A Town Like Alice

A Town Like Alice
Nevil Shute
Storbritannia, 1950.
268 sider.

Tittelen A Town Like Alice er ein tittel eg har bite meg merke med, for lenge sidan, utan heilt å vite korfor. Derfor har eg og kjøpt eboka for ei stund sidan og hatt ho liggjande på lesebrettet ganske lenge. Nå i sommar fekk eg endeleg lese ho.

Forteljaren i romanen er ein britisk advokat, som skal forvalte arva etter ein avdød klient. Han sporer opp grandniesa, Jean Paget, som har vore i Malaysia under andre verdskrigen. Den gamle advokaten innrømmer det aldri, men vi får intrykk av at ikkje bare har professjonelle kjensler for den unge jenta. Etterkvart fortel Jean han om opplevingane sine under andre verdskrigen, der ho og ei gruppe kvinner og barn, måtte gå over Malaysia, utan å vite kor dei skulle. Den delen av romanen, kor Jean Paget fortel om opplevingane sine under krigen, er ei levande skildring av ei svært sterk historie, om flukt, krig, sjukdom og ikkje minst om den australske soldaten som blir korsfesta av japanerane, etter på ha forsøkt å hjelpe kvinnene med å stele kyllingar til dei. Jean gløymer aldri denne soldaten. Eg blei oppslukt og sterkt gripen av denne delen av romanen, som og er basert på ei sann historie.

Då Jean seinare arver den gamle onkelen, og ikkje lenger treng jobbe, bestemmer ho seg for å reise tilbake til det malaysiske øysamfunnet for å bygge brønnar. Medan ho er der nede, får vi fortald historia hennar gjennom advokaten som sitt igjen i London, og breva ho sender han. Her finn ho ut at soldaten som blei korsfesta, ikkje er død som ho trudde og ho bestemmer seg for å reise til Australia for å oppsøke han. Samtidig har den unge, australske soldaten etter mange år bestemd seg for å reise til England for å leite etter Jean Paget. Men Jean er tålmodig og slår seg ned i den vesle, australske landsbygda, til tross for at ho ikkje veit noko om at hennar livs store kjærleik leiter etter henne. Soldaten hennar kjem ikkje bare tilbake til landsbygda, men Jean Paget revolusjonerer samtidig det fråflytningstrua bondesamfunnet gjennom å skape arbeidsplasser til kvinnene, slik at dei kan bli buande i bygda. Ikkje bare starter ho ein fabrikk kor kvinnene kan sy krokodilleskinnskor til ein brøkdel av prisen dei blir selde for i England, men ho bruker overskotet til å bygge ein iskrembar, slik at dei har ein plass å gå med familiane sine på søndagane. Dermed kan kvinnene bli i heimbygda, istadenfor å reise til Alice Springs for å få arbeid og dei kan gifte seg med dei mange ungkarane i bygda (og leve lykkeleg alle sine dagar).

Medan første delen av romanen har eit sterkt element av spenning på handlingsplanet, er denne andre delen forutsigbar, platt og på grensa til kjedeleg. Eg venta heile tida på at boka skulle ta seg opp og på at noko av den same driven som driv forteljinga om kvinnene på Malaysia skulle prege historia om Jean som venter på soldaten Joe, helten og redningsmannen hennar. Men det skjer dessverre aldri. Istadenfor blir boka langdryg og eg kjenner eg blir litt metta av kor heltemodig og nobel Jean er og kor viktig ho blir for det vesle lokalsamfunnet. Det heile blir rett og slett litt kjedeleg. Det er kanskje å ta litt hardt i å seie at den andre delen øydelegg for den første delen av romanen, men den sterke historia frå andre verdskrigen blir i alle fall sterkt amputert av den platte fortsettinga.

Forteljarposisjonen er og problematisk, ikkje minst fordi den gamle advokaten forguder den unge kvinna som har arva pengane han forvalter. Det blir aldri heilt klart kva slags funksjon det har, at denne gamle mannen sitt i London og fortel om Jean sine reiser til andre kanten av verda, for henne. Det kunne vore eit godt grep, men i denne samanhengen blir det bare kunstig og påtatt. Forteljaren er på den eine sida svært dominerande, på den andre sida manglar han ein tydeleg plass i romanen. Dermed blir han påtrengande, utan å ha ein funksjon.

Som tidsbilete frå femtitalet er romanen imidlertid god. Rasebeskrivingane, sterotypiane, dei vestlege sitt syn på både japanarar og aboriginarar kjem tydeleg fram, gjennom skildringar som ikkje ville gått gjennom dagens normer for politisk korrektheit. Den britiske heltinna som kjem reisande frå kolonimakta på eige initiativ og som redder heile lokalsamfunnet frå å avgå med fråflyttingsdøden, gjer at heile romanen er ramma inn av haldningar som var typisk for kolonitida. Romanen er i det heile tatt gjennomsyra av britisk kulturimperialisme, på ein måte som knapt lar seg beskrive med moderne språk. Gjennom hovudpersonane sine haldningar, handlinga i boka og heltinna si redningsdåd, kjem det fram at dei verdiane og den levemåten det britiske samfunnet representerer, er redninga, både for det malaisiske øysamfunnet og det australske lokalmiljøet. Det fascinerer meg at desse haldningane var politisk korrekte, der og då. Dermed maler Nevile Shute kanskje utan å vite det, eit godt bilete av samtida si, som er svært interessant i eit historisk perspektiv, sjølv om A Town Like Alice faller litt gjennom, som roman.

2 comments

  1. Det här är en bok jag har tänkt att läsa någon gång. När jag ser den nämnas kommer jag ihåg att den finns på min läslista i bakhuvudet. Tack för påminnelsen, och tack för din syn på boken! Den känns som en bok som det är bra att ha läst och tänkt på.

    Jag tycker att det är fint att se “A New Novel” på bokomslaget du hittat. En gång var ju boken faktiskt ny!

  2. Veldig godt innlegg! Tittelen på romanen er så kjent at jeg var helt sikker på at jeg visste hva den handler om. Men jeg hadde virkelig ingen anelse, og nå fikk jeg lyst til å lese den selv om andre del ikke er så god. Jeg tror jeg kan leve med ymse dårlige grep og forutsigbar handling hvis tidskoloritten bare er god. I alle fall når det er en roman fra en periode i Storbritannias historie som jeg kjenner dårlig.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s