Venstrehåndslesing

Eg prøver meg på venstrehåndsblogging frå mobil, medan eg ammer. Eg bommer litt på tastane, men eg får retta opp der autocorrecten og eg ikkje heilt forstår kvarandre.

Dei siste snart tre vekene har vore tåkete. Dei har handla om basale behov, mat, søvn og bleieskift. Det er ein ny og annleis kvardag, med ein nyfødt baby i hus. Det er veldig kaotisk og veldig koseleg på same tid.

I går kom eg til å tenke på at det snart er tre veker sidan eg åpna ei bok sist. Boklesing kjem for høgt opp på behovspyramiden, til at det har blitt prioritert. Det viser seg å ikkje vere blant basalbehova. Eg fann fram Elskede av Toni Morrison, las to sider og sovna. Eg har mista tråden i den fine boka, eg hugser ikkje karakterane og eg er usikker på kva det var eg las for tre veker sidan. Dessutan er boka av eit slikt format at ho er vanskeleg å håndtere med bare ei hand, medan eg held babyen med den andre. Det er synd, for eg veit at eg likte boka, før fødselen. Eg trur likevel eg må ta ein pause og begynne på ny, når eg kan lese med begge hender igjen.

I mellomtida lader eg opp lesebrettet. Eg trur det er eit betre egna format, dei neste vekene.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s