Fredagsflisespikkeriet – heile setningar

Kommunikasjon på internett har ofte eit preg av å vere noko midt i mellom munnleg og skriftleg språk. Formen i kommentarfelta, på facebook og internettfora er munnleg, men mediet som blir brukt er skriftleg. Dette gjer at språket ofte får eit munnleg-skriftleg preg. Ulempa med eit munnleg-skriftleg språk, er at på facebook, i kommentarfelta og på fora, ser vi ikkje den vi snakkar med.  I munnleg tale, ser vi ansiktet, mimikken, blikket og uttrykket til den vi snakker med, og vi kan tillate oss å vere unøyaktige. Dei same unøyaktigheitene kan lett skape misforståingar, når denne non-verbale delen av kommunikasjonen er borte, og vi kun kommuniserer verbalt. Derfor er det viktig å uttrykke seg presist skriftleg, sjølv om omgangsformen er meir uformell og lettare i ein del internettsamanhengar, enn i andre skriftlege sjangrar.

Ein ting eg har lagt merke til, når det gjeld internettspråket, er tendensen til å skrive ufullstendige setningar. Det er særleg subjektet som har ein tendens til å bli kutta ut. Innimellom forsvinn andre, viktige setningsledd og. Eg har ein mistanke om at det kan vere sms-en og behovet for å forkorte setningar for å bruke så få teikn som mogleg, som er opphavet til denne tendensen. Men det brer om seg, og til andre tekstsjangrar enn dei uformelle, munnleg-skriftlege tekstformene vi bruker, når vi kommuniserer via internett. Subjekta er i ferd med å bli borte frå setningane våre. Og eg veit at eg kjem til å sakne dei.

For å vere sikker på at alle veit kva eit subjekt er, kan eg jo begynne med å repetere litt fjerdeklassepensum. Ein fullstendig setning må minimum ha subjekt og verbal. Verbalet er det som blir gjort/det som skjer i setningen, subjektet er den som utfører verbalet. I tillegg kan ein fullstendig setning ha objekt (den verbalet blir utført mot), indirekte objekt (den verbalet blir utført til eller for) og adverbialledd (seier noko om tid, stad eller måte verbalet blir utført). For meir utfyllande detaljar om setningsstruktur, kan du sjå her. Nå vil eg nøye meg med hovudregelen:

Ein fullstendig setning, må minumum innehalde eit subjekt og eit verbal. 

“Har vore på café i dag. Skal spise middag, skal bare rydde først.” Her er subjektet kutta ut, og det er ikkje godt å vite om det er “eg” som er underforstått som subjekt, eller om det hunden som har vore på café og som skal spise middag etter at han har rydda. Setningen “Eg har vore på café i dag. Eg skal spise middag, eg skal bare rydde først” er langt meir presis (og det tar ikkje så mykje lenger tid å skrive han).

Mange bruker og midlertidige subjekt, som “denne”, “dette”, “den” og “det”, utan at det kjem klart fram kva dette midlertidige subjektet viser til. Eit midlertidig subjekt krev at det blir gjort tydeleg i setningen framføre eller seinare i same setning, kva “dette” viser til.

Denne vekas oppfordring er derfor: ta med subjektet, når du skriv. Då blir setningane mykje meir presise og du åpner ikkje for like mange misforståingar.

5 comments

  1. Takk. Det du skriver her, er det veldig greit å være bevisst på. Jeg tok meg i at jeg var på god vei til å skrive “Greit å huske på”.

  2. Eg syns eg skriver ganske korrekt. Eg skreiv meir sms-språk då eg var yngre, men på omtrent alle digitale flater (kanskje med unntak av twitter) skriv eg ganske korrekt. Det du skriv er likevel interessant lesing, og det er greit å huske på i ein travel kvardag:-)

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s