Jeg nekter

Jeg nekter
Per Petterson
Oktober forlag, 2012.
298 sider

Av og til synest eg det er lettare å skrive om bøker eg har noko å utsette på, enn det er å skrive om bøker eg liker veldig, veldig godt. Når eg skriv om bøker eg liker godt, blir det fort til klisjéaktig skamros, det ser ukritisk og tomt ut. Jeg nekter er ei slik bok. Ho fortener både ukritisk skamros og Bokhandlerprisen

Jim og Tommy utvikler eit sterkt vennskap gjennom barndommen og tidlege tenår. Jim blir eit av få faste haldepunkt for Tommy, som kjem frå ein familie som går i oppløysing. Av ulike grunner mister dei kontakten, litt utpå 70-talet, og først i 2006 møtest dei to igjen, i eit tilfeldig møte. Då er rollane snudd opp-ned. Tommy køyrer forbi Jim i den flotte mercedesen sin, medan Jim står på ei bru i Oslo, i ei gammal jakke, og fiskar. Det neste døgnet tenker Tommy tilbake på barne- og tenåra, på vennskapet med Jim og korfor det gjekk i oppløysing. Jim ser tilbake på livet sitt og stiller spørsmål med korleis det blei slik som det blei. Vi følgjer i hovudsak dei to gutane sine tilbakeblikk på livet, som innimellom blir utdjupa av kapitler med andre forteljarstemmer, søstera til Tommy, mora hans, som reiste frå dei fire barna sine og naboen Jonson som tar seg av Tommy. Dette gjer at ein som lesar ser eit større bilete enn kva den einskilde karakteren i boka gjer. 

Som i Ut og stjæle hester er språket til Petterson enkelt, nøkternt og usentimentalt. Og det er kanskje dette som gjer at boka skil seg frå andre romanar med den same tematikken. For historia om den vanskelege oppveksta, den einsame guten som blir mishandla av faren, det viktige vennskapet som etterkvart går i oppløysing og tenåringen som blir innlagt på psykiatrisk etter eit sjølvmordsforsøk har vi høyrd før. I Jeg nekter får vi høyre desse historiane ein gong til. Det enkle og nøkterne språket og den episodiske og sceniske framstillinga av dei såre barndomsminnene, gjer at Jeg nekter skil seg ut og blir unik, til tross for den velbrukte tematikken. 

Romanen har heller ikkje eit stort forklaringsbehov. Det er mange lause trådar, vi får ikkje vite korfor mora til Tommy og søskna reiste frå familien. Vi får heller ikkje noko forklaring på korfor Jim forsøker å ta livet sitt. Episodane er der, ei forteljing om det som har hendt, utan forklaring, slik episodar kan framstå i det verkelege livet. Og det er kanskje det som gjer Jeg nekter til ei slik stor lesaroppleving. Romanen liknar på det verkelege livet, både gjennom språket og gjennom alle dei ubesvarte spørsmåla. 

4 comments

  1. Eg føler faktisk på det same, at det er vanskeleg å skrive om bøker eg verkeleg fell for. Slik som med Bare ukedager! Godt å høyre at det ikkje berre er meg. – Eg har nett funne meg ein ny blogg å fylje!

    • Så hyggeleg!

      Eg trur kanskje det heng saman med at det er lettare å begrunne korfor ein ikkje liker noko, enn korfor ein liker noko. I alle fall når det er som med denne boka, at lesaropplevinga skaper ei spesiell stemning. Det er vanskeleg å beskrive denne stemninga med ord.

  2. Det er noen bøker som er vanskeligere å skrive om enn andre, og jeg kan forestille meg at denne er blant førstnevnte. “Ut og stjæle hester” likte jeg veldig godt, og selv om jeg har “Jeg nekter” på leselisten fikk jeg enda mer lyst til å lese den etter å ha lest omtalen din!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s