Ei barnebok om foreldrerolla

Eg gjer eit byks ut av barseltåka med ei barnebok om foreldrerolle og tidsklemme. Plottet i Inger Bråtveit si barnebok på rim, er enkelt. Knut ligg på sjukehuset. Vi får ikkje vite kva som feiler han. Medan han ligg der, på einerom med TV, lego, DS og Pokemon er far heile tida tilstade. Han er trøystande og oppmuntrande, medan mor er i Finland på viktige møter. Knut får snakke med mor på telefonen og ho lover å ta han med til Finland når han er frisk. Boka slutter med at mor gir Knut ein hund, etter at han har komme heim frå sjukehuset.

20121115-000246.jpg

Boka svarer ikkje på tittelspørsmålet, “Kven er snillast av far og mor?”, men fortel rett fram og liketil om Knut som er på sjukehuset saman med far,  medan mor snakkar i mobiltelefonen, om mor som bruker fritida si på “fysisk fostring” medan Knut og far går på kafé og spis skulebollar. Bak denne likeframme og enkle forteljarmåten, er det ein sår undertone. Mor manglar.

Då søster stikk nåla inn, seier far:
Så flink og tøff du er, guten min. 

Knut er ikkje redd for sprøyter eller blod.
Knut tenkjer berre: Kvar er mor?

Marie L. Kleive kaller mor “en Tårnfrid-klisjé  med høye hæler og mobiltelefon” i Dagbladet sin kritikk av boka. Og kanskje er mor til Knut ein klisje. Samtidig er tidsklemmekvinna som skal balansere karriere og familie ein del av kvardagen til mange familiar og Tårnfrid-klisjéen er verken uaktuell eller oppbrukt. Tårnfrid-klisjéen er i høgste grad levande. Til tross for at vi har sett denne distanserte mora før, gjer ho ikkje boka eindimensjonal eller flat, mykje takka vere språket og illustrasjonane.

Etter å ha lese dei første to sidene i boka, tenkte eg å applaudere Bråtveit for å skrive ei lyrisk barnebok i bunden form. Men det stramme rimet og rytmen i starten av boka løyser seg opp og går over til friare vers. Rytmikken og rimstrukturen endrar seg frå side til side, og naudrima som “finans – utanlands” og “har – kaviar” er tidvis underhaldande. Variasjonane i rytmikken og verselinjene sin struktur er med på å gi dei ulike sidene ulike tonar. Sjølv om boka ikkje svarer på spørsmålet om kven som er snillast av far og mor, er rytmen i linjene med på å sette tone og fargar på teksten. Dermed blir den enkle forteljinga med dei stereotype figurane, langt meir nyansert enn kva meiningsinnhaldet aleine gjer forteljinga om Knut og foreldra hans. Saman med illustasjonane, som med bruken av svart-kvit-kontraster, er verdt eit studium i seg sjølv, løftar rytmen Kven er snillast av far og mor? opp frå det enkle og klisjéaktige.

Bloggarane Lena og Stine Marie har stild spørsmål om kven som eigentleg er målgruppa for boka. Og eg er einig med dei, Kven er snillast av far og mor? slår meg ikkje som ei typisk barnebok, sjølv om det er det forlaget marknadsfører ho som. Eg undrer meg og over at det er barnet som er målgruppa for denne boka. Kven er snillast av far og mor? er eit viktig innlegg i ein debatt om kjønnsroller, både om mannen og kvinna sin plass i familie- og arbeidslivet. Og eg trur den vaksne lesaren med interesse for desse spørsmåla er ei langt viktigare målgruppe, enn barnet.

Takk til Flamme forlag for leseeksemplar. 

2 comments

  1. Jeg reagerer ikke så mye på det du skriver om mor og tidsklemma, men mer på at det virker som om mor ikke har tid til å være med på sykehuset når sønnen er syk. Er ikke det merkelig uansett hvor mye hun ellers har å gjøre? Tidsklemma er vel mer et hverdagsproblem enn noe som styrer familien i krisetider? Dersom den sentrale tematikken i boken er kjønnsroller, virker det rart at det er barn som er i målgruppen for boken. Det er en voksen diskusjon, selv om den selvfølgelig også angår (og går utover) barn.

  2. Eg tenker og det. Når barnet er på sjukehuset, vil det vel vere naturleg at mor dropper finans og russisk kaviar og kjem heim til barnet.

    Eg må presisere at eg meiner ikkje at barn skal skjermast frå voksne diskusjonar, men det er som om diskusjonen i boka ikkje er på barnet sine premisser. Det blir for abstrakt og voksent. Tidsklemme- og kjønnsrolleproblematikken går ut over barnet, men det er noko med perspektivet som gjer at eg ikkje heilt ser at barnet er målgruppa her.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s