Det er advent og eg har lyst til å lage ein litterær adventskalender i år. Kvar dag, fram til 24. desember, vil eg presentere ein forfattar, ein kort tekst eller eit sitat.
Olav H. Hauge er diktaren av dei første dikta eg las. Dei enkle dikta hans gjorde at eg som 16-17-åring fekk auga opp for denne sjangeren. Dei var lenge dei enaste dikta eg las og, men etterkvart utvida eg og las fleire andre dikt. Nå les eg sjeldan Hauge sine dikt, men kvar gong eg vender tilbake til dei, tenker eg at det er slik dikt skal vere.
Mange års røynsle med pil og boge
Det er den svarte prikken
midt i skiv du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka upp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken teragar deg,
Til du forstår pili
som stend der og dirrar:
Her er òg eit midtpunkt.