Boka først?

Eg har bestemd meg for å bli med på lesesirkelen til Line denne månaden, for å få lese ei bok eg har hatt ståande i bokhylla lenge, Elskede av Toni Morrison.

Eg har ennå ikkje lese Morrison, eller det vil seie, eg begynte på Sangen om Solomon, for nokre år sidan, men la boka bort etter ti sider. Omsettaren Torstein Bugge Høverstad hadde skrive om all sørstatsdialekten i originalen til Hedmarksdialekt, noko som var frykteleg slitsomt å lese. Så eg konkluderte med at Morrison må lesast på engelsk, og boka Elskede har bare blitt ståande i hylla. Heldigvis gjorde Line meg merksam på at det ikkje var Høverstad som stod bak omsettinga av Elskede, men Mona Lange. Og så langt verkar dei første kapitla gode og lesbare, i alle fall samanlikna med Sangen om Solomon. Så eg har trua på denne boka.

Mi utgåve av Elskede er frå Bokklubbene sin serie Verdensbiblioteket, som eg har abonnert på sidan 2001. Alle bøkene i denne serien, har eit innleiande essay som står trykka først i boka. Og kvar gong eg henter fram ei bok i denne serien, blir eg litt i tvil om kor vidt eg skal begynne med å lese det innleiande essayet, eller om eg skal lese boka først og spare essayet til slutt. Og eg klarer aldri bestemme meg for kva som er den beste måten å gjere det på.

Eg liker å lese om bøker og eg er ikkje redd for å øydeleggje bøker med å kjenne handlinga, på førehand. Ei god bok har gjerne mange fleire aspekt enn bare handlinga, så eg er ikkje redd for å vite korleis det går. Ofte kan det å ha lese litt om ei bok før eg les boka, vere berikande på lesaropplevinga. Andre gonger opplever eg at eg får meir utav lesinga, når eg begynner rett på boka. Det er som om forord, innleiande essay og andre tekstar om bøker, til tider kan verke som ei bruksanvisning, eller lesaranvisning, som verkar forstyrrande i lesinga. Eg legg merke til andre detaljar, dersom eg har lese mykje om ei bok på førehånd, enn om eg begynner rett på sjølve boka, både på godt og vondt.

Denne gongen bestemde eg meg for å hoppe over det innleiande essayet og begynne rett på sjølve romanen. Eg vil lese Elskede som ho er og spare Karin Sveen sine betrakningar om boka til etter at eg har lese ferdig. Ein annan gong, kan det hende eg les essayet først.

2 comments

  1. Nå ble jeg glad! Jeg tror ikke det er mange som blir med på Elskede, og det er kjedelig ikke å ha noen å diskutere en slik roman med etterpå.

    Verdensbiblioteket er en fantastisk serie, og jeg får stort utbytte av å lese både forord og etterord (der de finnes). Mye av grunnen til at jeg fikk så mye ut av Lorcas Sigøynerballader var gjendikterens grundige forord. Jeg tror at jeg alltid foretrekker å ha lest noe om boken på forhånd. Tankene blir mer skjerpet av å ha konkrete forventninger til teksten, og jeg får sjelden lyst til å lese en bok jeg ikke vet noe om. F.eks. innlegget ditt om Vanære og det du sier om grenser. Når jeg leser Vanære kommer jeg til å tenke i de baner og dermed stille gode spørsmål til teksten hele veien. Da får jeg mye mer ut av lesingen. Men hvis det man har lest før boken virker som en uttømmende og komplett lesning, blir det noe annet. Jeg tror det er forskjell på de som prøver å åpne teksten, og de som prøver å lukke den. Dessverre vet man jo ikke det før det er for sent.

    Artig det du sier med handling, for da jeg leste Dan Browns Det tapte symbol, hadde noen avslørt for meg hvem morderen var på forhånd. Det var helt meningsløst å lese boken, for handling var det eneste den hadde. Som hovedregel er det vel et tegn på dårlig kvalitet at man bør vite minst mulig før man leser selv.

    • Eg liker både å ha lese om boka først og å ikkje ha lese om boka først, men merker at eg les på to forskjellige måtar. Men du har kanskje rett i at det avheng av kva ein har lese om boka, med tanke på om teksten åpner seg eller lukker seg. Det er ikkje alle forord som er like gode, der. Eg føler ofte at eg har større utbytte av å lese om bøkene etter at eg lese ferdig boka og. Men det varierer som sagt.

      Eg synest og Verdensbiblioteket er ein flott serie og liker veldig godt essaya som følgjer med bøkene.

      Krim kor ein veit kven mordaren er, skjønner eg at ikkje er det heilt store. Eg har hatt ei liknande oppleving, med ei krimbok og i og med at det er den spenninga som driv handlinga framover, blir det veldig rart å lese viss ein veit kven det er som er den skuldige. Mykje av moroa med slike bøker er jo å gjette seg til kven som har gjort det.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s