Ein puslande pusling

Pusling!!!
Christian Valeur
Aschehoug, 2012.
252 sider.

download

Eg har lese Christian Valeur si bok Pusling!!!. Eg hadde ikkje høyrd om verken boka eller forfattaren, før eg blei kontakta av forlaget med spørsmål om eg ville ha eit leseeksemplar. Og eg er glad for at eg takka ja, for den korte boka med knyttneven på framsida, er nok ei bok eg elles ville gått glipp av.

Pusling!!! er forteljinga om Fredrik, ein fredeleg fyr, som etter å ha funne ut at forloveden Marte har vore utru, må ut og leite etter sinnet sitt. Fredrik er ein pusling, som ikkje er vand til å vere sint og som ikkje har eit språk å uttrykke sinnet i. Dette språket for å uttrykke sinnet, manglar og den svært interessante forteljarstemma i boka. Men tittelen kan og relaterast til puslespelpusling. I åpnignsscena går Fredrik til ein bokhandel og kjøper eit puslespel utan eske, slik at han ikkje skal sjå biletet. Han får brikkene i ein pose og har tenkt å begynne å pusle det, når han istaden må ut og leite etter eit språk han kan uttrykke sinnet med.

Boka er og bygd opp som eit puslespel, teksten er delt inn i dei fire delane “Hjørnene”, “Kantene”, “Blikkfangene” og “Sorteringen”. Forteljaren samler inn informasjon om historia til Fredrik og presenterer det for lesaren, på same måte som ein går fram når ein pusler puslespel. Han begynner med hjørne og kantar og fyller etterkvart inn med detaljane som fanger blikket. Den observante har kanskje lagt merke til at eg kaller Pusling!!! for teksten , utan å spesifisere sjanger, og det er fordi sjangerspørsmålet er langt frå åpenbart. Teksten består av ei rekke korte scener og tablå, som er knytta til Fredrik si jakt på sinnet, men som er komponert som ei rekke puslespelbrikker som må sorterast i ein kronologisk samanheng, for at det store biletet skal bli ei oversikteleg forteljing. Lesaren blir som ein tilskodar til scenene som utspelet seg, eit perspektiv som blir konstruert både gjennom måten forteljaren henvender seg til lesaren og gjennom bruken av replikkar istadenfor dialog skrive inn i den løpande teksten. Saman med den originale forteljarteknikken, får Pusling!!! dermed eit særpreg og boka skil seg frå mengda av nyare norske bøker om innadvendte og forsmådde unge menn, som har vanskeleg for å uttrykke kjensler, på ein svært god måte. Pusling!!! er ei underhaldande og god bok!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s