Nå er mars her. Dagane er lysare og snøen smelter. Eg ser fram mot våren. Denne vinteren har vore prega av travelt småbarnsliv og lite lesetid. Eg har bare lese to og ei halv bok til nå i vinter, i tillegg har eg eit par bøker eg har begynt på fleire gonger.

I januar fullførte eg Kjærlighet i koleraens tid, mi første bok av Gabriel García Márquez, ein forfattar eg har fått anbefalt av både Torbjørn Hauken og Labben, og som eg lenge har tenkt på at eg skulle lese. Det blei ei oppstykka lesaroppleving, eg brukte lang tid på boka. Eg likte ho godt då eg faktisk hadde tid til å sette meg ned med ho, men det blei så lenge mellom kvar gong at eg trur kanskje det var med på å øydelegge litt av lesaropplevinga. Boka har blitt rosa for magien i den lidenskapelege kjærleiken som blir skildra. Og eg trur noko av magien blei borte, sidan det gjekk så lenge mellom kvar gong eg sette meg ned med boka.

Den andre boka eg har lese er Bare ukedager av Cecilie Aurstad, ein debutroman eg fekk tilsendt frå Flamme forlag. Bare ukedager er ein lett og underhaldande dagbokroman, kor vi følgjer jeg-personen gjennom korte notat frå kvar dag. Det at boka består av så korte avsnitt, gjer ho godt egna til å lese litt og litt, innimellom bleieskift og nattamming. Eg humra gjenkjennande av boka, samtidig som eg kjende at det er lenge sidan eg var singel student som ramla rundt i Oslo på måfå og brukte opp pengane mine på heilt feil ting. Bare ukedager er ei god bok som får meg til å sakne meg sjølv som tjueåring.

Nå held eg på med Vinterstengt av Jørn Lier Horst. Eg les jamnt over lite krim og eg skjønner ikkje korfor eg les denne. Foreløpig er ho ikkje spesielt god heller. Men det var ei gratisbok som fulgte med Ark sin ebokapp for iPhone. Eg lasta ned appen og boka for lenge sidan, og her om dagen blei eg liggjande våken om natta utan å kunne skru på lyset, eg hadde tross alt sovande baby eg var redd for å vekke. Då kasta eg meg over det eg hadde tilgjengeleg. Eigentleg er lesing via Kindle-app eller Ark sin ebokapp gull verdt i slike periodar. Eg trur eg kjem til å lese ho ferdig, eg har tross alt begynt på ho.

Dei siste vekene har eg hatt lengre og meir regelmessige økter, med sovande baby, kor eg kan sette meg ned med boka, ein tv-serie, strikketøyet eller eit blad. Eg begynner rett og slett å få tilbake litt aleinetid. På nattbordet har det vekse fram ein fin stabel med bøker eg er klar til å gå laus på.

Collage

Det litterære høgdepunktet i vinter har ikkje vore i bokform, men i form av eit svært spennande forfattarmøte. Den 5. februar, var eg på Nasjonal Jazzscene og fekk oppleve Siri Hustvedt og Paul Auster i dialog med kvarandre og Finn Skårderud. Dei litterære superstjernene var i Norge for å delta på åpninga av Litteraturhuset i Bergen og sidan eg ikkje klarte komme meg til Bergen var eg veldig glad for at dei kom til Oslo. Det var ei stor oppleving å sitte og høyre på dei to som snakka om kunstnarlivet og kva som dreiv dei til å skrive. Dei snakka og om det kroppslege i tekstane sine, noko eg fann svært interessant. Den gode dynamikken mellom dei to gjorde seansen til noko langt meir spennande enn eit “vanleg” forfattarintervju. Det var ikkje bare ein forfattar som snakka om seg sjølv og sitt eige arbeid, men det var to forfattarar som snakka om seg sjølv, sitt eige arbeid og kvarandre. Eg er veldig glad for at eg fekk med meg dette arrangementet. Då eg kom heim, kjøpte eg essaysamlinga Living, thinking, looking av Siri Hustvedt som ebok, ei bok eg har høge forventningar til. Eg synest ho reflekterer rundt kunst, filosofi og eige arbeid på ein svært spennande måte i romanform, og gleder meg til å lese essaysamlinga.

 

One comment

  1. Fint innlegg, og må ha vært fantastisk å høre Paul Auster og Siri Hustvedt. Jeg har lastet ned Living, Thinking, Looking på min Kindle, og har den på leselisten min. 🙂 Gleder meg veldig. (Jeg er i Kindleverdenen fordi jeg bodde noen år på landsbyen i Portugal for femten år siden, og da var nyoppstartede Amazon redningen min… siden ble jeg bare værende i Amazon-universet).

    Interessant det du skriver om Kjærlighet i koleraens tid. Jeg har lest nesten alle Marquez bøkene, og det er faktisk kanskje den jeg likte minst. Det er et eller annet i ubalanse med hele handlingen, uten at jeg har brukt noe tid på å analysere det.. og så syns jeg at den var litt for sukkersøt!!!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s