Romjulsplaner

Etter å ha vore heimeverande husmor heile hausten, har eg for første gong ikkje gått og talt ned til juleferien. Babyen kjem til å kreve like mykje som resten av året. Den store forskjellen er jo at pappaen har fri frå jobb og vi kjem til å vere to om det meste. Det bør jo bety rolegare dagar og ferieliknande tilstander. Eg håper det blir litt ekstra lesetid på meg, medan ivrige tanter, onklar og besteforeldre får kvalitetstid med den vesle. Så full av optimisme, planlegg eg romjulslesinga mi.

Til å begynne med skal eg lese ferdig Kjærlighet i koleraens tid av Garbriel García Márquez. Eg har høyrd mange lovord om forfattaren, både frå Torbjørn Hauken og Labben og halvvegs i boka må eg seie at García Márquez innfrir forventningane som har bygd seg opp. Vidare har eg hatt Cecilie Aurstad sin debutroman, Bare ukedager liggjande på nattbordet ei stund nå. Boka er varmt anbefalt av fleire bloggarar, som Sukkerrør og Bok-Karete, eg kjenner eg gleder meg til å lese denne. Og viss eg treng meir lett og humoristisk litteratur, skal eg lese How To Be a Woman av Caitlin Moran, som blant anna Enligt O har anbefalt. Denne har eg lagra i Kindle-appen på telefonen min, eg trur ho er godt egna til å lese innimellom og på farta. På lesebrettet mitt har eg hatt The Childrens Book av A. S. Byatt liggjande ei stund, ei bok eg blei nysgjerrig på etter å ha lese The Guardian si omtale av boka. Eg har og høge forventningar til Jeffery Eugenides Middlesex etter å ha lese The Marriage Plot tidlegare i haust. Eg rekner ikkje med at eg får lov til å grave meg heilt ned under eit pledd og bare lese bøker i jula, så eg trur ikkje tida vil strekke til og gjere det mogleg å innfri alle desse planane, men det er viktig å ha nok bøker tilgjengeleg, likevel.

2 comments

  1. Planer må man ha enten det blir noe av dem eller ei. Jeg vurderer å lese Marquez neste år og er spent på hva du synes om boken når du har lest ferdig. Fra før har jeg lest Beretningen om et varslet mord, og den likte jeg bare sånn passe. Derfor er jeg usikker på om de andre bøkene hans er noe jeg gidder å prioritere med det første. Så langt virker han som en forfatter som “alle andre” liker bortsett fra meg. God tur på ferie!

    • Eg har og nokre slike forfattarar som eg har inntrykk av at alle andre liker, utanom meg. Ian McEwan for eksempel, han har eg aldri klart å la meg begeistre av. Men Kjærlighet i koleraens tid er ei veldig god bok, altså!

      Takk for det!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s