Det er advent og eg har lyst til å lage ein litterær adventskalender i år. Kvar dag, fram til 24. desember, vil eg presentere ein forfattar, ein kort tekst eller eit sitat som kanskje kan vere av interesse for fleire enn meg.
Dagens dikt er nok ei flott naturskildring, skriven av finlandssvenske Edith Södergran. Mitt første møte med denne forfattaren, var på Blindern, på eit kurs i svensk litteratur. Etter å ha lese eit dikt i kompendiet, kjøpte eg samleutgåva av dikta hennar, ei bok eg har hatt mykje glede av:
“Skymning”
Natten kommer stor i sitt ulliga skägg
och ler ett helt leende åt det halvt beslöjade.
Oformligt jättelikt ur de stumma syrenerna
växer i skymningen parkens kontur.
De täcka syrenerna hava sömniga öron,
de drömma att solen stiger ned på jorden…
Vad kan en drömlik skymning mot alla vakna tankar
som osedda stjäla sig förbi…