Det er advent og eg har lyst til å lage ein litterær adventskalender i år. Kvar dag, fram til 24. desember, vil eg presentere ein forfattar, ein kort tekst eller eit sitat som kanskje kan vere av interesse for fleire enn meg.
Eldrid Lunden (f. 1940) er ein norsk lyrikar som og underviser ved forfattarstudiet i Bø i Telemark. Ho har gitt ut ni diktsamlingar som er samla i Dikt i samling 1968-2000, og i Slik sett frå 1996, finn vi diktet Senit:
Senit
Der finst skuggar og der finst skuggar som
aldri vert framkallaSom f.eks. å reise en tur ut i provinsen
og oppdage at ein der ikkje anar
kva ordet høne betyr—
I eit kvart spørsmål om sol, ligg der
tørste spørsmål om skugge, sa han, men
i noen tilfelle skjuler sola heile skuggen—
Det kan dreie seg om ein vanvittig tørste
i skuggane, og skuggane hjelper ikkje—
Då blir gode soler dyre
—
Kven hadde ikkje hat sol på lager
den gongen skuggen stod som ein loddrett skugge
i blodet, og der fanst skogar av skugge å ta avSå kvar kjem mangelsola frå?
—
Frå mangelskuggen?
—
Begge mistenkte den andre
for å ha ein skugge inne-
ståande—
Med full oversikt over skuggen sin, skulle
det kanskje berre mangle at ein ikkje finn gjen-
part av skuggen sin i andre—
Å ikkje vere mye sett, nei
sjøl om ein viser fram skuggen sin—
Han hadde sol i håret
Han hadde sol på skuldrane
Han hadde sol på hendene
Han hadde sol på mansjettane, knappane, sko-
tuppane. Slik settt
hadde han skuggen
sin samla under
skosolane—
Å gå inn i sola, med
sola i ryggen, skuggane reiser seg
langsamtÅ røre kvarandre i dette sitrande
lyset, men
“legg ikkje sol til mi sol, og
skugge til min skugge”—
Nå nærmar veksepunktet seg
same slags sol
—
Slik sett
blei noen ståande i skuggen heile livetSlik sett
kom skuggen aldri fram under
solfoten