøker å “fylle ut” dei andre historiske og religiøse kjeldene, som for eksempel i ungdomstida til Jesus, framstår teksten som lite gjennomarbeida og usamanhengande.

Dersom ein ser bort ifrå det at boka ikkje er ein roman, er eg likevel ikkje overbegeistra. Målgruppa for boka er ungdommar og ungdommar treng litt forenkla framstillingar. Men ungdommar er ikkje dumme, og når eg les boka kjenner eg meg stadig undervurdert som lesar. Forenklingane er for grove og språket henvender seg dels til barn og dels til folk som er godt kjende med bibeltekstane og det bibelske språket. Tomm Kristiansen sitt prosjekt går ut på å fortelje ei historie dei aller fleste har høyrd, om igjen, på ein ny måte. Eg synest ikkje han lykkes med dette, fordi det er ikkje noko nytt, verken i måten han fortel den gamle historien på eller måten han kombinerer ulike kjelder. Dermed blir Jesus – opprører og fredselsker eit ambisiøst prosjekt som ikkje lever opp til forventningane.

For å rettferdiggjere boka litt, ligg ho under faktabøker for ungdom på nettsidene til CappelenDamm. Eg trur riktignok ikkje eg hadde vald å lese boka, hadde ho blitt marknadsført som ei faktabok for ungdom om Jesus. Det er ei forenkla og overfladisk forteljing om Jesus sitt liv, utan dei store avvika frå bibelteksten. Kan hende boka er brukandes som inspirasjon til søndagsskulelærarar og konfirmantlærarar, som treng innspel på korleis dei skal forenkle historia dei skal formidle. Men boka er ingen roman.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s