Ekteskapsromanen i moderne tid

The Marriage Plot
Jeffrey Eugenides
Picador, New York, 2011.
406 sider, Kindle edition.

Eg har alltid kjent ei sterk dragning mot bokhyller. Derfor er åpningsavsnittet i The Marriage Plot eit avnsitt som grip meg, boksamlaren i meg blir fascinert og nikker gjenkjennande frå første avsnitt:

To start with, look at all the books. There were her Edith Wharton novels, arranged not by title bud date of publication; there was the complete Modern Library set of Henry James, a gift from her father at her twenty-first birthday; there were the dog-eared paperbacks assigned in her college courses, a lot of Dickens, a smidgen of Trollope, along with good helpings of Austen, George Elliot, and the reductable Brontë-sisters. There were a whole lot of black-and-white New Directions paperback, mostly poetry by people like H.D. or Denise Levertov. There were the Colette novels she read on the sly. There was the first edition of Couples, belonging to her mother, which Madeleine had surreptitiously dipped into back in sixth grade and which she was using now to provide textual support in her English honors thesis on the marriage plot. There was, in short, this mid-size, but still portable library representing pretty much everything Madeleine had read in college, a collection of texts, seemingly chosen at random, whose focus slowly narrowed, like a personality test, a sophisticated one you couldn’t trick by anticipating the implications of its questions and finally got so lost in that your only recourse was to answer the simple truth.

Hovudpersonen er den vakre og litt naive litteraturstudenten Madeleine Hanna. Samtidig som Madeleine skriv artikkelen “The Marriage plot” og drøymer om å fordjupe seg i dei viktorianske kjærleiksromanane, er ho fanga i eit trekantdrama som kan måle seg med plotta hos Austen og Brontë-søstrene. På den eine sida har ho den lidenskapelege og spennande Leonard, ein brilliant og lynande intelligent biologistudent som tar nokre litteratur- og filosofikurs på si og som er svært lite beskjeden: “My goal in life is to become an adjective”. Han og Madeleine innleier eit lidenskapeleg men turbulent forhold. Etterkvart viser det seg at Leonard er manisk-depressiv, noko som kompliserer forholdet for Madeleine som elles har levd eit skjerma og beskytta liv: “Madeleine had never been close to anyone with a verifiable mental illness. She instinctively avoided unstable people. As uncharitable as this attitude was, it was part and parcel of being a Hanna, of being a positive, privileged, exemplary person.” (s. 122). På den andre sida har ho den inandvente mystikaren, den idealistiske teologistudenten Mitchell Grammaticus, som svermer for henne og som er villig til å gjere alt for henne. Etter at dei tre har fullført college, reiser Mitchell til Europa og vidare til India for å arbeide saman med Mor Teresa i slummen. Denne reisa kan lesast som ein parodisk framstilling av den klassiske dannelsesreisa, der Mitchell famler seg fram i Paris og Hellas, stadig er femte hjul på vogna medan reisekameraten hans, Larry utforsker nye partnarar, for til slutt å nå målet, slummen i India kor Mor Teresa arbeider. Her blir han imidlertid så skremt og overvelda over inntrykka han får, at han blir nødt til å vende tilbake til heimlandet, utan å ha arbeid med fattigdommen. Mitchell gløymer aldri Madeleine. Medan han er ute og reiser, gifter Madeleine og Leonard seg. I motsetning til Austen sine Marriage Plot-romaner, er ikkje ekteskapsinngåinga og happily-ever-after avslutninga på romanen. Snarare tvert imot, i ekteskapet blir forholdet til Madeleine og Leonard stadig meir komplisert. Det å vere gift med den bipolare Leonard er ikkje enkelt, den psykiske sjukdommen blir stadig meir dominerande og dermed blir grunnforteljinga i den viktorianske kjærleiksforteljinga ikkje bare modernisert men og problematisert. Gjennom The Marriage Plot utforsker Eugenides det klassiske ekteskapsplottet i ei ny og moderne ramme. 

Forteljarsynsvinkelen veksler mellom å liggje hos dei tre hovudpersonane Madeleine, Leonard og Mitchell. Desse perspektivskifta er eit grep som gir boka fylde, karakterane blir truverdige og som lesar får ein ei sterkare forståing for konfliktane mellom dei tre. I starten står lesaren på “same nivå” som karakterane, men etterkvart som deler av forteljinga blir fortalde frå ulike perspektiv, blir lesaren nødt til å sette saman og danne sitt eige bilete av kva som er den riktige framstillinga. Perspektivet til lesaren kan ikkje falle heilt saman med den som fortel, lesaren veit meir og forstår meir enn kva hovudpersonane og forteljaren til ei kvar tid gjer. Madeleine, Mitchell og Leonard si sjølvforståing og forståing av kvarandre er avgrensa.Då eg las den første delen, fortald gjennom Madeleine, tenkte eg at dette er ein lett roman i chic-lit-sjangeren, med collegelivet og litteraturstudiene til Madeleine som ramme. Dei delane av romanen som er fortald gjennom Madeleine sin synsvinkel, har dette litt naive feel-good-preget, noko som samsvarer med personlegheita til Madeleine. Det er dei delene av romanen kor Leonard er forteljar og har perspektivet, som eg opplever som sterkast. Som lesar får eg eit unikt innblikk i tankane og kjenslene til den bipolare unge mannen. Skifta i forteljarperspektiv og synsvinkel gjer at boka gir ei unik framstilling av dei mekanismene som gjer at Madeleine stadig trekkest mot Leonard, til tross for at han gjentatte gonger framstår som ein stor egoist som svarer på kjærleiken hennar med destruktiv adferd. På sidelinja står Mitchell, han som idealiserer og forguder Madeleine. Til forskjell frå Leonard er Mitchell i stand til å gi Madeleine all den kjærleiken og bekreftelsen som ho lengter etter. Den elegante bruken av skifte i forteljarperspektiv, gjer det mogleg for meg som lesar å sjå dei ulike perspektiva. Eg får sympati for den egoistiske og sjølvopptatte Leonard, eg ser den sterke og geniale Leonard som Madeleine er så inderleg glad i og eg forstår korfor ho vel han. Samtidig synest eg synd på Madeleine som stadig må kjempe for eit så vanskeleg forhold og eg kjenner sterk sympati for Mitchell som heile tida blir ståande på sidelinja. Den eine delen av meg ønsker at ting skal ordne seg for Leonard, at han skal få orden på livet sitt og kontroll på sjukdommen, slik at han kan gi Madeleine det ho fortener. Ein annan del av meg ønsker at ho skal få auga opp for Mitchell som bare vil henne alt godt og som er rusta til å gi henne den kjærleiken ho fortener. Vekslinga i forteljarperspektiv får fram kompleksiteten i relasjonane og gjer det umogleg for meg som lesar å seie at den eine beilaren er meir verdig Madeleine si hand enn den andre. 

Eg kjenner sterk sympati for Leonard som er fanga i sjukdom og som blir driven av krefter han ikkje rår over. Gjennom Madeleine sitt blikk blir han periodevis framstild som egoistisk og uansvarleg og periodevis blir han opphøya til eit intellektuelt unikum. Historia om Leonard er tragisk, både den grusomme oppveksta hans og den psykiske lidinga han må leve med har mykje tragedie-materiale i seg. Likevel er ikkje historia til Leonard ei tragedie, og dette er noko av styrken med romanen. Heile romanen, inkludert historia om Leonard som er ute av stand til å elske andre enn seg sjølv, har eit lyst, lett og usentimentalt preg. Eg får ei kjensle av at historia om Leonard er autentisk og eg trur aldri eg har lese ei så god framstilling av psykisk sjukdom før:

His mind felt as if it was fizzing over. Words became other words inside his head, like patterns in a kaledioscope. He kept making puns. No one understood what he was talking about. He became angry, irritable. Now, when he looked at people, who’d been laughing at his jokes an hour earlier, he saw that they were worried, concerned for him. And so he ran off into the nicht, or day, or night, and found other people to be with, so that the mad party might continue.

Når Leonard har sine maniske periodar blir han framstilt som energisk, godt likt, brilliant og svært intelligent. Eugenides får verkeleg til å skildre sjukdomsbiletet til Leonard utan å sjukeleggjere han; den maniske sin energi og handlekraft blir ei enorm styrke for Leonard, han bergtar folk rundt seg og bygg akademisk karriere når han er høgt oppe. Tilsvarande trekk han med seg dei han har rundt seg i depresjonen, og ikkje minst må Madeleine kjempe for å ikkje bli dratt ned. Vi får eit sterkt innblikk i kor vanskeleg, eller nær sagt umogleg, det er for Leonard å ha ein nær relasjon til Madeleine (eller nokon andre).

Romanen har epigrafen “People would never fall in love if they hadn’t heard love talked about” (François de La Rochefoucauld). Og på mange måtar er det akkurat dette The Marriage Plot utforsker. Madeleine har lese om kjærleiken. Ho har lese dei viktorianske romanane og ho les den franske semiotikaren Roland Barthes bok, A Lovers Discourse om og om igjen. Det er noko komisk over dette, ho nærmar seg kjærleiken med ei blanding av romantisk svermeri og semiotikkens hang til system og teikn. Men ho leiter heile tida etter den kjærleiken som ho har lese om i bøkene sineOg sidan denne jakta på kjærleik ikkje har rot i realismen, men i den romantiske forestillinga som  dei viktorianske kjærleiksromanane har skapt, er heller ikkje slutten overraskande. Der dei viktorianske kjærleiksromanane ender i eit storslått bryllup, kor dei elskande endeleg får kvarandre, går både kjærleiken og ekteskapet, slik Madeleine har heard love talked about i oppløysing. Dei tre ungdommane veks frå kvarandere, og romanen munner ut i ei oppløysing av ekteskapet. Dei tre individa står på terkselen til voksenlivet og søker sin eigen identitet, kvar for seg. Begge dei to svermarane sett Madeleine fri, på kvar sin måte. Brotet mellom Madeleine og Leonard står som ei positiv utvikling for dei begge. Sjølv om eg som lesar lenge håpa at det skulle ordne seg mellom dei to, kjennest det riktig at dei går kvar til sitt. Dermed går romanen langt i å antyde at det løysinga ikkje er ekteskapet. Ekteskapsplottet faller saman til fordel for individet. Utgangspunktet er det same som i den viktorianske kjærleiksromanen, men utfallet er eit heilt anna. Den lidenskapelege og stormfulle ektemannen er ikkje til å stole på for den unge, naive og romantiske jenta. Madeleine skjønner ikkje sjølv at ho ikkje er moden nok til å inngå i ein livslang forpliktelse. Både Leonard og Mitchell ser på kvar sin måte at ho treng å bli sett fri for å finne seg sjølv og for å vekse opp. Løysinga på den komplekse historia er ikkje lenger ekteskapet. The Marraige Plot kan lesast som avvising av ekteskapet og ei hyllest til individet. 

7 comments

  1. Takk for at du minte meg på denne igjen. Du hvor fort tiden går!
    (glimrende omtale forresten, likte godt det fortellertekniske)
    Den ble heftig diskutert både hos meg og i Lines kommentarfelt ifjor. Clementine har også skrevet en brilliant omtale. Det som slo meg når jeg leste din var at jeg nok har identifisert meg enda sterkere med Madeleine under lesingen enn jeg i utgangspunktet trodde. Mitt syn på Leonard samsvarer sterkt med hvordan hun så han i de verste periodene. Likte han overhode ikke. Tenker fremdeles på han som sytete. Hvis han er sensibility og Mitchell er sense, hva blir da Madeleine?
    Liker konklusjonen din om et hyllest til individet.

    • Eg har gløymd å sjå etter andre diskusjonar denne gongen, det var litt urutinert av meg. Eg skal lese bloggane du nemner!

      Interessant spørsmål, det med Leonard som sense og Mitchell som sensibility. Eg har ikkje tenkt på den samanlikninga i det heile tatt, men når du seier det er det jo litt same plottet. Når du seier dette, tenker eg litt på Amtmannens døtre og, nå er det lenge sidan eg las den, men eg trur det er litt same konflikten der- den lidenskapelege og den rasjonelle friaren. Men eg er ikkje overbevist om at Mitchell representerer fornuften, altså. Eg synest han opphøyer og idealiserer Madeleine litt for mykje til å kunne representere sense. Den assosiasjonen eg fekk då eg las boka, var heller Leonard som ein moderne Heathcliffe (frå Wuthering Heights). Han har noko av den same tiltrekningskrafta og galskapen i seg.

      Eg får sympati for Leonard, eg. Eg ser at han kan framstå som sutrete, men eg synest likevel han er ein veldig spennande karakter der han blir dratt mellom det brilliante, skapande og samtidig maniske og det destruktive og depressive.

  2. Du har rett i at Mitchell ikke er sense, jeg ble bare litt revet med av ordspillet, tenkte og skrive at Madeleine var sans, som i det franske uten – uten mann -), tror jeg skrev noe sånt selv som at Mitch kun elsket ideen om Madeleine og Leo kun det bildet han så av seg selv, men som sagt mitt bildet av av Leonard er svart og subjektivt. Antmannens døtre burde jeg ha lest for lenge siden.
    , interessant nok må de aller fleste chiclit heltinner også velge imellom den rasjonelle og den lidenskaplige frieren – også kjent som good guy og bad boy -)

    • Sans – morsomt ordspel. 🙂 Det du seier om ideen av Madeleine og biletet av Leonard er interessant, ja. Eg trur det du er inne på der er mykje av grunnen til at dei begge må “sleppe Madeleine fri”.

      Amtmannens døtre er for øvrig ikkje ei bør-lese-bok. Det er ei av få bøker eg har lese, som har vore ordentleg tunge å komme seg gjennom. Det var som om boka blei ti sider lengre for kvar side eg las. Så ikkje sei at eg har anbefalt ho.

  3. Takk for fabelaktig omtale, jeg ble ikke akkurat mindre tent på å lese boken nå! Akkurat det jeg trengte etter å ha slitt litt med motivasjonen til å lese etter litt for mange “terningkast tre bøker”. Takk igjen!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s