16. desember: Tarjei Vesaas

 

adventskalender_03_1

Det er advent og eg har lyst til å lage ein litterær adventskalender i år. Kvar dag, fram til 24. desember, vil eg presentere ein forfattar, ein kort tekst eller eit sitat som kanskje kan vere av interesse for fleire enn meg.

Dagens dikt er “Det ror og ror” av Tarjei Vesaas (1897-1970). Vesaas er, i mine auge, ein av Norges største forfattarar, ein språkleg meistar og ein diktar som både i poesi og prosa imponerer med å skrive fram heilt spesielle stemningar og toner. Eit av dei finaste dikta hans, kjem her:

DET ROR OG ROR

Dagen er faren
– og det ror og ror.

Det mørke berget,
mørkare enn kvelden,
luter over vatnet
med svarte folder:
Eit samanstupt andlet
med munnen i sjøen.
Ingen veit alt.

Det ror og ror,
i ring,
for berget syg.
Forvilla plask på djupet.
Forkoment knirk i tre.
Forvilla trufast sjel som ror
og snart kan sugast ned.

Han står der òg
den andre,
han i bergfoldene,
i svartare enn svart,
og lyer utover.
Lam av synd.
Stivt lyande.
Stiv av støkk
fordi her ror –

Då må det gå blaff og blå-skin
fram og attende
som heite vindar
og som frost.

Det ror og ror i natt.
Det ser og ser ingen.
Ingen veit
kven som slikkar på berget
når det er mørkt.
Ingen veit botnane
i Angest sjø.
Ingen veit
kven som ikkje kan ro.

 

One comment

  1. Hei! Eg såg kommentaren din på 1001-sida mi. Sjølvsagt kan du kopiere, og så hyggelig og høfleg at du spør. Det liker eg! Forstår godt at du vart svimmel og mista tråden, eg var på nære nippet til å gi opp. Bare pass på at du får me stjerne-forklaringane som er øverst. Ingen stjerner = 2006, ei stjerne = tilføyelser 2008, to stjerner = tilføyelser 2010 og tre stjerner = tilføyelser 2012.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s