For ei veke sidan skreiv eg litt om å velje bøker. Eg har nokre forfattarar eg stadig vender tilbake til, og eg skjønner utifrå kommentarane at eg ikkje er aleine om dette. Eg synest alltid det er vanskeleg, for ikkje å seie nær umogleg, å svare på spørsmålet om kva som er min favorittroman, slik Dipsolitteraten stilde det i helga. Men eg har nokre forfattarskap, som i større eller mindre grad definerer lesinga mi, presentert i vilkårleg rekkefølgje under.
Det ville vore interessant å utfordre deg som les dette til å lage ei tilsvarande liste. Kva for nokre forfattarskap vender du stadig tilbake til? Korleis oppdaga du denne forfattaren? Og korfor har du blitt så begeistra for akkurat dette forfattarskapet?
Haruki Murakami
Eg oppdaga Murakami gjennom The Wind-Up Bird Chronicle, for nokre år sidan, eg trur kanskje det kan ha vore i 2007. Eg gjekk rundt med denne mursteinen av ein roman i veska og nytta kvar anledning eg hadde til å finne fram boka. Eg var oppslukt av dette absurde universet, kor livet forandrer seg radikalt for hovudpersonen, den dagen katten hans blir borte. Han får erotiske telefonar og draumar blir verkelege. Han arver ein tom boks og får høyre groteske historier frå andre verdskrigen. Han utvikler eit underleg vennskap til ei nabojente og sett seg etterkvart i ein tørr brønn i vekesvis. Ingenting er slik det skal vere, i den vanlege verda. Hovudpersonen er framandgjort i sin eigen kvardag, ikkje på Obstfelder og dei andre modernistane sin “Jeg ser”-måte, kor det er det kvardagslege som blir framand, men på ein heilt ny måte. Kvardagen forandrer seg, hovudpersonen må oppdage samanhengar på nytt og han blir ståande som ein slags observatør til sin eigen kvardag. Dette var ei stor lesaroppleving for meg. Etter denne store lesaropplevinga, har eg lese Norwegian Woods, Kafka on the Shore, The Wild Sheep Chase, 1Q84 og Trekkoppfuglen ein gong til. Dette har utan unntak vore store lesaropplevinger. Kombinasjonen av dei kvardagslege problemene, den eksistensielle einsemda og jakta etter noko meir og det absurde og surrealistiske som skjer rundt hovudpersonane i desse bøkene, gjer at eg kan ikkje anna enn like Murakami.
Jon Fosse
Jon Fosse er ein stor favoritt hos meg, og Morgon og kveld er alltid med, når eg skal plukke ut dei beste bøkene eg har lese. Mitt første møte med Jon Fosse, var på vidaregåande, då vi høyrde Nokon kjem til å komme som høyrespel i ein dobbeltime norsk, fredagen før russetreffet i Kongeparken. Det var ei utålmodig stemning i klassen, men eg blei gripen av den sterke angsten i høyrespelet, frykta for kven som kom til å komme og det poetiske og gjentakande språket med dei mange pausane. Det tok fleire år, før eg var borti Fosse igjen, men seinare har eg lese mykje av dramatikken hans og fleire av romanane. Eg lar meg målbinde av språket til Fosse, den særeigne stilen, dei mange gjentakingane og ikkje minst tomromma i tekstane hans. Det er som om det som ikkje blir sagt, er like viktig som det som blir sagt. Eg trur ikkje det er nokon annan forfattar, som gong på gong lar meg drukne i språket, på same måte som Jon Fosse. Det er eit heilt unikt nærvær i språket hans. Nå har eg eit ferskt eksemplar av Olavs draumar liggande ved senga, klar til lesing, og eg ser fram til å begynne på boka.
Gunnar Ekelöf
Då eg begynte å studere nordisk litteratur på Blindern i 2004, skulle vi ha nokre studiepoeng med svensk og dansk litteratur. Eit av dikta i det svenske kompendiet var “Jag tror på den ensamma människan” av Gunnar Ekelöf. Eg var lite bevandra i den svenske lyrikkhistoria og hadde verken høyrd om mannen eller diktet før. Eg fekk ei kjensle av å ha oppdaga ei ukjend perle, på forelesinga. Etterkvart har eg skjønt at “Jag tror på den ensamma människan” er eit av dei mest kjende dikta til Ekelöf og at han er langt unna ein uoppdaga og ukjend forfattar. Linjene
Det som är boskap i andra är boskap också i dig.
Gå den undre och inre vägen:
Det som är botten i dig är botten också i andra.
gjorde inntrykk på meg. Og det er det same som grip meg hos Ekelöf, som hos Murakami. Han skriv om eksistensiell einsemd som noko allmenngyldig og fellesmenneskeleg. Seinare har dette vore eit forfattarskap eg stadig har vend tilbake til og jobba mykje med, eg slår ofte opp i dei seks binda med samla dikt og essay, og i 2010 leverte eg masteroppgåva mi i litteratur om diktsamlinga En Mölna-Elegi. Gjennom denne prosessen, las eg det meste av det Ekelöf har skrive. Likevel vender eg stadig tilbake til dikta hans. Eg trur aldri eg kjem til å bli ferdig med å lese Ekelöf si diktning.
Jeg er enig i at det kan være vanskelig å sette ord på hvorfor en forfatter er en favoritt. Jeg har totalt 5 stk som står langt over alle andre, for meg; Stephen King, Neil Gaiman, Charles Dickens, J.R.R. Tolkien og Douglas Adams. Grunnen til at de er favorittforfattere er vel at hver gang jeg plukker opp en bok av dem er det som å komme hjem 🙂 Derfor leser jeg også det de har utgitt.
Men det er klart det er mange andre som også er favoritter. Men der veksler det og forandrer det seg etter humør, når på året det er, siste bok osv.
Neil Gaiman har eg bare lese ei bok av. Men eg har Neverwhere på nattbordet, klar til lesing.
Jeg greier liksom aldri komme med noe navn når noen spør meg om favoritter. Hverken forfatternavn eller boktitler. Kanskje betyr det at jeg ikke er så glad i å rangere, kanskje betyr det bare at jeg har dårlig hukommelse og glemmer så fort jeg har lest ferdig. Nå begynte jeg å tenke på det igjen, kanskje blir det et innlegg på min egen blogg ut av det.
Jon Fosse må jeg snart se og få lest. Har noen av bøkene hans i bokhylla tror jeg, ihvertfall Andvake, men tror jeg har ei eller to til. Ekelöf har jeg heller ikke lest.
Murakami derimot… Jeg kjøpte en bunke av bøkene hans på salg fordi jeg hadde lest så mange bloggere være entusiastiske. Så leste jeg Trekkoppfuglen og led meg gjennom hele. Jeg liker ofte litt surrealistiske ting, men i den boka bare irriterte det meg. Nå står resten av Murakami bøkene der like uleste som da jeg kjøpte dem, og det frister ikke å begynne på noen av dem.
Eg trur Murakami er litt sånn enten-eller. Eg har i alle fall aldri møtt nokon som synest han er “grei nok”. Norwegian Woods er litt mindre absurd enn dei andre.
Jeg må bare si “De elendige” av Victor Hugo. Det er alltid den første som faller meg inn. Og da snakker jeg ikke om musikalen! 🙂
Den er veldig fin. Eg skulle kose meg med ho, på lydbok i sommar, og trur du ikkje det var ei forkorta utgåve!? Heile historia om Éponine og Marius var jo borte vekk…
Interessant utfordring, men jeg må nok ha litt tid og helgen går med til Oslotur med bloggertreff,så det får bli i neste uke…
Ta den tida du treng. 😉