Fredagsflisespikkeriet

Dei siste to åra har eg jobba som norsklærar, og eg får ofte lyst til å “finne fram rødpennen”, når eg les tekstar på internett generelt. Derfor vil eg introdusere ei ny, fast fredagsspalte, kor eg kvar veke tar opp ein vanleg rettskrivingsfeil.

Velkommen til fredagsflisespikkeriet mitt!

20120921-074125.jpg Bruk av mellomrom

Mange som skriv tekstar på nett, har eit uavklart forhald til når dei skal bruke mellomromtasten og når dei skal la vere. Dette fører til to typar feil, den eine er at mellomromtasten blir brukt for ofte, ein skriv mellom rom tasten istadenfor mellomromtasten, såkalla særskrivingsfeil. Dette vil eg komme tilbake til i ei seinare spalte.

Den andre feilbruken av mellomrom, som er fredagens tema, er knytta til teiknsetting. Eg har observert at mange sparer på mellomrom rundt setningar. Dette gjer at teksten blir tett. Mangel på luft i tekstar, er ei utfordring som gjer ein tekst vanskelegare å lese for folk som har lese- og skrivevansker. Når tekstbolkane blir for store og for kompakte, blir det vanskeleg å skilje ord frå kvarandre.

Hovedregelen er: Det skal alltid vere mellomrom, etter teiknsetting (som komma, punktum, utropsteikn etc.).
Unntaket er: Det som står i parentes og anførselsteikn, er ei avgrensa eining. Her skal mellomrommet vere før første teikn og etter siste teikn.

Istadenfor å skrive:
Eg har vore på tur i helga.Vi var heldige med veret(det regna bare litt på lørdagen)så det blei ein fin tur.Då vi skulle sette opp teltet,sa Gunnar:”Her er det sikkert mogleg å få fisk!”Og det var det!
Bør du skrive:
Eg har vore på tur i helga. Vi var heldige med veret (det regna bare litt på lørdagen) så det blei ein fin tur. Då vi skulle sette opp teltet, sa Gunnar: “Her er det sikkert mogleg å få fisk!” Og det var det!

Ved bruk av uttryksikon, skal ikonet stå etter punktum, komma, utropsteikn etc., med mellomrom framføre og bak, som eit vanleg ord. Då står det saman med den setningen det høyrer til, men ikkje i setningen.
Slik: Det var fint sagt! 🙂 Nå blei eg glad. ❤
Ikkje slik: Det var fint sagt :)! Nå blei eg glad <3.

Dersom du skal bruke tre prikkar for å markere at noko heng litt i lause lufta, skal det vere mellomrom etter dei tre prikkane:
Du skal ikkje skrive: Då ho sa det, tenkte eg mitt…eg blei lei meg.
Men: Då ho sa det, tenkte eg mitt… Eg blei lei meg.

Dersom du er nøye med riktig bruk av luft rundt setningane dine, får du ein lesarvennleg tekst, kor det er lett å sjå kva som høyrer saman.

20 comments

  1. Morsom spalte, særlig for de av oss som er litt over gjennomsnittlig glad i språk.

    Og jeg vet ikke om det betyr at jeg har usannsynlig dårlig humor, men jeg lo høyt for meg selv her jeg sitter alene da jeg leste:
    “Hovedregelen er:Det skal alltid vere mellomrom, etter teiknsetting”

    • Eg flirer godt her eg sitt og har retta det opp nå! Eg såg det sjølv, då eg gjekk inn for å godkjenne kommentaren din. Det er jo kjekt med observante lesarar og vi har nok ganske lik humor. (Eg rota litt fram og tilbake med formateringa for å finne ut om eg skulle utheve nokre ord eller ikkje, så det er nok der det mellomrommet glapp).

  2. Hurra! Jeg er ikke alene 🙂 Jeg er nemlig den plagsomme varianten som bare MÅ korrigere skriveleif. Jeg har kontaktet aviser, markedsføringsavdelinger og kjeftet på ledere. Typiske feil, dersom det blir mer enn kun et par i en tekst, tar hele fokuset mitt bort fra det jeg leser. Jeg er et irriterende petimeter (som selvfølgelig ikke går av veien for å skrive feil selv… ;o)
    En spalte som dette ønsker jeg velkommen! Det er godt å få repetert hva som er riktig! Dagens SMS- og chatte-samfunn, som irriterer en stakkars som meg ultragrønn, fjerner jo helt det gode språket vårt! Ungene mine rister på hodet av skrulla (meg), men jeg holder på mitt! Takk og lov for en viss kontroll av språket via automatiske korrekturprogram…
    Kjekt!

    • Eg skulder på at eg er yrkesskada eg. Men eg har aldri drive det til det nivået at eg har kontakta aviser og marknadsføringsavdelinger. Eg trur det er litt forskjell på ulike dialektområder, med tanke på i kor stor grad det sms- og chattespråk tar av. Men eg ser nokre regionar er det veldig ekstremt.

  3. Haha! Fantastisk spalte! Ein ting eg stadig ser er når folk gratulerer nokon med dagen slik: Gratulerer med dagen… Eller at dei takkar med desse prikkane: Takk… Da begynner eg å lure på om dei eigentleg ikkje har lyst til å gratulere, eller om dagen ikkje står til forventningane. Eg annan ting er denne trenden med at alt skal avsluttast med eit smilefjes. Eg har blitt skulda for å vere sur når eg ikkje har putta på eit smilefjes, og da synes eg det har gått for langt. Når vi først er inne på dette med skrivefeil, må eg minne om at eg eigentleg er bokmålsbrukar – så eg skal ikkje skulde på meg feilfri nynorsk. Smilefjes.

    • Ja, desse prikkane. Eg lurer på om folk ofte gløymer å tenke gjennom at dei signaliserer noko litt åpent og uavslutta. Eg ser ofte folk bruker dei istadenfor punktum og komma også. “Takk…” og “Gratulerer med dagen…” er jo klassikarar, som blir veldig underlege.

  4. Jeg gleder meg til flere innlegg fremover. Dette er interessant. Selv er jeg altfor slurvete og har mye å lære. Forøvrig synes jeg bruken av smilefjes er blitt altfor utbredt, jeg ser det på jobb også, det er ikke i alle settinger det høver seg med et smilefjes!

  5. Dette var et nyttig innlegg. Jeg vet at jeg synder mot dette med mellomrom, så det er en viktig påminnelse. Jeg var heller ikke klar over reglene for utrykksikon! Ser frem til flere slike innlegg.

  6. Herlig innlegg, Bjørg! Jeg liker pirk, spesielt pirk som kan lære meg noe. Jeg synder garantert på flere områder på min egen blogg, det er bare så synd at jeg er veldig blind for egne feil. Derfor vil jeg være evig takknemlig om noen av og til kom med en rødpenn for å lære meg en ting eller to.

    • Når det gjeld det å vere blind for eigne feil, kjenner eg meg veldig godt igjen (du ser kanskje av øvste kommentaren til Elisabeth at eg klarte gjere akkurat den feilen eg sjølv skriv om her, i dette innlegget). Det beste tipset mitt der, er å skrive ferdig innlegg, legge det bort og finne på noko anna (lage middag, vaske klede, lese ei bok…) og ta det fram igjen nokre timar seinare eller dagen etter, lese gjennom det på nytt og så publisere det. Eg finn i alle fall alltid skrivefeil hos meg sjølv, dersom eg har vore for snar med å trykke “send”, eller dersom eg ikkje har tatt pause.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s