Leseåret 2012

Det er tid for å oppsummere året som har gått og planlegge neste år. I 2012 har eg stort sett bare lese etter innfallsmetoden, eg har ikkje meldt meg på nokon forpliktande utfordringar slik som eg ser mange andre har. Og det passer meg eigentleg veldig godt, så eg kjem til å fortsette på det viset. Neste år kjem eg til å bli med på nokre av bøkene i lesesirkelen til Line. Eg har foreløpig meldt meg på Kafka på stranden, Röda rummet og To the lighthouse, og så tenker eg litt på om eg skal gi meg i kast med Krig og fred og, nå som eg har nokon å lese saman med. Eg kjem til å forsette å forsøke å lese bøker frå land eg vanlegvisvis ikkje les bøker frå, med inspirasjon frå 1001-lista. Elles vil eg og forsøke å redusere antalet ulesne bøker i bokhylla mi. Samtidig liker eg jo å følgje med på det som er nytt, så eg vil jo fortsette å lese nyare norsk litteratur. Eg håper det blir ein fin blanding, eg trivst eigentleg godt med å ikkje detaljplanlegge så veldig.

Sidan eg ikkje har hatt så veldig mange mål for 2012, har eg heller ikkje nokon statusrapport kor eg oppsummerer om måla er nådde eller ikkje. 2012 er det året kor eg først og fremst har vore gravid og blitt mamma, dette har medført at eg har lese relativt få bøker samanlikna med tidlegare år. Eg hadde ein lang periode i vår, kor formen var laber og det blei lite lesing. Så gjekk eg over til lett underhaldningslitteratur, litt krim og Hunger Games-trilogien, som verkeleg er god ungdomslitteratur! Dei siste månadane har eg forsøkt å lure inn lesetid, innimellom amming og bleieskift, men det har blitt betydeleg færre bøker totalt, enn normalt. Men det er jo slik det er, innimellom tar livet meir tid enn andre gonger.

Eg har lyst til å oppsummere leseåret 2012 slik:

Klassikaren eg endeleg fekk lese i 2012: Anna Karenina av Leo Tolstoj
Eg fekk lese fleire klassikarar eg lenge har tenkt på i 2012, men høgdepunktet i denne kategorien må vere Anna Karenina, som eg las i februar. Det var ei fantastisk reise inn i alle intrigene blant den russiske sosieteten. Då eg var ferdig med boka, fekk eg lyst til å begynne på nytt og eg er heilt sikker på at eg kjem til å lese denne boka fleire gonger. Den mangesidige romanen om ekteskap i oppløysing, sjalusi, forelsking og svik gjorde sterkt inntrykk på meg til den nye filmatiseringa av romanen kjem på kino i februar 2013. Romanen er både eit sterkt tidsbilete og eit svært interessant innblikk i posisjonen til kvinna i Russland på slutten av 1800-talet, ei spennande utforsking av psykologien til karakterane og eit drama utan sidestykke. Eg kjem definitivt til å lese Tolstoj igjen!

Boka eg venta på i 2012: 1Q84 av Haruki Murakami
Første og andre del av Murakami sitt storverk 1Q84 las eg i september 2011. Då eg var ferdig, kunne eg nesten ikkje vente på tredje del og eg stod klar i bokhandelen på lanseringsdagen i mars. Eg hadde gleda meg til å fullføre historia om Aomame og Tengo, dei to liva som gradvis blei fletta inn i kvarandre, i den nye verda med to månar. Og avslutninga på dette storverket svarte til forventningane. Tredje delen av 1Q84 var akkurat så velskriven, absurd og surrealistisk som eg hadde håpa.

Boka med størst fallhøgde i 2012: The New York Trilogy av Paul Auster
The New York Trilogy av Paul Auster er ei bok som har stått på skal-lese-lista mi lenge. Eg har lenge hatt inntrykk av at boka skal vere Austers “beste”. Med tanke på lesaropplevinga boka gir, er ho ikkje det. Eg synest både Brooklyn Follies, The Book of Illusions  og Oracle Night gav, var The New York Trilogy ein nedtur. Samtidig forstår eg korfor desse tre bøkene er blitt kanskje hans mest kjende. Dei er ein demonstrasjon av postmodernitet i bokform, av det umoglege prosjektet å skulle skrive om verkelegheita. Og det er ein god demonstrasjon, men det kjennest som om demonstrasjonen av den postmoderne forvirringa går på bekostning av lesaropplevinga i akkurat denne romanen.

Den sterkaste boka i 2012: Baby Jane av Sofi Oksanen
I påska las eg Baby Jane, ei veldig sterk skildring av eit komplisert forhold mellom to jenter som på kvar sin måte slit med psykiske problem. Etter Utrensking og Stalins kyr er Oksanen blitt ein forfattar eg sett stor pris på og Baby Jane levde absolutt opp til forventningane eg hadde. Ho har ei heilt spesiell evne til å skildre det brutale i verkelegheita hovudpersonen opplever, på ein sterk og lesverdig måte.

Eg har og lese Linnéa Myhre sin roman Evig Søndag og Jefferey Eugenides sin roman The Marriage Plot. Desse tre romanane har skildra psykisk sjukdom eller abnormaliteter på kvar sin unike, men svært gode måte. Alle desse tre romanane er bøker som har lært meg noko meir om dei mange ulike aspekta menneskelivet kan ha. Baby Jane er den mest brutale og den sterkaste av desse tre. 

Den store positive overraskinga i 2012: Hunger Games– bøkene av Suzanne Collins
Hunger Games– trilogien er noko av det beste eg har lese innanfor ungdomslitteratur, sidan Harry Potter. Den sterke og sjølvstendige jenta Katniss kjemper ein personleg kamp for frigjering frå eit totalitært regime. I første og andre bok er det kampen for å overleve dei grusomme, årlege Hunger Games-leikene som står i sentrum, medan i tredje bok er kampen løfta ut av underhaldningsindustrien og over i samfunnet. Dette er både god underhaldning og viktig samfunnskritikk, på same tid.

Forfattaren eg oppdaga i 2012: Jefferey Eugenides med The Marriage Plot
Eg har ikkje lese Jefferey Eugenides før men eg er heilt sikker på at eg kjem til å lese det igjen. The Marriage Plot er ein roman om litteraturstudenten Madeleine Hannah, som arbeider med dei viktorianske ekteskapsromanane, samtidig som livet hennar spinner seg inn i eit trekantdrama kor ho blir beundra av både den fornuftige og rasjonelle Mitchell og den lidenskapelege Leonard, med ei bipolar diagnose. I tillegg til å vere ei interessant moderne tolking av plottet vi alle kjenner frå Jane Austen og Brontë-søstrene sine bøker, har The Marriage Plot den beste skildringa av korleis det er å leve med psykisk sjukdom eg nokon gong har lese. Det er ei bok som kjem til å sitte i meg lenge, og eg er heilt sikker på at eg kjem til å lese dei andre bøkene til Eugenides også.

Det arabiske høgdepunktet i 2012: Persepolis av Marjane Satrapi
Eg fekk endeleg lese teikneserieromanen bak filmen “Persepolis”, ein film eg har brukt i religionsundervisninga på jobb. Boka baud ikkje på nokon store overraskingar, samanlikna med filmen, men historia til Marjane som veks opp under revolusjonen i Iran, er godt formidla i teikneserieformatet. Det er ei nydeleg forteljing om det å leite etter identiteten sin, med ei oppvekst i det strengt religiøse samfunnet i Iran og dragninga mot eit forlokkande og fritt Europa. Eg veit ikkje korfor eg les så få teikneserieromanar, eg blir jo positivt overraska kvar gong.

Då gjenstår det bare å takke for følgjet så langt og ønske godt nytt år!

6 comments

  1. Så godt å se oppmerksomhet rundt Baby Jane! Denne boken gjorde et sterkt inntrykk på meg også.

    – Og meget enig med deg vedgående New York-triologien. Det skal riktignok sies at jeg aldri klarte å fullføre boken. Jeg forguder Auster, men NYT smatt aldri inn under hjerterota. Jeg gjør et nytt forsøk, men slettes ikke enda.

    • Ja, Baby Jane er ei slik bok som kryp litt under huden på ein.

      NYT blei litt for teknisk for meg. Sjølv om ho er teknisk god og ei eksemplarisk demonstrasjon av tendensen til å utforske erkjenningsteoreriske og språkfilosofiske problem i litteraturen, blei det ikkje ein roman eg klarte kose meg med. Men det er kjekt å kunne krysse boka av på burde-lese-lista, likevel.

  2. Godt nytt år til deg også!

    Mange fine bøker på lista di. Husker Persepolis som en god leseopplevelse da jeg leste den. Anna Karenina er nok min favoritt blant klassikerne jeg har lest, og som deg tenker jeg at dette er ei bok jeg kommer til å lese flere ganger. Jeg er også veldig innstilt på at dette er året da jeg endelig skal få lest Krig og Fred, med drahjelp av Lines lesesirkel.

    Jeg har lest både Stalins Kyr og Utrenskning, men nå minte du meg på at jeg ikke har lest Baby Jane. Så dessuten at det kommer ny bok av Oksanen på norsk i vår. Det skal jeg notere meg bak øret, to mulige høydepunkter i året som kommer.
    Kanskje bør jeg på et eller annet tidspunkt somle meg til å lese Hunger Games også – begynner å bli mange av dem jeg finner leseinspirasjon hos som har anbefalt denne nå.

    • Ny Oksanen-bok? Det har eg ikkje fått med meg. Den må eg sette på innkjøpslista mi, eg har vore svært begeistra for alt ho har skrive til nå. Intervjuet med henne på Oslo Bokfestival i 2011 var og eit høgdepunkt. Gled deg til å lese Baby Jane. Eg tenker og på å melde meg på Krig og fred hos Line. Eg trur eg har bestemt meg for å gjere det. Eg er bare litt redd for at lesetida ikkje strekk til. Eg trur eg må tjuvstarte, eg rekk ho neppe i løpet av september.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s