Elizabeth Bennet og mr. Darcy i 200 år

Colin-in-Pride-and-Prejudice-colin-firth-567940_1024_576

Denne månaden er 200 år sidan Jane Austen gav ut Pride and Predjudice. BBC sin adapsjon av romanen, frå 1995 scorer 9.2 poeng på IMDB sine lister og i 2005 kom ein ny adapsjon av romanen. Dei siste åra har det komme stadig nye romanar som baserer seg på handlinga i romanen, seinast i fjor blei Death Comes to Pemberly lansert av sjølvaste P. D. James. Og i Bath i England  blir framleis den årlege Jane Austen-festivalen feira, med besøkande frå heile verda. Jane Austen sine bøker er framleis populære. Eg er sjølv blant dei som aldri blir lei historia om Elizabeth Bennet og Mr. Darcy. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese Pride and Prejudice, og BBC sin adapsjon av romanen med Jennifer Ehle og Colin Firth i hovudrollene er perfekt underhaldning, igjen og igjen.

It is a truth universally acknowledged, that a single man in possession of a good fortune must be in want of a wife.

Forteljinga om Bennet-søstrene, dei fem jentene som treng ein forsørgar, fordi det ikkje er nokon son som rettmessig kan arve familiegården, er kjend for mange. Dei fem søstrene har ei komisk og desperat mor, som gjer kur til alle menn med ei viss formue, bortsett frå den rike godseigaren mr. Darcy, som er langt over det ho kan forvente at døtrene kan håpe å gifte seg med. Misforståingane mellom Elizabeth Bennet og mr. Darcy blir mange og Elizabeth opplever den stillfarne og sjenerte mannen som hovmodig. Mr. Darcy er hovmodig, og tenker at han er for god for ei jente frå middelklassen. I det første frieriet sitt til Elizabeth er  han meir opptatt av korleis han skal heve seg over det skandaløse i det å gifte seg med ei jente frå ein vulgær og udanna familie, enn å erklære kjærleiken sin til Elizabeth, og han blir avvist. Forholdet mellom dei to blir ytterlegare komplisert då den lausmunna offiseren Mr. Wickham sett ut vondsinna rykte om Mr. Darcy. Etterkvart viser det seg at det Elizabeth har tolka som ein kjøleg haldning, frå mr. Darcy si side er eit forsøk på å beskytte ryktet til dei som står han nær. Ho forstår også at Mr. Darcy faktisk bryr seg om henne då han redder omdømmet til Elizabeth si yngre søster Lydia utan å forlange å få noko tilbake. Først når Mr. Darcy demper arrogansen sin og Elizabeth innser at hovmodet hans var delvis berettiga, kan dei to finne kvarandre og romanen munner ut i eit stort og lykkeleg bryllup.

Spørsmålet om korfor denne romanen framleis fenger oss slik, etter 200 år, er blitt diskutert i media dei siste vekene. Det er jo eit spørsmål vi ofte stiller, i møte med dei store klassikarane. Kva er det som gjer at akkurat denne boka blir lesen om og om igjen? I Wall Street Journal skriv Jane Nardin om “Five Things Jane Austen Can Teach Us“. Jane Austen har sett ord på viktige sanningar, “a truth universally acknowledged” om livet og om kjærleiken. The Telegraph hevder at det er dei komiske aspekta som får oss til å lese boka om og om igjen, i “Pride and Predjudice, a love story centuries old, but eternally fresh“. I The Guardian si side Books, news, reviews and author interviews (for øvrig ein nettstad med svært mykje godt lesestoff for oss som er over middels interesserte i litteratur) skriv Alex Clark om den 200 år gamle romanen Pride and Predjudice, og korfor denne framleis er så aktuell og fengande i  “Jane Austen still matters, 200 years on”. I The Guardian skriv Clark om korleis personlegheitstypane til Austen sine karakterar framleis verkar tiltrekkande på oss.

For meg er essensen i den sterke tiltrekningskrafta i historia om Elizabeth Bennet og Mr. Darcy å finne i ein kombinasjon av desse tre. Eg kjenner igjen dei stereotype karakterane og humrer over det komiske i språket og dei gode skildringane, samtidig som eg veit at eg har mykje å lære av historia om dei stolte og fordomsfulle karakterane som finn kvarandre til slutt.

The Guardian markerer 200-årsjubileet med å vise oss dei The 10 best Jane Austen Characters in Pictures. Eg skal feire med å lese boka ein gong til. Eg kjenner det kan vere godt å synke ned i litt god, gammaldags, viktoriansk romantikk, nå i januar.

2 comments

  1. Så fin innlegg!:) Har ikke lest bøkene til Jane Austen før jeg plukket opp fornuft og følelse ifjord og falt pladask. Har planer i år å stifte bedre bekjentskap med bøkene hennes i år, for filmene elsker jeg og bøkene vil jeg sikkert elske enda mer:)

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s