3. desember: Jon Fosse

adventskalender_03_1Kvar dag, fram til 24. desember, vil eg presentere ein forfattar, ein kort tekst eller eit sitat som kanskje kan vere av interesse for fleire enn meg.

 

Eg er veldig glad i prosaen til Jon Fosse, Morgon og kveld er ei av dei beste bøkene eg har lese. Jon Fosse er mest kjend for dramatikken sin, men han har og skrive ein god del dikt. I diktet (havet), skriv Fosse fram ein fascinasjon for havet, som eg deler med han:

(havet)

i skift
mot det forskjellige og
samstundes innanfor nettopp det same
som havet    Eg står og ser utover havet
Eg ser blått og kvitt i skiftningar
slik vinden går gjennom kleda
Eg ser himmel og hav
Det er blått   Det er kvitt   Det er havet
Eg ser utover havet
Eg ser over eit sund, mot lysa i ein by
Eg ser skip gå gjennom sundet
og eg tenkjer utan å tenkje
at eg kan sjå havet
Men havet kan ikkje sjå meg
Eg ser havet.

Dikt 1986-2000, s. 148.

One comment

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s